Samhandling og tydelege prioriteringar gir meir pengar

Ei tydeleg prioritering frå oss i fylket vil gjer det lettare for politikarane å dele ut midlar, skal vi tru samferdselsministeren.

– Både veg, luftfart og skipsfart er viktig for Sogn og Fjordane. Her må ein velge kor pengane skal brukast, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) då han besøkte Førde 1. juni.

God og fungerande infrastruktur er nokre av dei viktigaste føresetnadane for å skape vekst og framstå attraktive for tilflyttarar og samarbeidspartnarar. Infrastruktur- og samferdselssaker har Sogn og Fjordane Næringsråd prioritert høgt og jobba aktivt med siste året. Det har gitt gode resultat. Då er det flott at Samferdselministaren takka ja til invitasjonen om å delta på vår utvida generalforsamling.

Rundt 30 personar tok turen for å høyre han snakke om infrastrukturen i fylket.
–  God infrastruktur er viktig for næringsutviklinga, og utbygging av vegar er alfa omega. Det er viktig for ein god arbeidsregion, og for at det skal vere attraktivt å flytte hit, seier Solvik-Olsen.

Veg engasjerar
Utbygging av veg var blant temaene som engasjerte mest, og fleire av dei oppmøtte fekk komme med sine ønskjer om kva som burde prioriterast. Ein av dei var Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal kommune. Han tok opp strekninga Naustdal – Førde, som han skildra som eit skrekkeksempel med tanke på trafikkulykker og skredfare.
–  
Dette er ein veg som knyt saman viktige næringskommunar, og folk køyrer med hjarte i halsen. Dei er rett og slett redde for å køyre den strekninga, seier Myrvang.

Solvik- Olsen kommenterte at han har køyrt vegen og sett fjella, og at han forstår ønsket.
– Vestlandet får mest pengar til utbetring av veg, men dessverre er behovet så enormt mykje større, seier han.

Breiband er viktig

Eit anna sentralt tema var utbygging av breiband i fylket.
Breibandsutvikling er enormt viktig, og det er den rimelegaste infrastrukturen ein kan bygge, seier Nandor Heggheim i Enivest.

Solvik-Olsen er einig i at god dekning er viktig, og viser til at den statlege støtta for utbygging av fiber i Sogn og Fjordane har auka med 276 prosent dei fire siste åra. –  Når ein ser på utviklinga er det ingen grunn til å føle at ein er gløymd, seier han.

Ferjefri E39

Erling Sande i Sunnfjord Energi trekk også fram breibandskapasiteten i fylket som ein viktig faktor for næringslivet.  

–  Hald trøkket oppe og fyll på, er oppmodinga til ministaren.

I tillegg legg Sande vekt på viktigheit av ferjefrie vegar.

– Næringslivet og pendlarar har fjordar og havstykke som barriere, og ein treng forutsigbarheit i form av ei bru. Betalingsvilja for denne type prosjekt vil også vere større, fordi ein er vande med å betale for ferja i utgangspunktet.

Samferdselsministaren er einig i at dei fleste vil føretrekke bru framfor ferje.

–  Dei aller fleste vil ha fleksibiliteten ei ferje vil gje. Dette vil då bli fagleg diskusjon mellom politikarane, sidan vi i FrP vil få ned bompengekostandane. Poenget med at dei reisande allereie er vande med å betale, gjer at dette likevel er noko ein kan stille seg bak.

Fylket må bli einige

Statsråden noterte flittig dei mange innspela som kom på viktige infrastruktursaker. Samtidig  legg Solvik-Olsen føringane over på politikarane og næringslivet i Sogn og Fjordane. Han oppmodar om at ein oftare bør bli einige internt i fylket om kva saker som skal prioriterast og ha færre omkampar.

–  Om vi får klare signal på kva som er viktigast for fylket, er det lettare å prioritere desse prosjekta. Då brukar vi mindre ressursbruk på utredning som resulterer i at ein held kostnadane nede, avsluttar han.

Dette underbygger den viktige rolla Sogn og Fjordane Næringsråd har som eit felles talerøyr for næringslivet. Og det å løfte fram dei sakene som medlemsbedriftene våre meiner er strategisk viktige.

 

Vil premiere Widerøe for fulle fly

Reiselivsdirektør vil ha kampanjeprisar på avgangar med lite folk.

– Når ein kan fly frå Bergen til New York for 4000 kroner tur/retur, er det skremmande at ein må ut med like mykje for å fly frå Bergen til Sogndal, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Han fortel at høg pris er den klart største utfordringa for å få turistane til å ta meir fly.

– Ei løysing kan vere at Widerøe blir premiert for å fylle opp flya. Då kan dei krydre dei minst populære avgangane med billegbillettar, seier Brandshaug.

Saman om høyringsuttale
I slutten av april inviterte Sogn og Fjordane Næringsråd flyplassjefar, ordførarar og næringsorganisasjonar til eit møte om flyrutetilbodet i fylket. Det blei grunnlag for ein felles høyringsuttale inn mot den kommande anbodsrunda.

– Vi kom fram til elleve avgjerande punkt som flyplassane i fylket kan stille seg bak. Flyprisane var sjølvsagt ein del av dette, men også krav om fleire direkteruter, nattstasjonerte fly og flyruter med avgangar betre tilpassa næringslivet. Det er viktig at vi står saman i dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Leon Bakkebø.

Store vekstmulegheiter
Sogn er det største reisemålet i tal besøkande utanom Bergen, Oslo og Trondheim. Dei har fleire enn 700.000 gjestedøgn i året, og meir enn 500.000 dagsbesøkande. Brandshaug meiner at vekstmulegheitene for flyplassane i fylket er store innan turistnæringa, med spesielt sterke turistdestinasjonar i Nordfjord og Sogn.

– Fly som reiseform vil auke i Sogn og Fjordane etter kvart som turismen veks og turistane vil raskare fram, meiner reiselivsdirektøren.

Vestlandet har samla sett hatt ein vekst internasjonale tilreisande på heile 5-6 prosent sidan 2013. Dei to siste åra har Sogn hatt ein vekst turistar frå utlandet på heile 12-15 prosent. I tillegg blir det satsa på nordmenn som reiser i eige land, og kurs- og konferansemarknaden, som det vert satsa tungt på av fleire av hotella i fylket.

Veksten på tal tilreisande kjem til å halde fram, og då vert flytilbodet viktig, seier han.

Heilårsturisme
Sogn og Fjordane har noko av det fremste ein vil tilby som heilårsprodukt. Transport i vinterhalvåret er begrensa og til tider krevjande på fjorden og på vegane. Fly vil derfor vere ein viktig måte å få turistane frå Oslo og Bergen fram til reisemålet.

– Ein stor del av tilreisande kjem med fly inn til Gardemoen og Flesland, og reiser vidare med leigebil eller kollektivtrafikk. Fleire av desse gjestane, saman med gruppemarknaden frå turoperatørar, har potensiale til å bruke til eller frå dei lokale flyplassane i fylket vårt, avsluttar reiselivsdirektøren.

Avhengige av flytilbodet
Også næringslivet får kjenne på dei høge flyprisane. Selskapet Enoro i Dale gjennomførte 510 flyreiser mellom Førde lufthamn og Oslo lufthamn i 2017, og forventar auke i år.

Det merkast på økonomien.

– Det er veldig dyrt. Vi pleier å spøke med at det hadde vore billigare å kjøpe eit eige fly, seier salsdirektør, Vegard Skår.

Enoro har kundar i heile landet, samt i Danmark og Finland. I tillegg har dei kontor i Trondheim, Hamar og Lillehammer. Det krev mykje reising for selskapet. Tidlegare har selskapet nytta direkteruta mellom Førde og Bergen lite, men med betre forbindelsar mellom Bergen – Finland, og Bergen – Danmark, ser ein ei potensiell auke i bruk av dette tilbodet.

– Flytilbodet på Bringeland har alt å seie for oss. Det er heilt essensielt for at vi i det heile teke kan eksistere her, seier Skår.

Vesentleg for næringslivet

Bakkebø meiner flyrutetilbodet er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransekraftig og attraktivt for rekruttering og strategiske samarbeidspartarar.

– Dagens rutetilbod gir mange lokale næringsaktørar ei klar konkurranseulempe. Eit godt fungerande flytilbod er vesentlig for å få til ei positiv nærings- og samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. Difor er det positivt og kritisk at vi no klarar å stå samla om denne saka, avsluttar Leon Bakkebø.

Skyhøg nettleige i fylket vårt

Dagens nettleigemodell påfører vårt næringsliv og hushaldningar 10-talls millionar i ekstrakostnader.

Det er store skilnader i nettleige blant norske nettkundar, i disfavør av vanlege bedrifter og hushaldningar i Sogn og Fjordane. Dette er våre medlemmar opptatt av.  Relativt enkle og absolutt realistiske ordningar kan jamne ut nettleiga dersom det er politisk vilje til dette.

40 prosent høgare enn snittet
Nettleiga i Sogn og Fjordane er nesten 40 prosent høgare enn landgjennomsnittet. For mange bedrifter og hushaldningar i Sogn og Fjordane utgjer dette vesentlege meirkostnader. For ein hushaldning utgjer forskjellen mellom gjennomsnitt nettleige-tariff i Sogn og Fjordane vs snitt i Noreg eit beløp på ca kr. 3.300/år (basert på eit forbruk på 20′ kWh/år). Med 40 – 45.000 hushaldningar i fylket vårt utgjer dette kr 120-150 mill per år i ekstra nettleige-kostnader.

Store økonomiske konsekvensar
Reknestykket for vanlege bedrifter er meir samansett og komplisert å rekne ut grunna av større tariff-forskjellar. Men tilsvarande forskjellar er også gjeldane her.  Konkrete eksempel frå reiseliv og industri viser dette, og forskjellane utgjer fleire 100-tusen kroner for mange enkeltbedrifter. Dette representerer samla tapte millionoverskot for bedriftene våre. Overskot som kunne vore investert i utvikling og nye arbeidsplassar.  Samtidig som det er sterkt konkurransevridande i forhold til konkurrentar i lavprisområde, blant anna på austlandet. Den kraftkrevjande industrien har eigne tariffordningar som må vidareførast slik at dei opprettheld si konkurransekraft.

Feil fylke får rekninga
Vi står framfor ei betydeleg utbygging av nettet vårt dei komande åra for å møte distribusjonsbehova som elektrifiseringa og nye energiformer medfører. Vi ønskjer denne grøne satsinga velkommen. Men med dagens nettmodell vil storsamfunnet sende ein vesentleg del av denne utbyggingskostnaden til dei som treng den nye energien minst. Det vil seie bedrifter og hushaldningar i overskotsområde som Sogn og Fjordane. Det finn vi urimeleg.

På tide med ny modell
Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer ei politisk beslutning på ny nettleigemodell. Samtidig er vi klare på at det må også skje strukturendringar i denne sektoren. Det er vår oppfatning at strukturendringar må vere motivert ut frå størst mogleg synergiar i drift og utvikling av nettet, ikkje ut frå i kva konstellasjon som jamnar ut nettleiga mest. Ei utjamning av nettleiga kan og må skje samstundes som ein opprettheld og aukar krava til effektiv drift i nettselskapa. Det handlar om politisk vilje og handlekraft.

Sogn og Fjordane Næringsråd og våre medlemmar er trygge på at våre stortingsrepresentantar vil mobilisere godt i sine parti for å få politiske vedtak som gir bærekraftige gode ordningar og reduserte kostnader for bedrifter og hushaldningar i vår region.

Ønskte 60 sommarjobbar – fekk inn over 400!

Næringslivet i Sogn og Fjordane gjekk saman om å lyse ut sommarjobbar. Det gav knallresultat.

– Vi hadde eit mål om å kunne lyse ut 60 sommarjobbar. Dei siste månadene har ein kunne søkje på over 400 stillingar innan helse, ingeniørfag, IT, juss og ei rekkje andre fagområde i Sogn og Fjordane, fortel Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Vinn-vinn
Sommarjobbprosjektet RekrutterING handlar om å tilby studentar relevante sommarjobbar og samtidig sikre næringslivet i fylket langsiktig rekruttering. Prosjektet er initiert av Høgskulen på Vestlandet, og bak samarbeidet står ei rekkje bedrifter i fylket, IT-forum, Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket.

– Mange ferdigutdanna studentar manglar relevante referansar og arbeidserfaring når dei skal søke jobb. Samtidig er det utfordrande for næringslivet å få tak i riktig kompetanse, seier Leon Bakkebø, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Både NAV og NHO har dei siste vekene peikt på at mangel på arbeidskraft vil bli ei stor utfordring for fylket i åra som kjem. Bakkebø understrekar viktigheita av å vinne kampen om dei beste hovuda, sikre tilflytting til fylket, samstundes som ein gjerne held på eigen ungdom.

– Sommarjobbar sikrar studentane våre nyttig arbeidserfaring og viktige nettverk, og det ein ypparleg måte for næringslivet å knyte relasjonar med tilsette dei vil trenge i framtida. Ein klar vinn-vinn- situasjon, seier Bakkebø.

God respons
Enivest er ei av bedriftene som har delteke i prosjektet, og har sju ledige sommarjobbar i år. Dei har merka god respons på sine stillingar.
– Vi har motteke fleire søknader enn tidlegare år, så eg er ikkje i tvil at ei felles satsing på relevante sommarjobbar er vegen å gå. Eg har store forventningar til korleis satsinga vil utvikle seg neste år, når prosjektet vert betre kjent blant studentane, fortel Christiane Ulriksen, marknadssjef i Enivest.

Ulriksen fortel at Enivest har fleire tilsette, der sommarjobben har vore inngangen til ei fast stilling.
– Mange studentar er flinke å jobbe, men det er altfor få som sikrar seg erfaring innan sitt fagfelt medan dei studerer. Som arbeidsgjevar er det fint å sjå ein raud tråd i utdanning og arbeidserfaring. Mi erfaring er at studentar med relevant jobberfaring får tidlegare fast jobb, fordi dei raskare kan levere resultat, seier Ulriksen.

Sommarjobbane har blitt lyst ut via Framtidsfylket sin portal, og samtlege studentar på Høgskulen på Vestlandet har fått personleg e-post om sommarjobbfylket Sogn og Fjordane.
– Framtidsfylket kan no smykke seg både med tittelen Norges største regionale traineeprogram og sommarjobbportal.

Student- og kompetanserekruttering – ei felles mobilisering

Å sikre relevant kompetanse vil bli ein krevjande og ein av dei viktigaste kampane framover for bedriftene våre. Det er kritisk for vidare utvikling av næringslivet i vår region at vi kan rekruttere relevant høgare kompetanse. Vi må vinne kampen om talenta. Dette gjer vi enklast med utgangspunkt i vårt nærmiljø.

Korleis kan vi som bedrifter vere med å gjere Sogn og Fjordane attraktivt som studiestad? Og seinare som karrierestad?
Dette er ei oppmoding til næringslivet om å bidra med konkrete og samordna tiltak inn i ein felles mobilseringskamp for student- og kompetanserekruttering i regionen vår. Dette er investering for framtida vår.

Gjennom godt samarbeid på tvers i fylket har vi dei siste åra fått tilrettelagt gode og relevante studium for næringslivet. Og all statistikk viser at majoriteten av dei som tar høgare utdanning i fylket blir verande i fylket når dei går ut i arbeidslivet. Dette gjeld enten du er frå fylket eller flyttar til som student.

Difor er eit nært og godt samarbeid mellom næringsliv og høgskulemiljøa våre særdeles viktig for å lukkast i kompetanserekrutteringa framover. Skal vi vinne denne kampen om studentane og talenta, må vi synleggjere attraktiviteten i både studia og karrieremulegheitene.

Ingeniørstudia i Sogn og Fjordane
Det siste utdanningstilbodet er ei nyoppretta IT-utdanning frå haustsemesteret 2018. Eit studium som næringslivet og IT-forum Sogn og Fjordane har vore sterk pådrivar for. Denne utdanninga er høgst relevant på tvers av bransjar og sektorar. I tillegg har vi fått ei ny utvida utdanning innan havteknologi. Trykk her for å sjå ingeniørutdanningane i fylket. 

Korleis kan vi klare å gjere ingeniørstudiane i Sogn og Fjordane meir attraktive enn tilsvarande studie andre stadar? Vi må finne vår «twist» og utgjere ein positiv forskjell i kampen om dei beste talenta.

Kva er våre trumfkort?
Vi må på tilbydarsida, vise jobb- og karrieremulegheitene, vise at vi har et aktivt og fagleg sterkt næringsliv. Eit næringsliv som støtter studentar som vel å studere nettopp her. Ei god samhandling mellom student og næringsliv kan vere vårt viktigaste trumfkort. I kraft av våre tette og gode nettverk kan ingen klare dette betre enn næringslivet her i fylket.

Heilt konkret så ønskjer Sogn og Fjordane Næringsråd at bedriftene legg til rette for og forpliktar seg til ein eller fleire av følgjande tiltak:

  • relevante sommarjobbar, ekstrajobbar og prosjektarbeid under studietida.
  • tilgong til gode bachelor- og prosjektoppgåver.
  • tilby studentane å delta i relevante nettverksamlingar.
  • andre attraktive tiltak som de meiner vil treffe målgruppene dykkar. 
Alt dette vil vere med å auke relevansen og attraktiviteten for studia, knytte studentane til næringslivet i fylket og gje næringslivet mulegheit å sikre seg gode kandidatar før dei er ferdige med studia. La oss skape nasjonal merksemd for å sikre mange gode søkarar til IT-studiet spesielt og ingeniørstudiane generelt.

Tilbakemelding
Bedriftene kan melde inn aktuelle sommar- og ekstrajobbar på Framtidsfylket si heimeside framtidsfylket.no. Fleire bedrifter har allereie sagt seg villige til å prioritere søknader frå studentar med opptak i Sogn og Fjordane, når det gjeld sommar- og ekstrajobbar.

Bachelor- og prosjektoppgåver, aktuelle nettverkssamlingar og andre gode tiltak, kan de melde direkte inn til Øyvind Østrem ved høgskulen, på denne adressa: oyo@hvl.no

Omfanget av både sommar- og ekstrajobbar, og andre tiltak, må vi kartlagt så raskt som mulig. Det er i dei komande vekene og månadane at studentane tek vala sine. Då må vi vere klare med våre tiltak slik at vi får presentert dei ovanfor studentane før dei gjer sine søknad- og studieval. Derfor ønskjer vi dykkar tilbakemelding på dette snarast og aller helst innan 25. januar 2018.

 

Med venleg helsing

Sogn og Fjordane Næringsråd og RekrutterING Sogn og Fjordane

Visste du at…?

Sogn og Fjordane er landets best bevarte skattekiste. På tide å synleggjere innhaldet?

Visste du at Brødrene Aa i Hyen er verdsleiande på hurtigbåter i karbonfiber, at Highsoft i Vik har 82 av verdas største selskap på kundelista, at halvparten av alle moreller i Norge kjem frå Lærdal, at Strukturplast produserer den sterkaste plasten som finst eller at radiostasjonar i ti land brukar DAB-teknologien til Paneda i Selje?

For det må heile verda få vite. Og nøkkelen ligg hos meg og deg.

Sogn og Fjordane sit i dag på løysinga til ei rekkje av dei globale utfordringane vi står ovanfor. Verdsomspennande vekstbransjar som havrom, fornybar energi, reiseliv og berekraftig matproduksjon er alle bransjar der vi er representert med framtredande, og til tider verdsleiande, bedrifter. Når vi i tillegg har dei beste skulane, den lågaste arbeidsløysa, minst kriminalitet, og det villaste friluftlivet i landet sit vi på ei skattekiste som få andre kan konkurrere med.

Den teknologiske utviklinga har aldri gått så fort som no, men vil heller aldri gå så langsomt som no. Det er i dag betre å vere liten og rask, enn stor og sein. Slik er pulsen i dagens næringsliv, og det er difor ein styrke å vere bedriftsleiar i eit fylke der tette nettverk fører til generøs kunnskapsdeling og raske beslutningar. Vårt fortrinn er at vi er små, handlekraftige og har kjapp gjennomføringsevne.

For samarbeid gjev resultat. Dei siste tre åra har Framtidsfylket fått inn over 1000 søknader til dei tverrfaglege traineestillingane vi lyser ut. 75 prosent av søkjarane kjem utanfrå Sogn og Fjordane, og samtlege sit på enten bachelor eller mastergrad. Dette er eit tydeleg signal om at det er mange som kan tenkje seg å flytte til fylket – så lenge dei får relevante og interessante jobbar der dei kan bruke kunnskapen sin. Dette må vi vidareutvikle, slik at enno fleire får ein smakebit.

Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket vil saman med næringslivet i Sogn og Fjordane i tida framover jobbe for å vise fram merkevara Sogn og Fjordane. Målet er ikkje å skape eit glorifisert glansbilete av fylket, men å fortelle omverda om dei faktiske kvalitetane som finst nettopp her. Gapet mellom opplevd og kommunisert verdi må tettast, og ein avgjerande suksessfaktor vil vere at heile Sogn og Fjordane jobbar saman for å oppnå dette.

Tenk tanken.

Kan Sogn og Fjordane bli kjend for karriere, teknologi og innovativt næringsliv? For dei naturgjevne ressursane  våre som resten av verda vil trakte etter i framtida? Kan vi gravleggje gamle stereotypiar, og ta vår posisjon som ein framtidsretta og berekraftig region? Kan Sogn og Fjordane bli synonymt med eit mekka for gründerskap og gode idear, der den digitale infrastrukturen opnar for uendelege mulegheiter?

No skal vi saman skape ei nytt, offensivt og positivt omdømme. Ei merkevare som viser kvalitetane og mulegheitene i Sogn og Fjordane.

Tenk om alle visste at Lefdal Mine er det største og grønaste datalagringsselskap i Europa, at Brødrene Dahl i Dale er verdsleiande på prosjektering av småkraft, at 24 av 30 nye batteri- og hybridferjer har design frå Multi Maritime i Førde, at PGS valde Florø som ny base mot verda i konkurranse med 35 havner, og at alle iphonar i verda har silisium frå Elkem i Svelgen.

Tenk tanken. Spre den. Det er du og eg som bygger merkevare.

 

Av Gro Rukan, Framtidsfylket og Leon Bakkebø, Sogn og Fjordane Næringsråd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fylket får millionar til teknologi

Høgskulen på Vestlandet får saman med Vestlandsforskning nærare 30 millionar kroner til prosjektet ”Teknoløft”.

– Dette er viktig for fylket! Desse midlane gjer at ein får relevant forsking og utdanning nært knytt opp til lokalt næringsliv og tilpassa vår næringsstruktur, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Leon Bakkebø.  

Prosjektet handlar om digitalisering, automatisering, robotikk og BigData. Det vil gå over seks år, og vil først og fremst bygge kompetanse ved HVL og VF. Det vil bli fleire med doktorgrad, fleire professorar og seniorforskarar innan teknologifeltet, skriv høgskulen i ei pressemelding.

Gjennom prosjektet skal forskarar jobbe tett med næringslivet i fylket for å spreie kunnskap, ta imot innspel og utvikle konkrete prosjekt i fellesskap.

– Ei sterkare og meir forpliktande samhandling mellom næringsliv og forskningsmiljø på så aktuelle tema, vil skape win-win-situasjonar for alle involverte partar, seier Bakkebø.


Viktig for utdanning

Midlane er viktige for å styrke it-studiene her i fylket, som igjen er viktig for framtidig rekruttering innan desse kompetanseområda, påpeiker han.

– Vi må kunne trekke forsking og utdanning opp mot næringslivet slik at det blir endå meir attraktivt å arbeide og bu i Sogn og Fjordane. Klarar vi å knytte utdanning nærare næringslivet, har vi kome ein lang veg. Desse midlane er viktige bidrag til dette.

Pengestøtte frå fleire

Prosjektet har fått støtte frå fleire aktørar i fylket. Blant anna støttar Fylkeskommunen med seks millionar kroner og Sparebanken Sogn og Fjordane er inne med to millionar. Dei to forskingsinstitusjonane bidreg sjølv med midlar, og næringslivet har gitt støtte.

– Det har vore avgjerande for tildelinga av midlane at næringslivet har vore så sterkt delaktig og engasjert med å støtte opp under prosjektet. Grunnleggande forståing for utvikling og bruk av ny teknologi, og kunnskap om korleis ein skal bruke den på best mogleg måte, vil gagne alle i fylket etterkvart. Alle bransjar vil bli eksponert for digitalisering og automasjon. At vi får vidareutvikle denne spisskompetansen i samarbeid med næringslivet, vil gje oss framtidige konkurransefortrinn.

Blir evaluert

Etter tre år skal prosjektet evaluerast. Ein må då kunne vise til konkrete resultat for å få utbetalt midlane for dei tre resterande åra. Prosjektet har eit budsjett på nærare 45 millionar kroner. Pengane vert fordelt på ulike tiltak som skal heve kompetansen for IT- forskning og utdanning i Sogn og Fjordane.

– Vi har tidlegare vist at vi kan skape nye framtredande teknologiske bedrifter. Blant anna er HighSoft, Tibber, Videonor, Melin Medical verdt å nemne. I tillegg er desse midlane viktig for eksisterande bedrifter. Skal desse forbli konkurransedyktige framover så må dei ta i bruk ny teknologi, blant anna innan digitalisering og robotisering.

Alt blir digitalisert

Det prioriterte temaet digitalisering og automatisering med robotisering og analysar av store datasett (Big Data) er viktige områder der verksemdene i Sogn og Fjordane har behov for påfyll av ny kompetanse. Dei utvalde temaene i Teknoløftet vil bli endå viktigare i tida som kjem.

– Tilgang på auka kompetanse og auka FoU-kapasitet i regionen på desse områda er viktig for vår verdiskaping og evne til innovasjon. Digitaliseringa slår inn i alt. Alt frå råvareproduksjon, produksjonsprosessar og marknadskommunikasjon.

Dette teknoløftet vil gje næringslivet i Sogn og Fjordane nye mulegheiter.

 

KRAFT TIL NYSKAPING

Energibransjen i Sogn og Fjordane er blant dei sterkaste i landet med mange aktørar. Skal vi tenke nytt før det er for seint?

SJÅ FØRE DEG følgjande scenario. Google leverer straum til dei fleste husstandane i Sogn og Fjordane. Selskapet har ingen kraftverk her, ingen tilsette her og betaler ikkje skatt her. Grunnen til dominansen er at Google har utvikla smarte digitale løysingar som sikrar kraftselskapa høgre inntekter, forbrukarane lågare straumrekningar samtidig som straumen blir distribuert både sikrare og meir effektivt.

I dag verkar dette urealistisk, men bransjen blir utfordra og inntrengarane bankar på. For 10 år sidan ville ingen trudd at sosiale media som Google og Facebook årleg skulle ta tre milliardar kroner i reklameinntekter frå tradisjonelle media som VG og TV 2. I dag er det ein realitet og resultatet er mellom anna rundt 1000 færre journalistar i Norge og ein bransje som må nedskalere.

DETTE HANDLAR OM den digitale revolusjonen som no slår inn i alle bransjar og sektorar. Smarte it-løysingar mellom produsent og forbrukar, mellom leverandør og mottakar har fjerna mange mellomledd og gjort innovative it-selskap til den store vinnaren. Eit av dei beste døma er it-portalen Airbnb som koplar den som har eit ledig rom med den som gjerne vil leige. Dei tradisjonelle aktørane og verdikjedane blir utfordra og nye forretningsmodellar blir skapt.

Slike digitale grep blir også tatt i Sogn og Fjordane. I energibransjen har vi fått sterke aktørar som til dømes Enoro i Dale og Tibber i Førde. Desse verksemdene har utvikla innovative løysingar og tenester som utfordrar det etablerte og skapar nye behov. Dei siste åra har Enoro hatt betre resultat enn kraftprodusenten Sunnfjord Energi, som sjølv skaper råvara straum og står for linjenettet i regionen. Tibber har på kort tid fått 20.000 kundar, solide investorar og har stadig nye applikasjonar og løysingar under utvikling.

DET SPESIELT GLEDELEGE med Enoro og Tibber er at dei viser oss at det er fullt mogleg, både for enkeltmenneske og små aktørar, å gå nye vegar og sikre seg digitale posisjonar i energibransjen. Selskapet Melin Medical på Sandane har gjort det same i helsesektoren, ved å utvikle digitale betalingsløysingar. Vårt poeng er at vi må gå vidare på denne innovative og disruptive vegen. Vi må gå fortare og samhandle smartare for å lukkast!

Eit døme på denne nytenkinga ser vi i Bergen, både i media og finanssektoren. For litt sidan skipa 20 finansverksemder i byen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF),  Norges Handelshøgskole og Universitetet i Bergen selskapet Finance Innovation. Formålet er å utvikle teknologi for finansbransjen og skape nye digitale produkt og løysingar for ein global finansmarknad.

ENERGIBRANSJEN er truleg den sterkaste bransjen vi har i Sogn og Fjordane. Vi tenkjer på Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft, Sunnfjord Energi, mindre energiselskap og 110 småkraftverk. Vi tenkjer på Enoro, Tibber, Br Dahl, Pekom og nyskipa Elcap Invest i Dale. Vi kan også ta med nær tilknytta selskap som Enivest, Sognenett, Lefdal Mine Datasenter, Hydrowave og Vestavind Kraft. Vi har også sterke aktørar innanfor elektrifisering som Fjord1, Brødrene Aa og Maritime Montering. Og mange andre kompetansemiljø. Vi har rett og slett ei lita klynge av nasjonalt og internasjonalt leiande produsentar og leverandørar, og er i tillegg det nest største kraftproduserande fylket i landet. Vårt ønskje og håp er at desse selskapa gjer som SSF og dei 20 finansselskapa i Bergen. At dei går saman om eit nytt og uavhengig utviklingsselskap for utvikling av digitale løysingar og tenester for energibransjen. I eit slikt innovativt miljø høyrer også Høgskulen på Vestlandet og det sterke IT-miljøet på Vestlandsforsking heime.

Dei nye arbeidsplassane i energibransjen i framtida vil først og fremst vere i utvikling av smarte, digitale energiløysingar for kundane. Dei posisjonane og jobbane må vi sikre oss, slik at vi kan møte konkurransen frå nye og store aktørar som kjem i marknaden.

SKAL VI LUKKAST her må nokon ta initiativ og eige prosessane. Slike innovative miljø må skapast på nøytral grunn og utanfor dei tradisjonelle energiselskapa våre. Tenk om dette kunne vore eit konkret prosjekt og utfall av fusjons- og samarbeidsprosessen mellom Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi. Tenk om denne viktige fusjonen ikkje berre vert eit sterkare tradisjonelt energiselskap, men også opptakten til innovative utviklingsselskap som kan være med å konkurrere om dei framtidige mulegheitene og arbeidsplassane i denne bransjen? Då kan vi kanskje realisere draumen om å skape eit nytt Enoro, eit nytt Tibber, eit nytt Br Dahl, osv kvart år framover. Hadde det ikkje vore flott om energisektoren nettopp her mellom fjella og fjordane hadde eit av dei fremste kompetansemiljøa i både landet og Norden.

 

Av LEON BAKKEBØ
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

Konstruktivt i hovudstaden

Eit godt samarbeid med NHO Vestlandet og lydhøre, konstruktive og offensive stortingsrepresententantar, skapte engasjement og gode diskusjonar på Stortinget.

Sogn og Fjordane Næringsråd hadde mange saker og tema på dagsordenen då vi møtte stortingsbenken vår tysdag denne veka.

Skattar og nettleige

Kraftselskapa våre ønskjer å investere i nye utbyggingar. Då må vi ha ei skattelegging som ikkje hindrar investeringar. Desse investeringane er også viktig for eit stort mangfald av kompetente underleverandørar i fylket.

Vi har nemnd tidlegare at nettleiga må utjamnast for å redusere kostnader for næringsliv og privatkundar, samtidig som kraftkrevjande industri blir godt ivaretatt.

Maskinskatt og MVA-auke for reiseliv vart også grundig presentert og diskutert. For maskinskatten kan det sjå ut som om det ikkje er fleirtall for utfasing av denne no, utan at det blir tenkt kompensasjonsordningar for kommunane.

Samferdsle

God breiband dekning er nøkkelen til næringsutvikling og busetting. Difor må det løyvast vesentleg meir pengar til breibandutbygging enn både 2017-nivå og det som ligg i budsjettforslaget for 2018. Det må satsast offensivt. Dette var stortingsbenken lydhøyr for, og einig i..

Ei raskare utbygging og utbetring av gjennomfartvegane våre er viktig for å oppretthalde eit konkurransedyktig næringsliv. Det må løyvast pengar i samsvar NTP. Og det er viktig at anbudsvilkåra i byggeprosjekta blir slik at våre regionale leverandørbedrifter kan delta i anbuda.

Ei tydeleg og  generell oppfordring frå stortingsbenken på samferdsleprosjekta i fylket er at vi må klare å framstå meir samstemte og samhandlande på prioriterte prosjekt. Det er då vi kan bli høyrt og få gjennomslag sentralt. Her har vi ein jobb å gjere.

Utdanning

Satsing og godt tilrettelagt utdanning er viktig for bedriftene. Sogn og Fjordane Næringsråd tok opp behovet for stabile løyvingar til høgskule linjene våre. Behovet for endå betre tilrettelegging og satsing for yrkesfaggruppene var også diskutert.  Så er det viktig at Stortinget opprettheld bortebuarstipendet og at ordningane for lån-og studentbustadar skal bli betre.

Fleire saker

Muligheitsrommet og satsinga vi ønskjer å gjere på nye fornybare energiformer i fylket, som til dømes bølgjekraft, hydrogen og elektrifisering vart godt presentert og diskutert. Dette ser dei, og besøket til statsministeren understreka fokuset dette har.

Småskala-landbruket vårt treng forutsigbarheit for å investere. Det er ei stor primærnæring og særdeles viktig for tilhøyrande sekundærnæringar i fylket.

 

Vi takkar medlemmane våre for gode innspel i forkant av møtet.

 

Les også:
Formueskatten hemmar næringsutviklinga
Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss
Opprett ny region på Vestlandet

 

Marie er vår nye kollega

Marie Tefre Birkeland er tilsett som ny kommunikasjons-og marknadsarbeidar i Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd.

– Eg har alltid vore glad i heimfylket mitt og ser fram til å begynne i jobben. Det blir spennande å få jobbe med ei merkevare som allereie er godt etablert, i tillegg til å vere med på å bygge opp noko heilt nytt, seier Birkeland.

Stillinga vert delt mellom Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd. Selskapa har mange samanfallande interesser, og har difor valt å gå saman om å tilsette ein felles medarbeidar.

Birkeland har ein bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare jobba for Firda og TV 2, og er no i foreldrepermisjon.

– Etter fleire år i Bergen er eg no klar for nye utfordringar. Planen har alltid vore å flytte til Sogn og Fjordane, så det kunne ikkje ha klaffa betre med å få tilbod om ei så interessant stilling. Sogn og Fjordane har mykje å by på, og eg gler meg til å vise fram eit attraktiv næringsliv og karrieremulegheitene knytta til det.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si merkevare for karriere og rekruttering. Kjerneelementa er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa interesseorganisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Næringsrådet skal bidra til større vekstkraft og verdiskaping i regionen, fremme næringsinteresser og vere eit felles talerør for næringslivet.

– Begge selskapa har store ambisjonar framover, og denne tilsetjinga gjer det muleg å styrke arbeidet vårt både ovanfor næringslivet og potensielle arbeidstakarar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Birkeland vil få ansvaret for dei digitale flatene til begge selskap, delta i planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar, samt å følge opp nye og eksisterande kundar og medlemmar.

– Marie har både erfaring og utdanning, som vi vil få stor nytte av i Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN) og i Framtidsfylket. Ho vil bli eit viktig bindeledd mellom selskapa, som skal samarbeide på mange arenaer framover, seier Leon Bakkebø, dagleg leiar i SFN.

Birkeland byrjar i stillinga 1.november.

 

For meir informasjon:

Marie Birkeland: 901 71 344
Leon Bakkebø: tlf 908 34 487
Gro Rukan: tlf 913 21 392