KRAFT TIL NYSKAPING

Energibransjen i Sogn og Fjordane er blant dei sterkaste i landet med mange aktørar. Skal vi tenke nytt før det er for seint?

SJÅ FØRE DEG følgjande scenario. Google leverer straum til dei fleste husstandane i Sogn og Fjordane. Selskapet har ingen kraftverk her, ingen tilsette her og betaler ikkje skatt her. Grunnen til dominansen er at Google har utvikla smarte digitale løysingar som sikrar kraftselskapa høgre inntekter, forbrukarane lågare straumrekningar samtidig som straumen blir distribuert både sikrare og meir effektivt.

I dag verkar dette urealistisk, men bransjen blir utfordra og inntrengarane bankar på. For 10 år sidan ville ingen trudd at sosiale media som Google og Facebook årleg skulle ta tre milliardar kroner i reklameinntekter frå tradisjonelle media som VG og TV 2. I dag er det ein realitet og resultatet er mellom anna rundt 1000 færre journalistar i Norge og ein bransje som må nedskalere.

DETTE HANDLAR OM den digitale revolusjonen som no slår inn i alle bransjar og sektorar. Smarte it-løysingar mellom produsent og forbrukar, mellom leverandør og mottakar har fjerna mange mellomledd og gjort innovative it-selskap til den store vinnaren. Eit av dei beste døma er it-portalen Airbnb som koplar den som har eit ledig rom med den som gjerne vil leige. Dei tradisjonelle aktørane og verdikjedane blir utfordra og nye forretningsmodellar blir skapt.

Slike digitale grep blir også tatt i Sogn og Fjordane. I energibransjen har vi fått sterke aktørar som til dømes Enoro i Dale og Tibber i Førde. Desse verksemdene har utvikla innovative løysingar og tenester som utfordrar det etablerte og skapar nye behov. Dei siste åra har Enoro hatt betre resultat enn kraftprodusenten Sunnfjord Energi, som sjølv skaper råvara straum og står for linjenettet i regionen. Tibber har på kort tid fått 20.000 kundar, solide investorar og har stadig nye applikasjonar og løysingar under utvikling.

DET SPESIELT GLEDELEGE med Enoro og Tibber er at dei viser oss at det er fullt mogleg, både for enkeltmenneske og små aktørar, å gå nye vegar og sikre seg digitale posisjonar i energibransjen. Selskapet Melin Medical på Sandane har gjort det same i helsesektoren, ved å utvikle digitale betalingsløysingar. Vårt poeng er at vi må gå vidare på denne innovative og disruptive vegen. Vi må gå fortare og samhandle smartare for å lukkast!

Eit døme på denne nytenkinga ser vi i Bergen, både i media og finanssektoren. For litt sidan skipa 20 finansverksemder i byen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF),  Norges Handelshøgskole og Universitetet i Bergen selskapet Finance Innovation. Formålet er å utvikle teknologi for finansbransjen og skape nye digitale produkt og løysingar for ein global finansmarknad.

ENERGIBRANSJEN er truleg den sterkaste bransjen vi har i Sogn og Fjordane. Vi tenkjer på Sogn og Fjordane Energi, Sognekraft, Sunnfjord Energi, mindre energiselskap og 110 småkraftverk. Vi tenkjer på Enoro, Tibber, Br Dahl, Pekom og nyskipa Elcap Invest i Dale. Vi kan også ta med nær tilknytta selskap som Enivest, Sognenett, Lefdal Mine Datasenter, Hydrowave og Vestavind Kraft. Vi har også sterke aktørar innanfor elektrifisering som Fjord1, Brødrene Aa og Maritime Montering. Og mange andre kompetansemiljø. Vi har rett og slett ei lita klynge av nasjonalt og internasjonalt leiande produsentar og leverandørar, og er i tillegg det nest største kraftproduserande fylket i landet. Vårt ønskje og håp er at desse selskapa gjer som SSF og dei 20 finansselskapa i Bergen. At dei går saman om eit nytt og uavhengig utviklingsselskap for utvikling av digitale løysingar og tenester for energibransjen. I eit slikt innovativt miljø høyrer også Høgskulen på Vestlandet og det sterke IT-miljøet på Vestlandsforsking heime.

Dei nye arbeidsplassane i energibransjen i framtida vil først og fremst vere i utvikling av smarte, digitale energiløysingar for kundane. Dei posisjonane og jobbane må vi sikre oss, slik at vi kan møte konkurransen frå nye og store aktørar som kjem i marknaden.

SKAL VI LUKKAST her må nokon ta initiativ og eige prosessane. Slike innovative miljø må skapast på nøytral grunn og utanfor dei tradisjonelle energiselskapa våre. Tenk om dette kunne vore eit konkret prosjekt og utfall av fusjons- og samarbeidsprosessen mellom Sunnfjord Energi og Sogn og Fjordane Energi. Tenk om denne viktige fusjonen ikkje berre vert eit sterkare tradisjonelt energiselskap, men også opptakten til innovative utviklingsselskap som kan være med å konkurrere om dei framtidige mulegheitene og arbeidsplassane i denne bransjen? Då kan vi kanskje realisere draumen om å skape eit nytt Enoro, eit nytt Tibber, eit nytt Br Dahl, osv kvart år framover. Hadde det ikkje vore flott om energisektoren nettopp her mellom fjella og fjordane hadde eit av dei fremste kompetansemiljøa i både landet og Norden.

 

Av LEON BAKKEBØ
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd