Oppføringer av Bjørn Lødemel

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartløyving for Stad Skipstunnel i RNB

Felles innspel frå Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet om oppstartløyving for Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett 2020 til medlemmane i Finanskomiteen. Innspel til Revidert Nasjonalbudsjett 2020. Stad skipstunnel: Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartmidlar til Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett for 2020. Koronakrisa har ført […]

Generalforsamling flytta til 17. juni

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å utsette Generalforsamlinga til 17. juni for å kunne ha eit fysisk møte og for å støtte opp om lokalt reiseliv. Sogn og Fjordane Næringsråd hadde planlagt å ha Generalforsamlinga dette året på Thon hotell Jølster på Skei 21. april. I 2019 hadde vi Generalforsamlinga på Hoven i Loen der […]

Til Vestland fylkeskommune – HØYRINGSUTTALE til NTP 2022-2033 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd vart skipa i 2016 og har som målsetting å vere ein sterk og samlande næringspolitisk organisasjon på vegne av næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved årskiftet hadde Sogn og Fjordane Næringsråd 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar. Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at Aust – Vest sambandet […]

Pressemelding: – Vestland fylke vidarefører alle prosjekter

Bergen, 26.mars 2020 Alle oppstarta og planlagte bygg- og vedlikehaldsprosjekt i regi av Vestland blir vidareført. Dette er ein av fleire positive konklusjonar etter eit møte mellom fylkeskommunen og næringsorganisasjonar i Vestland fylke. Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar i Vestland fylke. Den dramatiske situasjonen, […]

PRESSEMELDING frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Svært dramatiske svar frå næringslivet i spørjeundersøkinga som Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt ut til bedriftene i Vestland fylke. Det er om lag 450 bedrifter som har svara på undersøkinga , og av desse er om lag 50 frå Sogn og Fjordane. Kvar 3 bedrift fryktar konkurs om […]

Høyringsuttale til NOU 2019/16 frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Sogn og Fjordane Næringsråd har om lag 120 medlemar frå bedrifter og næringsorganisasjonar i Sogn og Fjordane og vi har medlemar frå dei fleste næringane. Sogn og Fjordane er eit viktig kraftfylke med stor kraftproduksjon frå vasskraft og mange bedrifter som er sterkt knytte til denne næringa både som forbrukar og leverandør. Mange av desse […]

Høyringsuttale til NOU 2019:18 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Høyringsuttalen er utarbeida i samarbeid med samfunnsøkonom Johannes Idsø, assisterande instituttleiar ved Høgskulen på Vestlandet. Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til det som er lagt fram av fleirtalet i Havbruksskatteutvalet om skattlegging av havbruk. Sogn og Fjordane Næringsråd er også kritisk til korleis saka har blitt lagt fram. Mange har mellom anna kopla […]

Nyheitsbrev og julehelsing frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd kan sjå tilbake på eit spennande og innhaldsrikt år. Det har vore mange bedriftsbesøk og mange viktige arrangement både i eigen regi og saman med andre. SFN har fått markert seg som eit viktig talerøyr og døropnar inn mot regjeringa og Stortinget på vegne av enkeltmedlemmar og fellesskapet. Den siste tida […]

Finansminister Jan Tore Sanner kjem på besøk til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Næringsråd har invitert finansminister Jan Tore Sanner til å kome til Sogn og Fjordane. Vi er no svært glade for at vi har fått stadfesta at han kjem på besøk 14. februar 2020. Vi jobbar med ei spennande reiserute og program for besøket. Dette kjem vi tilbake til med endeleg program og […]