Nettleiga må utjamnast

Nettleiga i Sogn og Fjordane er nesten 40 prosent høgare enn landgjennom-snittet. Dette skjer samtidig som vi er den nest største kraftprodusenten i landet. Kan dei partia som vil styre landet vårt snarleg få slutt på dette misforholdet?

Kraftnettet er ein del av infrastrukturen i Norge, på same måte som vegane våre. Medan alle betalar lik nettleige på dei største kraftlinene i Norge (sentralnettleige), går rekninga for alle dei mindre kraftlinene, også dei som fører krafta ut av området, til kundane i det aktuelle nettområdet. Konsekvensen vert at i distrikt med få kundar, krevjande geografi og vanskeleg klima vert nettleiga svært mykje høgare enn til dømes på det sentrale Austlands-området. Nærare 40% for å være eksakt.

Dobbelt misforhold

Som Norges nest største kraftproduserande fylke er det vi som skapar verdiane som går på ut nettet. Det bør dermed være vi som skal ha den lågaste nettleiga. Misforholdet med nettleiga vert ytterligare forverra ved utbygging av ny kraft som krev ny nettutbygging. Sidan kraftressursane i stor grad ligg utanfor dei store byane, eksempelvis i Sogn og Fjordane, må innbyggarar og næringsliv her også i stor grad betale for desse linjene, sjølv om krafta vert brukt andre stadar i landet. Det heile vert toppa av at staten tek inn meirverdiavgift på nettleiga, som naturleg nok vert størst for dei kundane som har den største rekninga i utgangspunktet.

Konkurransevridande

Kostnadsforskjellane er store og aukande. Allereie i dag melder NVE at det er ca 1000 kr per månad i forskjell på dei privatkundane som betalar minst og mest for nettleige. For næringslivet er utslaga sjølvsagt endå større. Dette skjer til tross for at vi er den nest største kraftprodusenten og eksporterer mesteparten av krafta til andre delar av landet. Det er openbart at dagens nettleige modell må være feil. Forskjellane er sterkt konkurransevridande og gjer at vårt næringsliv kjem dårlegare ut enn konkurrentar i dei store byane. Den ulike nettleiga tappar årleg bedriftene våre for ti-talls millionar. Dette er pengar som kunne vore brukt til å trygge eksisterande og skape fleire arbeidsplassar i fylket vårt.

På tide med handling

Dette misforholdet i fordeling av nettleige er mogeleg å gjere noko med. Å få ein standard pris er ei politisk sak som må løysast snarast. Dersom eit politisk fleirtal ynskjer å endre på dette, kan dei gjere det nærast over natta og innføre eit system der ein unngår store forskjellar i nettleiga mellom dei ulike landsdelane..

Sogn og Fjordane Næringsråd er eit felles talerøyr for næringslivet sine interesser. Dette er ei viktig sak for både bedriftene og arbeidsplassane våre. Urimelege nasjonale løysingar og svak politisk handlekraft skal ikkje påføre vårt næringsliv urimelege konkurransevilkår og privatpersonar store urettvise kostnader. Då må vi ta til motmæle med ei samla og kraftig røyst.

Vi utfordrar difor dei politiske partia og deira representantar i fylket til å kome på bana. Kva konkrete og forpliktande løysingar vil ditt parti kjempe for i denne viktige saka for Sogn og Fjordane?

Av Leon Bakkebø
Dagleg Leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

Formuesskatten hemmar næringsutviklinga

Tek du såkorn og settepoteter frå bøndene, blir det mindre avlingar og svakare resultat. Formuesskatten fungerer på same måten i næringslivet. Kapital som skulle vore brukt på investering og nyskaping, går til stat og kommune. Er det smart?

Små og mellomstore bedrifter med lokale eigarar er berebjelken i dei fleste lokalsamfunn i Sogn og Fjordane og over heile landet. Skal desse bedriftene utvikle seg og trygge arbeidsplassane, må dei kontinuerleg investere i ny teknologi, ny kompetanse og nye produkt. Til det trengs kapital, ofte mykje kapital for å makte omstilling og sikre konkurransekrafta. Nokre kroner kan lånast i banken, nokre kan av og til hjelpemiddelapparatet som Innovasjon Norge stille opp med, men den aller viktigaste finansieringskjelda er eigarane og bedriftene sjølve. Formuesskatten svekker denne evna og reduserer med det næringsutviklinga i fylket vårt.

Vi er av den formeining at bedriftene i vår region er ekstra avhengige av den lokale investeringsevna og investeringsviljen. Vi får i mindre grad tilgang til sentrale og større kapitalmiljø og må bruke eigne overskot og resultat til innovasjon og nyskaping. Då trengs kvar tilgjengeleg krone. Vi har også mange døme på heilt urimeleg utslag av formuesskatten når bedriftseigarar utan tilgang på fri likviditet, må låne for å betale formuesskatt av «papirformuen» dei har i aksjar eller i eigedomar som fabrikkbygningar og hotellbygg. Formueskatten må betalast sjølv om selskapa går med underskot. Ein tredje og vesentleg ulempe ved formuesskatten er favorisering av utanlandske eigarar som slepp den særnorske skatten. I 2016 var samla innbetalt formueskatt på 12 milliardar kroner. I tillegg vart det innbetalt utbytteskatt på åtte milliardar kroner til staten.

Det er eit samfunnsansvar å stimulere til investeringar som skapar fleire arbeidsplassar i Norge. Difor bør dei store og ansvarlege politiske partia vere opptatt av gode ordningar som tek vare på og stimulerer investeringsevna. Då er fjerning av formuesskatten eit viktig grep.  Dette handlar ikkje om skattelette for næringsliv eller eigarar, men ei hensiktsmessig justering av skattesystemet som sikrar ei meir effektiv omfordeling.

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner vi må finne tverrpolitiske kompromiss som er langsiktige og føreseielege for næringsaktørane. Eit slikt enkelt kompromiss er å fjerne formuesskatten på næringsinvesteringar, eller såkalla arbeidande kapital.  Det vil styrke dei små og mellomstore bedriftene våre og auke den lokale kapitaltilgangen for nødvendige investeringar i omstilling og knoppskyting. Samtidig vil dei aller rikaste fortsatt betale skatt på formue.

I inngangen til Stortingsvalet og friarferdene til politikarane våre, så oppmodar vi  medlemmene våre, næringslivet og veljarane generelt til å utfordre dei politiske partia på dette viktige temaet.  Dette er viktig fordi det rett og slett handlar om framtida til arbeidsplassane i regionen vår.

Av Leon Bakkebø
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss

Sogn og Fjordane er det nest største kraftfylket i landet. Dei store aktørane i fylket må snarast samle seg og ta leiarskap i utviklinga. Skal vi sikre milliardverdiane og verdiskapinga for framtida, er det tid for handling og nytenking.

Strukturendringar vil alltid ligge som ei utfordring for eigarstrukturane. Kva skjer med milliardverdiane som er bygt opp og kven skal nyte godt av framtidig verdiskaping i kraftselskapa i fylket? Det blir særdeles viktig at vi i denne brytningsfasen klarar å posisjonere oss for framtidig verdiskaping og kompetansearbeidsplassar.  Vi må sjå på endringar som eit muligheitsrom, meir enn ein trussel.

Tid for samhandling

Sogn og Fjordane Næringsråd er opptatt av framtida for heile energibransjen i fylket og meiner tida er inne for nytenking og meir samhandling om ikkje det største og mest verdifulle arvesølvet vårt skal kome på andre eigarhender. Som økonom kjenner eg vel lovene om kapitalens gravitasjonskraft. Der kapitalen, eigarane og leiarane sit, der blir det vekst og utvikling, i randsonene av ei verksemd kan det lett bli forvitring og nedlegging. Derfor bør lokalt eigarskap til kraftverdiane i fylket vere det viktigaste og mest brennbare temaet for tida, både for kraftselskapa og politikarane.

Milliardverdiar på spel

Vi snakkar om milliardverdiar som betyr meir enn vi ofte tenkjer over for velstand og utvikling i bygdene våre.. Den totale kraftproduksjonen i fylket i 2015 var på 15,6 TWh til ein årleg omsetningsverdi på  over 4 milliardar kroner. Mykje av denne produksjonen er utanfor vår kontroll gjennom store selskap som Statkraft, E-CO Energi i Oslo og BKK i Bergen, men vi har også 107 aktive lokale småkraftverk i fylket. I rapporten om eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane frå 2011 blir det vist til 123 kraftselskap på lokale hender med ein omsetnad på 1,8 mrd kroner og ei verdiskaping på nesten 900 millionar kroner. I tillegg kjem store ringverknadar i andre næringar, særleg industri og nettselskap. I Verdiskapingsplanen for fylket for 2014 les vi at fram til 2022 kan det kome investeringar i kraftsektoren på nærare åtte milliardar kroner i Sogn og Fjordane. Halvparten av dette kan tilfalle lokale leverandørar. I tillegg vil det framover skje betydeleg forretningsutvikling i fornybar energibransjen. Skal vi ha handa på rattet i denne utviklinga eller overlate styringa og verdiskapinga til andre?

Ny kraftstrategi

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner sjølvsagt at vi skal ta kontrollen over eigne verdiar. Det kan bety både strukturendring og nye samarbeidsavtalar for å sikre kontroll og utviklingskraft lokalt. Det er på høg tid å tenkje strategisk og taktisk for å sikre både eigarskap, verdiar og arbeidsplassar i energisektoren i Sogn og Fjordane. Vi veit at dette er krevjande prosessar der mange partar er involvert, ofte med ulike agendaer. Likevel representerer dette eit muligheitrom der vi må handle no for å ta våre framtidige posisjonar. Her er nokre av våre ønskjer og forslag til tiltak som vi meiner er viktige for å ha styring og skape vekstkraft framover:

  • Dei store aktørane i fylket må snarast samle seg og ta leiarskap i utviklinga. Det er stort behov for meir dialog, meir samarbeid og meir kunnskapsdeling i fylket. Som tidlegare statsminister Jan P Syse brukte å seie: «Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss.»
  • Sjå med opne og positive auge på både nye samarbeidsformer, nye eigarskapsmodellar og strategiske alliansepartnarar.
  • Ha ambisjonar og ta posisjonar i framtidig forretningsutvikling.
  • Kople næringa sterkare mot kapitalmiljø og FoU-miljø.
  • Finne nye og billegare nettleigeløysingar for kundane.
  • Ikkje la strategisk viktige løysingar for framtida strande på lokaliseringsdebattar. Å la intern strid føre til vekst og utvikling utanfor fylket er eit nederlag for oss alle.

Det norske samfunnet står fram for eit grønt skifte med stor vekt på elektrifisering for å redusere utslepp av klimagassar. Det er nok å vise til det som skjer på ferjesektoren der alle nye ferjer skal drivast med elmotorar og batteri. Fornybar energi, og vasskraft spesielt, er heilt sentralt i det paradigmeskiftet vi no går inn i. Dei viktigaste naturressursane frå Sogn og Fjordane blir med andre ord meir og meir verdifull og ettertrakta. Vi må vere klare til å sikre folk og næringsliv i Sogn og Fjordane sine interesser i denne utviklinga. Sogn og Fjordane Næringsråd vil gjerne bistå i arbeidet med framtidig forretningsutvikling og verdiskaping i denne strategisk viktige sektoren for regionen vår.

Av Leon Bakkebø
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

Kommunikasjon- og marknadsmedarbeidar med ansvar for digitale flater

Selskapa Framtidsfylket AS og Sogn og Fjordane Næringsråd arbeider begge med å løfte fram næringslivet i Sogn og Fjordane. I denne stillinga vert du ein viktig medspelar i selskapa sitt marknads- og kommunikasjonsarbeid.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si eiga merkevare for karrieremulegheiter i fylket. Kjerneelementa i dette arbeidet er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa interesseorganisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Næringsrådet skal bidra til større vekstkraft og verdiskaping i regionen, fremme næringsinteresser og vere eit felles talerør for næringslivet.

Vår viktigaste oppgåve er å fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mulig verdiskaping.

Vi leitar etter deg som skal vere ein viktig medspelar i vårt team. Stillinga vil vere sentral i å halde i den daglege oppfølginga av nettsidene og dei sosiale mediene der selskapa er representert. Vi ser etter deg som er oppteken god kundebehandling, er dyktig på digitale flater og har ein god skriftleg formuleringsevne på nynorsk.

Arbeidsoppgåver for begge selskapa

  • Publisere og kvalitetssikre innhald på nettsidene
  • Setje opp og sende ut månadlege nyheitsbrev
  • Profesjonalisere vårt arbeid på sosiale medier
  • Skaffe nye, og følge opp eksisterande medlemmar
  • Produsere og publisere artiklar
  • Delta i planlegging av arrangement og aktivitetar
  • Administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan relevante fag
  • Erfaring med tilsvarande oppgåver
  • Sterk på digital marknadsføring, webpublisering og visuell kommunikasjon
  • Ein tydeleg penn og gode formuleringsevner, både munnleg og skriftleg (nynorsk)
  • Fordel med foto/filmkunnskap
  • Ønskjeleg med kjennskap til næringslivet i Sogn og Fjordane

Eigenskapar

  • Initiativrik, serviceminded og god til å bygge relasjonar
  • Strukturert
  • Pliktoppfyllande med evne til å jobbe sjølvstendig
  • Og framfor alt; du har eit brennande engasjement for Sogn og Fjordane

Vi tilbyr

  • Ei variert stilling i eit lite team med stor ekstern kontaktflate
  • Gode arbeidsverktøy, dyktige kollegaer, samt eit utviklande og hektisk arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Engasjement 12 mnd. med mulegheit for fast tilsetjing
  • Fleksitid

Kontorstad: Førde

For meir informasjon om stillinga kontakt:

Framtidsfylket AS – Gro Rukan – telefon 913 21 392 / gro@framtidsfylket.no

Sogn og Fjordane Næringsråd – Leon Bakkebø – telefon 908 34 487 / leonbakkebo@gmail.com

Skriftleg søknad med cv og attestar skal sendast per e-post til gro@framtidsfylket.no.

Merk e-posten: «kommunikasjons- og marknadsmedarbeidar»

Søknadsfrist: 15. august 2017

Leiing av det nye fylkesmannsembetet frå Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Næringsråd er bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane sin eigen medlemsorganisasjon. Dei skal fremme medlemmane sine interesser og synspunkt og være eit samlande talerøyr for prioriterte og viktige saker for næringslivet i  Sogn og Fjordane.

Framtidig lokalisering av leiinga av det framtidige fylkesmannsembetet for den nye Vestlandsregionen er ei  viktig sak som engasjerer næringslivet i Sogn og Fjordane. Eit samla næringsliv i fylket står bak ønskje om at leiinga av fylkesmannsembetet for Vestlandsregionen skal lokaliserast til Leikanger.

Det er tre forhold vi meiner er sentrale i våre synspunkt:

  1. Fylkesmannen har med sitt leiarnærver og kompetansemiljø vore og er ei viktig drivkraft i moderniseringa av Sogn og Fjordane.
  2. Strukturreformene i politi, høgskule, Innovasjon Norge etc har svekka leiarkrafta i fylket
  3. Intensjonsavtalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane må ligge til grunn om regionreforma skal skape entusiasme og utviklingskraft i fylket.

 

Nedanfor har vi gitt ein meir utfyllande kommentar til dette:

  1. Samarbeid mellom fylkesmannembetet og næringsaktørane i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har over lang tid utvikla ein organisasjon som har god erfaring og kultur for å engasjere og samarbeide godt med næringslivet i fylket.  Vi opplever eit embete som er framtidsretta i sitt arbeide og set utvikling og tilrettelegging for næringsaktørane og innbyggjarane i fylket på agendaen.  Dette har bidrege til å skape eit viktig grunnlag for mykje av den verdiskapinga og positive utviklinga som næringslivet i fylket har hatt.  Ei nærverande leiing er viktig for å være denne medverkande drivkrafta og vidareutvikle dette samarbeidet i eit elles fragmentert fylke.

  1. Kompetanse og utviklingskraft

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane representerer eit viktig regionalt kompetansemiljø innafor både økonomistyring, digitalisering, oppvekst, sikkerheit og forvaltning. Dei har bygt ein god kultur i organisasjonen for å utnytte moglegheitene som ligg i IKT og for å utvikle digitale løysingar og nye arbeidsmåtar som gir betre og meir effektive tenester for oss som brukarar. Samtidig har dette sterke IKT miljøet skapt grunnlag for utvikling av attraktive IKT miljø hos nærliggande næringsaktørar i regionen med tilhøyrande viktig knoppskyting.

Samarbeidet mellom fylkesmannen, næringslivet, høgskulen, Vestlandsforsking og fylkeskommunen i IT-forum vart ei drivkraft for breibandutbygging og digitalisering i heile fylket. I dag syner arbeidet att i pionerprosjekt i e-helsesystem mellom kommunar og sjukehus, i digitale læringsplattformer, utprøving av omsorgsteknologi, digitalisering og automatisering i bedriftene, etablering av DiFi på Leikanger og oppretting av ei næringsretta IT-utdanning på høgskulenivå i Førde. Vi tør påstå at den tette dialogen kunnskapsmiljøet  hos fylkesmannen har med kommunane, næringslivet og FoU-miljøet i fylket har vore og er ei viktig drivkraft i moderniseringa av distriktsfylket Sogn og Fjordane. Næringslivet i fylket meiner vi treng denne drivkrafta framover og den ekstra styrken som ligg i at toppleiinga for det samordna embetet på Vestlandet blir lagt til Sogn og Fjordane.

 

I Sogn og Fjordane har dei regionale etatane ein lang tradisjon for å samarbeide godt på tvers, for å støtte kommunane, sikre gode tenester og ei god utvikling i fylket. Vi meiner desse samarbeidsstrukturane er ein del av forklaringa på kvifor Sogn og Fjordane ligg i landstoppen på levekårsstatistikkane, skuleresultat og gjennomstrøyming i vidaregåande skule.  Dette er også viktig for utvikle eit attraktivt næringsliv og lokalmiljø.

 

  1. Attraktiv arbeidsplass

Det er vår oppleving at Fylkesmannen er ein svært attraktiv arbeidsplass,  tiltrekker seg ressursar med høg kompetanse og har høg stabilitet på arbeidskrafta. Leikanger er ein del av eit større, felles bu- og arbeidsområde med om lag 30 000 innbyggjarar. Andre etatar som ligg i Leikanger er Difi, Nav fylke og NAV si landsdekkande økonomiteneste, regionkontoret for Statens vegvesen, Skatteopplysninga si nasjonale leiing og avdelingsleiinga for Vestlandet, Skatt vest si eining i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I regionsenteret Sogndal, 20 km unna, ligg fylkets største vidaregåande skule, høgskulen og Vestlandsforsking. Saman med ei rekkje private verksemder og eit sterkt organisasjonsliv, utgjer dette ei sterk og attraktiv klynge av verksemder. Fylkesmannsembetet er ein sentral aktør i denne klynga. Ei nær og engasjert leiing lokalisert i Leikanger er kritisk for at dei fortsatt skal framstå som ei sterk drivkraft i dette miljøet.

  1. Balansert fordeling av leiarfunksjonar i ein ny region

Strukturreformer i regional stat har ført til at Sogn og Fjordane misser viktige leiarfunksjonar og kompetanearbeidsplassar. Politireforma har ført til nedlegging av Sogn og Fjordane politidistrikt, og leiinga for nye Vest politidistrikt ligg i Bergen. Samanslåinga av høgskular gjer at dei fleste leiarfunksjonane i den nye Høgskulen på Vestlandet vert samla i Bergen. Nyleg vart Innovasjon Norge sine kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman, og leiinga er plassert i Bergen.

Dersom alle etatar som blir regionaliserte skal leiast frå Bergen, er det ein risiko for at Sogn og Fjordane endar opp som «filialfylke». Sjølv om det for fleire av dei nemnde verksemdene er vedteke delt lokalisering, er det ein risiko for at den minste staden gradvis kan bli nedprioritert viss det ikkje er ei stadleg leiing. Dersom dagens sterke institusjonar med attraktive leiarstillinga i bu- og arbeidsregion Sogn vert bytt ut med «filialkontor» utan leiarar, vil dette redusere attraktiviteten til denne regionen monaleg. Det vil igjen ha negative verknader for private verksemder i området.

  1. Lojalitet til prosessar

Fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er i intensjonsplanen for samanslåinga til region Vestlandet samde om at politisk og administrativ leiing for det folkevalde regionale nivået skal vere i Bergen, medan dei legg til grunn at eit samanslått fylkesmannsembete skal ha ei delt lokalisering og verte leia frå Sogn og Fjordane. Næringslivet i Sogn og Fjordane opplever den framforhandla intensjonplanen som eit førande dokument og forpliktande grunnlag for dei seinare demokratiske vedtaka som er gjort i fylkestinga.  Og dette er ein samla avtale som er godt balansert i det å fordele roller og ansvar i ein framtidig felles region. Vi er såleis av den oppfatning at skal vi skape framtidig brei entusiasme og oppslutning om ein ny felles region, så må vi ha respekt for og holde oss til dei demokratiske vedtaka som er gjort.

Opprett ny region på Vestlandet

Sogn og Fjordane Næringsråd går aktivt inn for at det blir oppretta ein ny region på Vestlandet. Primært ønskjer vi at regionen skal vere samansett av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Samanslåing av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vere eit første steg på vegen mot ei større eining. Den nye regionen må få tilført nye oppgåver frå statleg nivå.

Ein ny region på Vestlandet kan gi betre balanse mellom eit tyngdepunkt i vest og den konsentrasjonen av makt som finst i hovudstadsområdet. Erfaring tilseier nemleg at ein til denne tid ikkje har greidd å demme opp i tilstrekkeleg grad mot opphoping av makt og arbeidsplassar i det sentrale austlandsområdet.

I politiske prosessar er det gjerne slik at gjennomslagskrafta er mykje avhengig av kva tyngde som står bak synspunkta som blir fremma. Maktar ein å skape større fagmiljø og å styrkje kompetansen, kan det føre til at ein ny vestlandsregion i større grad enn no vil nå fram med krava sine. Påverknaden overfor Regjeringa, Stortinget og andre viktige samfunnsorgan kan følgjeleg bli vesentleg større enn i dag. Det vil fremme dei regionale interessene og gi sjansar for positiv utvikling som ein elles kan gå glipp av.

Vidare utbygging av kommunikasjonane på Vestlandet er svært viktig, for innbyggjarane og for næringslivet. Det er avgjerande for at bedriftene skal få nødvendige vekstvilkår og for at potensialet i samfunnet kan utnyttast best mogleg. Ei god samordning av ulike prosjekt i regionen vil gi meir tyngde i kravet overfor nasjonale styresmakter om midlar.

Sogn og Fjordane har mange og store ressursar. Mange av dei er naturgitte. Dersom dei blir ein del av ein større region, er sjansen stor for at dei kan utnyttast til beste for innbyggjarane. Det kan vere fleire næringsaktørar som finn interesse for ressursane, og det kan vere lettare å finne finansiering til utbygging enn om ein er i ei mindre geografisk eining.

Blir Sogn og Fjordane del av ein større region, meiner vi det er lettare å få til betre samhandling og skape større bu- og arbeidsområde enn det som er tilfellet i dag. I sin tur kan det vere med på å leggje grunnlaget for vekst og utvikling.

Vil bygge vinnarlaget

Leon Bakkebø tilsett som første daglege leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

 

Sogn og Fjordane Næringsråd har tilsett Leon Bakkebø som sin første daglege leiar. Han skal inspirere bedriftene i fylket til meir samarbeid, meir kunnskapsdeling og bli eit vinnarlag på Vestlandet. 

 

Leon Bakkebø er frå Dale, men har budd mange år i Stryn og er i dag busett på Sandane. Han er utdanna siviløkonom og har hatt mange leiande roller i både norske- og utanlandske selskap. Mellom anna har han vore engasjert i industrien, i handelsverksemd, maritim sektor, gründerselskap og ikkje minst i bank og finans.

 

-Eg har eit brennande engasjement for heimfylket mitt og håpar at eg kan bruke erfaringa mi til å fremje vekst og utvikling i Sogn og Fjordane, seier Leon Bakkebø.

 

Innovativt fellesskap

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa organisasjon som Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har teke initiativet til. Rådet har invitert alle bedriftene i fylket til å bli medlem for å fremje næringsinteressene og hente inspirasjon frå kvarandre i eit innovativt fellesskap.

 

-Initiativet har blitt møtt med begeistring. Ikkje minst i eit fylke med store avstandar og mange små miljø, er det trong for ein slik samlande organisasjon som løfter fram behov, idear og kunnskap. Håpet mitt er at Sogn og Fjordane Næringsråd skal kompensere for manglande klyngemiljø i fylket, seier den nyvalde, daglege leiaren.

 

På godfot med kvarandre

Leon Bakkebø brukar fotballspråket for å karakterisere utfordringa i Sogn og Fjordane. Han trur bedriftene og offentlege organ i fylket må dyrke kvalitetane sine og spele kvarandre gode for å vinne kampar og konkurransar i åra framover.

-Vi skal få fram vinnarlaget, er den klare oppmodinga frå Leon Bakkebø.

 

Nøgd styreleiar

– Vi er svært nøgde med at Leon Bakkebø takka ja til stillinga. I han har vi fått ein leiar som brenn for nærings- og samfunnsutviklinga i fylket, ein erfaren leiar og ein person som kjenner næringslivet godt. Med hans glød og entusiasme er eg sikker på at vi har fått ein dagleg leiar som vil inspirere bedriftene og vere ei tydeleg røyst frå næringslivet i kommunikasjonen med andre samfunnsaktørar, seier styreleiar Yngve Hallén i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Stad skipstunnel

Sogn og Fjordane Næringsråd er ei foreining som blei stifta i november 2016, og den er eigd av bedrifter i fylket og styrt av aktive bedriftsleiarar. Foreininga skal på ein offensiv måte  fremme interessene til næringsaktørane i Sogn og Fjordane og ta næringspolitiske initiativ. Vi rekrutterer medlemmene våre frå alle typar bedrifter i privat sektor. På den måten får vi svært god representativitet. Å få bygt Stad skipstunnel snarast mogleg er svært viktig for oss.

Bakgrunn

I fleire tiår har det vore arbeidd med å få realisert ein skipstunnel for at størstedelen av skipstrafikken kan unngå det harde og lunefulle havstykket  rundt Stad. Traseen er planlagd frå Moldefjorden til Kjødepollen i Selje kommune.

Det har skjedd mange forlis på Stadhavet. Sidan andre verdskrigen har 34 personar mist livet i dette havområdet. Det er rapportert om mange nestenforlis. Det høyrer med til historia at svært få torer å passere Stad under dårlege vêrforhold. Dermed oppstår forseinkingar og auka kostnader for sjøtransporten.

Sikkerheit

Når Stad skipstunnel  blir bygd, kan faremomenta reduserast dramatisk. Etter dei planane som no ligg føre, vil 81 pst. av den noverande skipstrafikken kunne kanaliserast  gjennom skipstunnelen. Ein eliminerer dermed i svært stor grad faren for at menneskeliv går tapt på grunn av seglas rundt Stad. Det er det aller viktigaste momentet i denne saka.

Gods frå veg til sjø

Det er eit faktum at sjøtransporten kan bli langt meir effektiv om dei farande kan bruke skipstunnelen som ein sikker trasé. Ein stor del av godstransporten kan flyttast frå veg til sjø dersom ein eliminerer eit ekstremt farleg havstykke. Ikkje minst er dette relevant i eit område der det er svært stor trafikk på grunn av eit dynamisk miljø innanfor fiskerinæringa.

Transportkostnadene for næringsaktørane kan reduserast vesentleg. Dessutan blir transporten langt meir effektiv. Ein sparer tid, får lågare drivstofforbruk og reduserer utslipp av forureinande gassar. Det er i pakt med ei framtidsretta tenking.

SINTEF har i ein rapport peikt på at fiskerinæringa taper 30-40 mill. kr årleg på grunn av vanskeleg passering ved Stad. Dårleg vêr fører til ventetid og redusert kvalitet på fangsten. Oppdrettsnæringa opplever tapte inntekter på grunn av prisreduksjon fordi ein får ventetid og dødtid ved anlegg som skal foredle fisken.

Bind saman regionar

Når skipstunnelen er bygd, opnar det for ei stor betring av samferdsla på kysten av Vestlandet. Det legg straks grunnlaget for å opprette hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund, med ei samle reisetid på ca. fem timar. Mellom Måløy og Ålesund  kan reisetida reduserast til 1 t 45 min. Ei slik nyvinning vil dermed opne for pendling mellom kommunar og distrikt sør og nord for Stad. Det vil auke fleksibiliteten i arbeids- og næringslivet og kunne betre konkurransekrafta.

Stad skipstunnel vil på ein effektiv måte opne for eit nytt bu- og arbeidsområde. Det kan gå frå Vågsøy i Ytre Nordfjord, via den maritime klynga på den sørlege delen av Sunnmøre og til Ålesund.

Reiselivsaktivitet

Tunnelen kan bli ein stor attraksjon fordi den blir eineståande i verdssamanheng. Berre det kan skape grunnlag for ny og utvida aktivitet innanfor reiselivet med interesse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Når vi dessutan veit at det allereie finst fleire interessante attraksjonar både sør og nord for Stad, vil dette samla sett ha potensial til ei vesentleg utviding av aktiviteten fordi kommunikasjonsvegen blir betre, tryggare og raskare.

Rask realisering

Vi er kjende med at Stad skipstunnel  er teken inn i Nasjonal transportplan som blei behandla i Stortinget i juni 2013, noko som er klart positivt. Det som no står igjen, er at samferdslestyresmaktene syter for at oppfølgingsarbeidet frå fagetaten skjer så raskt som mogleg, og at departementet legg til rette for utbyggingsvedtak og finansiering omgåande.

Høyringsuttale til val av hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet

Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN) har merka seg at SVV to gonger har tilrådd rv. 52 som hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet. SFN vil i samsvar med SVV si tilråding, krevje at rv. 52 blir hovudvegsamband mellom Aust- og Vestlandet.

I høve rv. 7, har rv.52 best vinterregularitet, klart lågast stigningsprofil og er ikkje konkurrent til jernbana. Vegen har også mest tungtransport.

Alt i dag finn vi derfor at den store tyngda av trafikk mellom aust og vest går på rv. 52. Trafikken går dit den kjem snøggast og rimelegast fram.

Det ville ha vore interessant om departementet i tillegg hadde rekna på netto nytte-vinst ved å etablere ei bru Manheller-Fodnes. Dette er i dag det største ferjesambandet i fylket. Med ei ny bru på plass, ville tidsbruken Florø-Oslo med ein ny rv. 52, bli redusert frå 8 timar til 6,9 timar.

 

Det spesielle med rv.52 er at kvart steg i opprustinga vil komme trafikken til gode. Trafikken går der i dag og vil straks kunne ta forbetringar i bruk, i motsetnad til andre vegstrekningar der større tiltak må til for å endre køyrevala til person- og godstrafikken.
Rv. 52 opnar heile Vestlandet mot Austlandet for person- og godstrafikk i kombinasjon med E134 og ein diagonal (Hordalandsdiagonalen) som sikrar Bergen og Hardanger.

Vegen vil knyte kystnæringane til innlandet og Austlandet og synleggjere effekten av å opne Nordvestlandet. Mange ser på kystnæringane som den nye olja. Med stuttare reiseavstand og betre veg, vil vi også kunne nå Gardermoen og med det utlandet som er viktige marknader nett for desse næringane. Fisk er ei av dei viktigaste næringane i Norge og ein snøgg og trygg veg vil gi oss betre konkurransekraft.

Sogn og Fjordane er med 1,3 mill. gjestedøgn og NOK 1,6 mrd. i reiselivsomsetning per år eit av landet sine største reisemål med nokre av Norges fremste attraksjonar.
Rv. 52 over Hemsedal er ein særs sentral og viktig vegstrekning for reiselivet i Sogn og Fjordane og for trafikken mellom Oslo – Sognefjorden – Nordfjord-Sunnmøre og Bergen. Trafikkaksen Oslo – Sogn – Bergen er spesielt viktig med det største volumet i form av attraksjonsbesøk i Flåm og gjestedøgn i Sogn. I tillegg kjem trafikken nord mot Nordfjord/Geiranger/Sunnmøre og sørover mot Voss/Hardanger/Stavanger.

Medan jarnbana fraktar 70 % av stykkgodset mellom Bergen og Oslo, er det ikkje godstransport på bane til Sunnmøre og Sogn og Fjordane. Bergensbana må rustast opp og gjerast konkurransedyktig for transport, men det gir inga løysing for store deler av Vestlandet.

For Nord-Vestlandet er også rv. 15 ein svært viktig veg der spesielt Strynefjellstunnelane må på plass.

I valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda som det andre hovudvegsambandet, krev vi at valet vert utbygging av rv. 52.