Opprett ny region på Vestlandet

Sogn og Fjordane Næringsråd går aktivt inn for at det blir oppretta ein ny region på Vestlandet. Primært ønskjer vi at regionen skal vere samansett av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Samanslåing av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vere eit første steg på vegen mot ei større eining. Den nye regionen må få tilført nye oppgåver frå statleg nivå.

Ein ny region på Vestlandet kan gi betre balanse mellom eit tyngdepunkt i vest og den konsentrasjonen av makt som finst i hovudstadsområdet. Erfaring tilseier nemleg at ein til denne tid ikkje har greidd å demme opp i tilstrekkeleg grad mot opphoping av makt og arbeidsplassar i det sentrale austlandsområdet.

I politiske prosessar er det gjerne slik at gjennomslagskrafta er mykje avhengig av kva tyngde som står bak synspunkta som blir fremma. Maktar ein å skape større fagmiljø og å styrkje kompetansen, kan det føre til at ein ny vestlandsregion i større grad enn no vil nå fram med krava sine. Påverknaden overfor Regjeringa, Stortinget og andre viktige samfunnsorgan kan følgjeleg bli vesentleg større enn i dag. Det vil fremme dei regionale interessene og gi sjansar for positiv utvikling som ein elles kan gå glipp av.

Vidare utbygging av kommunikasjonane på Vestlandet er svært viktig, for innbyggjarane og for næringslivet. Det er avgjerande for at bedriftene skal få nødvendige vekstvilkår og for at potensialet i samfunnet kan utnyttast best mogleg. Ei god samordning av ulike prosjekt i regionen vil gi meir tyngde i kravet overfor nasjonale styresmakter om midlar.

Sogn og Fjordane har mange og store ressursar. Mange av dei er naturgitte. Dersom dei blir ein del av ein større region, er sjansen stor for at dei kan utnyttast til beste for innbyggjarane. Det kan vere fleire næringsaktørar som finn interesse for ressursane, og det kan vere lettare å finne finansiering til utbygging enn om ein er i ei mindre geografisk eining.

Blir Sogn og Fjordane del av ein større region, meiner vi det er lettare å få til betre samhandling og skape større bu- og arbeidsområde enn det som er tilfellet i dag. I sin tur kan det vere med på å leggje grunnlaget for vekst og utvikling.