Samhandling og tydelege prioriteringar gir meir pengar

Ei tydeleg prioritering frå oss i fylket vil gjer det lettare for politikarane å dele ut midlar, skal vi tru samferdselsministeren.

– Både veg, luftfart og skipsfart er viktig for Sogn og Fjordane. Her må ein velge kor pengane skal brukast, sa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) då han besøkte Førde 1. juni.

God og fungerande infrastruktur er nokre av dei viktigaste føresetnadane for å skape vekst og framstå attraktive for tilflyttarar og samarbeidspartnarar. Infrastruktur- og samferdselssaker har Sogn og Fjordane Næringsråd prioritert høgt og jobba aktivt med siste året. Det har gitt gode resultat. Då er det flott at Samferdselministaren takka ja til invitasjonen om å delta på vår utvida generalforsamling.

Rundt 30 personar tok turen for å høyre han snakke om infrastrukturen i fylket.
–  God infrastruktur er viktig for næringsutviklinga, og utbygging av vegar er alfa omega. Det er viktig for ein god arbeidsregion, og for at det skal vere attraktivt å flytte hit, seier Solvik-Olsen.

Veg engasjerar
Utbygging av veg var blant temaene som engasjerte mest, og fleire av dei oppmøtte fekk komme med sine ønskjer om kva som burde prioriterast. Ein av dei var Håkon Myrvang, ordførar i Naustdal kommune. Han tok opp strekninga Naustdal – Førde, som han skildra som eit skrekkeksempel med tanke på trafikkulykker og skredfare.
–  
Dette er ein veg som knyt saman viktige næringskommunar, og folk køyrer med hjarte i halsen. Dei er rett og slett redde for å køyre den strekninga, seier Myrvang.

Solvik- Olsen kommenterte at han har køyrt vegen og sett fjella, og at han forstår ønsket.
– Vestlandet får mest pengar til utbetring av veg, men dessverre er behovet så enormt mykje større, seier han.

Breiband er viktig

Eit anna sentralt tema var utbygging av breiband i fylket.
Breibandsutvikling er enormt viktig, og det er den rimelegaste infrastrukturen ein kan bygge, seier Nandor Heggheim i Enivest.

Solvik-Olsen er einig i at god dekning er viktig, og viser til at den statlege støtta for utbygging av fiber i Sogn og Fjordane har auka med 276 prosent dei fire siste åra. –  Når ein ser på utviklinga er det ingen grunn til å føle at ein er gløymd, seier han.

Ferjefri E39

Erling Sande i Sunnfjord Energi trekk også fram breibandskapasiteten i fylket som ein viktig faktor for næringslivet.  

–  Hald trøkket oppe og fyll på, er oppmodinga til ministaren.

I tillegg legg Sande vekt på viktigheit av ferjefrie vegar.

– Næringslivet og pendlarar har fjordar og havstykke som barriere, og ein treng forutsigbarheit i form av ei bru. Betalingsvilja for denne type prosjekt vil også vere større, fordi ein er vande med å betale for ferja i utgangspunktet.

Samferdselsministaren er einig i at dei fleste vil føretrekke bru framfor ferje.

–  Dei aller fleste vil ha fleksibiliteten ei ferje vil gje. Dette vil då bli fagleg diskusjon mellom politikarane, sidan vi i FrP vil få ned bompengekostandane. Poenget med at dei reisande allereie er vande med å betale, gjer at dette likevel er noko ein kan stille seg bak.

Fylket må bli einige

Statsråden noterte flittig dei mange innspela som kom på viktige infrastruktursaker. Samtidig  legg Solvik-Olsen føringane over på politikarane og næringslivet i Sogn og Fjordane. Han oppmodar om at ein oftare bør bli einige internt i fylket om kva saker som skal prioriterast og ha færre omkampar.

–  Om vi får klare signal på kva som er viktigast for fylket, er det lettare å prioritere desse prosjekta. Då brukar vi mindre ressursbruk på utredning som resulterer i at ein held kostnadane nede, avsluttar han.

Dette underbygger den viktige rolla Sogn og Fjordane Næringsråd har som eit felles talerøyr for næringslivet. Og det å løfte fram dei sakene som medlemsbedriftene våre meiner er strategisk viktige.