Vil premiere Widerøe for fulle fly

Reiselivsdirektør vil ha kampanjeprisar på avgangar med lite folk.

– Når ein kan fly frå Bergen til New York for 4000 kroner tur/retur, er det skremmande at ein må ut med like mykje for å fly frå Bergen til Sogndal, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Han fortel at høg pris er den klart største utfordringa for å få turistane til å ta meir fly.

– Ei løysing kan vere at Widerøe blir premiert for å fylle opp flya. Då kan dei krydre dei minst populære avgangane med billegbillettar, seier Brandshaug.

Saman om høyringsuttale
I slutten av april inviterte Sogn og Fjordane Næringsråd flyplassjefar, ordførarar og næringsorganisasjonar til eit møte om flyrutetilbodet i fylket. Det blei grunnlag for ein felles høyringsuttale inn mot den kommande anbodsrunda.

– Vi kom fram til elleve avgjerande punkt som flyplassane i fylket kan stille seg bak. Flyprisane var sjølvsagt ein del av dette, men også krav om fleire direkteruter, nattstasjonerte fly og flyruter med avgangar betre tilpassa næringslivet. Det er viktig at vi står saman i dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, Leon Bakkebø.

Store vekstmulegheiter
Sogn er det største reisemålet i tal besøkande utanom Bergen, Oslo og Trondheim. Dei har fleire enn 700.000 gjestedøgn i året, og meir enn 500.000 dagsbesøkande. Brandshaug meiner at vekstmulegheitene for flyplassane i fylket er store innan turistnæringa, med spesielt sterke turistdestinasjonar i Nordfjord og Sogn.

– Fly som reiseform vil auke i Sogn og Fjordane etter kvart som turismen veks og turistane vil raskare fram, meiner reiselivsdirektøren.

Vestlandet har samla sett hatt ein vekst internasjonale tilreisande på heile 5-6 prosent sidan 2013. Dei to siste åra har Sogn hatt ein vekst turistar frå utlandet på heile 12-15 prosent. I tillegg blir det satsa på nordmenn som reiser i eige land, og kurs- og konferansemarknaden, som det vert satsa tungt på av fleire av hotella i fylket.

Veksten på tal tilreisande kjem til å halde fram, og då vert flytilbodet viktig, seier han.

Heilårsturisme
Sogn og Fjordane har noko av det fremste ein vil tilby som heilårsprodukt. Transport i vinterhalvåret er begrensa og til tider krevjande på fjorden og på vegane. Fly vil derfor vere ein viktig måte å få turistane frå Oslo og Bergen fram til reisemålet.

– Ein stor del av tilreisande kjem med fly inn til Gardemoen og Flesland, og reiser vidare med leigebil eller kollektivtrafikk. Fleire av desse gjestane, saman med gruppemarknaden frå turoperatørar, har potensiale til å bruke til eller frå dei lokale flyplassane i fylket vårt, avsluttar reiselivsdirektøren.

Avhengige av flytilbodet
Også næringslivet får kjenne på dei høge flyprisane. Selskapet Enoro i Dale gjennomførte 510 flyreiser mellom Førde lufthamn og Oslo lufthamn i 2017, og forventar auke i år.

Det merkast på økonomien.

– Det er veldig dyrt. Vi pleier å spøke med at det hadde vore billigare å kjøpe eit eige fly, seier salsdirektør, Vegard Skår.

Enoro har kundar i heile landet, samt i Danmark og Finland. I tillegg har dei kontor i Trondheim, Hamar og Lillehammer. Det krev mykje reising for selskapet. Tidlegare har selskapet nytta direkteruta mellom Førde og Bergen lite, men med betre forbindelsar mellom Bergen – Finland, og Bergen – Danmark, ser ein ei potensiell auke i bruk av dette tilbodet.

– Flytilbodet på Bringeland har alt å seie for oss. Det er heilt essensielt for at vi i det heile teke kan eksistere her, seier Skår.

Vesentleg for næringslivet

Bakkebø meiner flyrutetilbodet er avgjerande for at næringslivet i regionen skal vere konkurransekraftig og attraktivt for rekruttering og strategiske samarbeidspartarar.

– Dagens rutetilbod gir mange lokale næringsaktørar ei klar konkurranseulempe. Eit godt fungerande flytilbod er vesentlig for å få til ei positiv nærings- og samfunnsutvikling i Sogn og Fjordane. Difor er det positivt og kritisk at vi no klarar å stå samla om denne saka, avsluttar Leon Bakkebø.