Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss

Sogn og Fjordane er det nest største kraftfylket i landet. Dei store aktørane i fylket må snarast samle seg og ta leiarskap i utviklinga. Skal vi sikre milliardverdiane og verdiskapinga for framtida, er det tid for handling og nytenking.

Strukturendringar vil alltid ligge som ei utfordring for eigarstrukturane. Kva skjer med milliardverdiane som er bygt opp og kven skal nyte godt av framtidig verdiskaping i kraftselskapa i fylket? Det blir særdeles viktig at vi i denne brytningsfasen klarar å posisjonere oss for framtidig verdiskaping og kompetansearbeidsplassar.  Vi må sjå på endringar som eit muligheitsrom, meir enn ein trussel.

Tid for samhandling

Sogn og Fjordane Næringsråd er opptatt av framtida for heile energibransjen i fylket og meiner tida er inne for nytenking og meir samhandling om ikkje det største og mest verdifulle arvesølvet vårt skal kome på andre eigarhender. Som økonom kjenner eg vel lovene om kapitalens gravitasjonskraft. Der kapitalen, eigarane og leiarane sit, der blir det vekst og utvikling, i randsonene av ei verksemd kan det lett bli forvitring og nedlegging. Derfor bør lokalt eigarskap til kraftverdiane i fylket vere det viktigaste og mest brennbare temaet for tida, både for kraftselskapa og politikarane.

Milliardverdiar på spel

Vi snakkar om milliardverdiar som betyr meir enn vi ofte tenkjer over for velstand og utvikling i bygdene våre.. Den totale kraftproduksjonen i fylket i 2015 var på 15,6 TWh til ein årleg omsetningsverdi på  over 4 milliardar kroner. Mykje av denne produksjonen er utanfor vår kontroll gjennom store selskap som Statkraft, E-CO Energi i Oslo og BKK i Bergen, men vi har også 107 aktive lokale småkraftverk i fylket. I rapporten om eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane frå 2011 blir det vist til 123 kraftselskap på lokale hender med ein omsetnad på 1,8 mrd kroner og ei verdiskaping på nesten 900 millionar kroner. I tillegg kjem store ringverknadar i andre næringar, særleg industri og nettselskap. I Verdiskapingsplanen for fylket for 2014 les vi at fram til 2022 kan det kome investeringar i kraftsektoren på nærare åtte milliardar kroner i Sogn og Fjordane. Halvparten av dette kan tilfalle lokale leverandørar. I tillegg vil det framover skje betydeleg forretningsutvikling i fornybar energibransjen. Skal vi ha handa på rattet i denne utviklinga eller overlate styringa og verdiskapinga til andre?

Ny kraftstrategi

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner sjølvsagt at vi skal ta kontrollen over eigne verdiar. Det kan bety både strukturendring og nye samarbeidsavtalar for å sikre kontroll og utviklingskraft lokalt. Det er på høg tid å tenkje strategisk og taktisk for å sikre både eigarskap, verdiar og arbeidsplassar i energisektoren i Sogn og Fjordane. Vi veit at dette er krevjande prosessar der mange partar er involvert, ofte med ulike agendaer. Likevel representerer dette eit muligheitrom der vi må handle no for å ta våre framtidige posisjonar. Her er nokre av våre ønskjer og forslag til tiltak som vi meiner er viktige for å ha styring og skape vekstkraft framover:

  • Dei store aktørane i fylket må snarast samle seg og ta leiarskap i utviklinga. Det er stort behov for meir dialog, meir samarbeid og meir kunnskapsdeling i fylket. Som tidlegare statsminister Jan P Syse brukte å seie: «Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss.»
  • Sjå med opne og positive auge på både nye samarbeidsformer, nye eigarskapsmodellar og strategiske alliansepartnarar.
  • Ha ambisjonar og ta posisjonar i framtidig forretningsutvikling.
  • Kople næringa sterkare mot kapitalmiljø og FoU-miljø.
  • Finne nye og billegare nettleigeløysingar for kundane.
  • Ikkje la strategisk viktige løysingar for framtida strande på lokaliseringsdebattar. Å la intern strid føre til vekst og utvikling utanfor fylket er eit nederlag for oss alle.

Det norske samfunnet står fram for eit grønt skifte med stor vekt på elektrifisering for å redusere utslepp av klimagassar. Det er nok å vise til det som skjer på ferjesektoren der alle nye ferjer skal drivast med elmotorar og batteri. Fornybar energi, og vasskraft spesielt, er heilt sentralt i det paradigmeskiftet vi no går inn i. Dei viktigaste naturressursane frå Sogn og Fjordane blir med andre ord meir og meir verdifull og ettertrakta. Vi må vere klare til å sikre folk og næringsliv i Sogn og Fjordane sine interesser i denne utviklinga. Sogn og Fjordane Næringsråd vil gjerne bistå i arbeidet med framtidig forretningsutvikling og verdiskaping i denne strategisk viktige sektoren for regionen vår.

Av Leon Bakkebø
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd