Marie er vår nye kollega

Marie Tefre Birkeland er tilsett som ny kommunikasjons-og marknadsarbeidar i Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd.

– Eg har alltid vore glad i heimfylket mitt og ser fram til å begynne i jobben. Det blir spennande å få jobbe med ei merkevare som allereie er godt etablert, i tillegg til å vere med på å bygge opp noko heilt nytt, seier Birkeland.

Stillinga vert delt mellom Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd. Selskapa har mange samanfallande interesser, og har difor valt å gå saman om å tilsette ein felles medarbeidar.

Birkeland har ein bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare jobba for Firda og TV 2, og er no i foreldrepermisjon.

– Etter fleire år i Bergen er eg no klar for nye utfordringar. Planen har alltid vore å flytte til Sogn og Fjordane, så det kunne ikkje ha klaffa betre med å få tilbod om ei så interessant stilling. Sogn og Fjordane har mykje å by på, og eg gler meg til å vise fram eit attraktiv næringsliv og karrieremulegheitene knytta til det.

Framtidsfylket er Sogn og Fjordane si merkevare for karriere og rekruttering. Kjerneelementa er nettportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. Selskapet jobbar på eit overordna nivå med marknadsføring av Sogn og Fjordane som eit attraktivt bu- og arbeidsområde.

Sogn og Fjordane Næringsråd er ein nyskipa interesseorganisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Næringsrådet skal bidra til større vekstkraft og verdiskaping i regionen, fremme næringsinteresser og vere eit felles talerør for næringslivet.

– Begge selskapa har store ambisjonar framover, og denne tilsetjinga gjer det muleg å styrke arbeidet vårt både ovanfor næringslivet og potensielle arbeidstakarar, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Birkeland vil få ansvaret for dei digitale flatene til begge selskap, delta i planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar, samt å følge opp nye og eksisterande kundar og medlemmar.

– Marie har både erfaring og utdanning, som vi vil få stor nytte av i Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN) og i Framtidsfylket. Ho vil bli eit viktig bindeledd mellom selskapa, som skal samarbeide på mange arenaer framover, seier Leon Bakkebø, dagleg leiar i SFN.

Birkeland byrjar i stillinga 1.november.

 

For meir informasjon:

Marie Birkeland: 901 71 344
Leon Bakkebø: tlf 908 34 487
Gro Rukan: tlf 913 21 392