Skyhøg nettleige i fylket vårt

Dagens nettleigemodell påfører vårt næringsliv og hushaldningar 10-talls millionar i ekstrakostnader.

Det er store skilnader i nettleige blant norske nettkundar, i disfavør av vanlege bedrifter og hushaldningar i Sogn og Fjordane. Dette er våre medlemmar opptatt av.  Relativt enkle og absolutt realistiske ordningar kan jamne ut nettleiga dersom det er politisk vilje til dette.

40 prosent høgare enn snittet
Nettleiga i Sogn og Fjordane er nesten 40 prosent høgare enn landgjennomsnittet. For mange bedrifter og hushaldningar i Sogn og Fjordane utgjer dette vesentlege meirkostnader. For ein hushaldning utgjer forskjellen mellom gjennomsnitt nettleige-tariff i Sogn og Fjordane vs snitt i Noreg eit beløp på ca kr. 3.300/år (basert på eit forbruk på 20′ kWh/år). Med 40 – 45.000 hushaldningar i fylket vårt utgjer dette kr 120-150 mill per år i ekstra nettleige-kostnader.

Store økonomiske konsekvensar
Reknestykket for vanlege bedrifter er meir samansett og komplisert å rekne ut grunna av større tariff-forskjellar. Men tilsvarande forskjellar er også gjeldane her.  Konkrete eksempel frå reiseliv og industri viser dette, og forskjellane utgjer fleire 100-tusen kroner for mange enkeltbedrifter. Dette representerer samla tapte millionoverskot for bedriftene våre. Overskot som kunne vore investert i utvikling og nye arbeidsplassar.  Samtidig som det er sterkt konkurransevridande i forhold til konkurrentar i lavprisområde, blant anna på austlandet. Den kraftkrevjande industrien har eigne tariffordningar som må vidareførast slik at dei opprettheld si konkurransekraft.

Feil fylke får rekninga
Vi står framfor ei betydeleg utbygging av nettet vårt dei komande åra for å møte distribusjonsbehova som elektrifiseringa og nye energiformer medfører. Vi ønskjer denne grøne satsinga velkommen. Men med dagens nettmodell vil storsamfunnet sende ein vesentleg del av denne utbyggingskostnaden til dei som treng den nye energien minst. Det vil seie bedrifter og hushaldningar i overskotsområde som Sogn og Fjordane. Det finn vi urimeleg.

På tide med ny modell
Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer ei politisk beslutning på ny nettleigemodell. Samtidig er vi klare på at det må også skje strukturendringar i denne sektoren. Det er vår oppfatning at strukturendringar må vere motivert ut frå størst mogleg synergiar i drift og utvikling av nettet, ikkje ut frå i kva konstellasjon som jamnar ut nettleiga mest. Ei utjamning av nettleiga kan og må skje samstundes som ein opprettheld og aukar krava til effektiv drift i nettselskapa. Det handlar om politisk vilje og handlekraft.

Sogn og Fjordane Næringsråd og våre medlemmar er trygge på at våre stortingsrepresentantar vil mobilisere godt i sine parti for å få politiske vedtak som gir bærekraftige gode ordningar og reduserte kostnader for bedrifter og hushaldningar i vår region.