Høyringsuttale til NOU 2019/16 frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Sogn og Fjordane Næringsråd har om lag 120 medlemar frå bedrifter og næringsorganisasjonar i Sogn og Fjordane og vi har medlemar frå dei fleste næringane. Sogn og Fjordane er eit viktig kraftfylke med stor kraftproduksjon frå vasskraft og mange bedrifter som er sterkt knytte til denne næringa både som forbrukar og leverandør. Mange av desse er våre medlemar.

Innleiing:

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til mykje av det som kjem fram i NOU 2019/16. Det har vore store forventningar frå heile kraftbransjen til utgreiinga som Kraftskatteutvalet skulle gjere for å «legge best mogeleg til rette for samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft». Dei sterke reaksjonane på utvalet si innstilling viser at vi har fått ei utgreiing som ikkje svarar til dei utfordringane som større kraftutbygging møter og som slår beina under mesteparten av småkraftnæringa. I tillegg skaper den stor uro og usikkerheit i mange kraftkommunar i distrikts-Norge med forslag om å ta frå kraftkommunane kraftinntektene. Desse inntektene har vore betaling frå storsamfunnet for dei naturinngrepa som kraftutbygginga har ført til. Det er etter Sogn og fjordane Næringsråd sitt syn ikkje opp til Kraftskatteutvalet å føreslå endringar i høve til dette.

Sogn og Fjordane Næringsråd har kommentarar og merknader til tre sider ved tilrådinga frå Kraftskatteutvalet. Det gjeld småkraft, større kraftverk/utbyggingar/oppgradering og kraftskatt til kommunane.

Småkraft:

Kraftskatteutvalet føreslår å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverk frå 10 MVA til 1,5 MVA. Det får svært dramatiske konsekvensar for meir enn 200 småkraftverk. Mange av desse er bygde med vissheit om at innslagspunktet for grunnrenteskatt skulle ligge fast. Ein del har også starta bygging av med dei same føresetnadane.

For leverandørindustrien har framlegget frå Kraftskatteutvalet allereie fått svært alvorlege følgjer. Det er full stans i nye prosjekt, og investeringar på 8-9 mrd. kroner er sette på vent. Det får dramatiske konsekvensar for mange bedrifter og arbeidsplassar i distrikta.

Eit samla Storting vedtok så seint som i 2015 å heve innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5,5 MVA til 10 MVA. Dette vart gjort mellom anna fordi ein såg at småkraftnæringa var viktig både som distriktsnæring og som kraftprodusent. Småkraftverk er også ei utbygging som skil seg frå anna kraftutbygging og den har andre prosedyre for godkjenning. Derfor har 10 MVA grensa vore ei fornuftig grense for grunnrenteskatt og ei grense som må vidareførast. Det er etter Sogn og Fjordane Næringsråd sitt syn ingen grunn til å vente med å slå dette fast, og det er svært gledeleg at regjeringa allereie i høyringsperioden har avvist dette forslaget.

Større kraftutbygging/renovering og oppgradering:

Slik grunnrenteskatten er innretta i dag, betalar kraftverka grunnrenteskatt på eit mykje høgare grunnlag enn den ekstra avkastinga naturressursen gir. Grunnlaget for grunnrenteskatten vert derfor oftast høgare enn grunnlaget for overskotsskatten sjølv om overskotsskatten skal beskatte heile overskotet.

Dette fører til at viktige vasskraftprosjekt, mellom anna innan opprusting og utviding blir lagt på is på tross av at dei er samfunnsmessig lønnsame. Det er ikkje mogleg å finansiere eit kraftverk til ei rente som er på nivå med friinntektsrenta som var 0,7% i 2018. Dette gjer at grunnrenteskatten må betalast av eit langt høgare grunnlag enn det faktiske overskotet, og dette fører til at ein går glipp av store mengder regulerbar fornybar vasskraft.

Forslaget frå Kraftskatteutvalet vil bety auka skatteinntekter til staten, reduserte skatteinntekter til vertskommunane og reduserte driftsresultat for kraftselskapa. Det er ikkje med på å legge til samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft

Det er svært viktig at den vidare handsaminga av NOU 2019/16 fører til at ein får eit skattesystem som gjer at vi får vidareutvikla vasskrafta. Ein må jobbe vidare med å finne gode modellar for skattlegging som gjer at nye prosjekt, oppgradering og renovering ikkje bli skatta i senk i tidlegfase. Ein kan til dømes auke friinntektsrenta og sjå på avskrivingsreglane. Då vil ein kunne oppfylle målsettinga om å få fleire samfunnsøkonomisk lønsame vasskraft-utbyggingar og ein vil i tillegg oppfylle målsettingane om auka fornybar kraftproduksjon. Det vil også legge til rette for næringsutvikling og større verdiskaping i store delar av landet og vere eit svært viktig tiltak for å nå klimamåla både nasjonalt og internasjonalt.

Kraftskatt til kommunane:

Kommunane sine inntekter frå konsesjonskraft og konsesjonsavgifter er fastlagde gjennom konsesjonshandsaminga. Framlegget frå Kraftskatteutvalet bryt viktige føresetnader i konsesjonsvilkåra og det vil vere både alvorlege løftebrot og umoralsk å endre dette.

I tillegg til dette vil forslaget frå Kraftskatteutvalet svekke kraftnæringa sin legitimitet i dei områda der det er kraftutbygging i dag. Det vil også gjere det vanskelegare å få folkeleg og lokalpolitisk oppslutning kring vidare utvikling av vasskrafta. Vertskommunane er ein svært viktig samarbeidspartnar for kraftnæringa. Det gjeld både for nye utbyggingar og naudsynt opprusting og oppgradering av kraftanlegg. Ein kan ikkje øydelegg tilliten mellom storsamfunnet og desse kommunane slik som Kraftskatteutvalet legg opp til dersom ein skal lukkast med målsettinga om meir rein fornybar energi frå vasskraft.

Hornindal/Sogndal 27. desember 2019

 

page2image42787840 page2image40430768

Høyringsuttale til NOU 2019:18 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Høyringsuttalen er utarbeida i samarbeid med samfunnsøkonom Johannes Idsø, assisterande instituttleiar ved Høgskulen på Vestlandet.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til det som er lagt fram av fleirtalet i Havbruksskatteutvalet om skattlegging av havbruk. Sogn og Fjordane Næringsråd er også kritisk til korleis saka har blitt lagt fram. Mange har mellom anna kopla auka skattlegging av havbruksnæringa opp mot framlegging av skattelister. Det har ført til ei svært negativ og unyansert omtale av ei svært viktig distriktsnæring.

Bakgrunn:

Det er 12 matfiskprodusentar som er registrert med hovudkontor i Sogn og Fjordane. I tillegg har Mowi og Erko Seafood produksjon i fylket men dei har hovudkontor i Bergen. Matfiskproduksjonen i Sogn og Fjordane er i underkant av 10 prosent av samla produksjonen i Norge. I gjennomsnitt vart det slakta 103 tusen tonn laks i Sogn og Fjordane i perioden 2011- 20181. Talet på tilsette i oppdrettsnæringa inkludert ringverknadane i privat sektor er estimert til om lag 1600 årsverk i Sogn og Fjordane. I fleire kystbygder som for eksempel Byrknesøy og Bjordal er oppdrettsnæringa å betrakte som hjørnesteinsbedrifter og dannar det økonomiske fundamentet for bygda sin eksistens. Grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa er svært øydeleggande for den verdiskapinga som skjer i og rundt næringa og den må avvisast. Her er nokre argument for kvifor:

Arealbruk og samfunnsøkonomiske kostnadar:

Dei sjøareala som oppdrettsnæringa brukar er ein svært liten del av Norges totale sjøareal. Alternativkostnadane – det vil seie dei samfunnsøkonomiske kostnadane – som er knytt til oppdrettsnæringa sin bruk av desse areala er lik null. Å vise til at «næringen bruker fellesskapets ressurser» blir derfor feil. Dersom dette var rett måtte også andre næringar som brukar fellesskapet sine ressursar, til dømes fjordane, hatt den same skattlegginga. Det er heilt uaktuelt.

Teknologiutvikling og lønsemd:

Før 1981 låg oppdrettsnæringa under Landbruksdepartementet og vart sett på som ei tilleggsnæring for bønder og som få hadde tru på ville ha nokon stor framtid. Dei økonomiske resultata i oppdrettsnæringa skuldast i første rekke at næringa sjølv har klarte å utvikle teknologi og metodar som gjer produksjon av matfisk lønsam. Når næringa no haustar fruktene av sitt utviklingsarbeid blir det feil å vise til dei økonomiske resultata og bruke det som grunngjeving for å innføre ein ekstra skatt på næringa.

Markedsutvikling og lønsemd:

I 1991 var det krise i oppdrettsnæringa. Produksjonen var større enn det marknaden ville ta unna. Sidan den gang har næringa ved svært omfattande ressursbruk klart å utvikle internasjonale marknader. Dei gode prisane på laks dei siste åra skuldast at næringa sjølv har vore i stand til å utvikle både marknaden og eit effektivt salsapparat. Av SSB-rapporten (2019/34) «Grunnrenten i norsk akvakultur og kraftproduksjon fra 1984 til 2018.» går det fram at grunnrenta har vore høg sidan 2013.

Det kjem også fram av den same rapporten at prisen på laks har vore høg i den same perioden. Årsaka til høg inntening er derfor høg pris på verdsmarknaden som igjen er eit direkte resultat av næringa sine investeringar i marknadsutvikling. Dei siste 6-8 åra har også veksten i produksjonen av laks og aure stoppa opp på grunn av at ein politisk har lagt fram tiltak som «trafikklyssystemet» som skal styre produksjonen utifrå lakselusa sin påverking på villaksen. Å innføre ein særskatt på næringa fordi den har lukkast i sitt arbeid for å utvikle marknaden på same tid som auka produksjon i Norge har blitt halde tilbake blir derfor feil.

Større konkurranse og grunnrente:

Havgåande oppdrettsanlegg er under utvikling. Produksjonen på verdsbasis vil truleg auke kraftig i åra som kjem. Det vil presse marknadsprisane ned. Dersom forslaget frå fleirtalet i Havbruksskatteutvalet blir gjennomført vil det kunne føre til at oppdrettsnæringa ikkje har tilstrekkeleg kapital til å møte denne konkurransen.

Selskapsskatt til staten og utbytte til eigarane:
Gjennom selskapsskatten får staten meir enn det som eigarane av oppdrettsbedriftene tek i utbytte. Regneskapa til alle oppdrettsbedriftene med forretningsadresse i Sogn og Fjordane i perioden 2009-2018 viser at eigarane av oppdrettsbedriftene i sum i gjennomsnitt tok ut 102 millionar kroner i utbytte pr år medan selskapsskatten som oppdrettsbedriftene betalte til staten i gjennomsnitt var 116 millionar kroner pr år.


Store variasjonar i verdiskaping og årsresultat:

Verdiskaping og årsresultatet varierer svært mykje. I 2012 var årsresultatet og verdiskapinga nær null. Det indikerer ei næring med høg risiko.

Staten tek ut den største delen av verdiskapinga:

Med dagens regelverk er det staten som tek inn mest frå oppdrettsnæringa. I ti-året 2009-2018 har staten i gjennomsnitt pr år teke inn 146 millionar kroner frå matfiskprodusentane (selskapsskatt, skatt på lønsinntekt og arbeidsgjevaravgift). Eigarane har teke ut 102 millionar kroner i utbytte pr år medan det tilsette har fått utbetalt 52 millionar kroner når skatten er trekt frå. I perioden 2009-2018 fekk staten 27 prosent av verdiskapinga, eigarane fekk 15 prosent medan dei tilsette fekk 12 prosent. Resten av verdiskapinga vart pløgd tilbake i bedrifta og brukt til næringsutvikling og forsking. Ein del av utbytte til eigarane blir også brukt til å betale skatt til stat og kommunen. At næringa mellom anna gjennom ei pålagt avgift har tilstrekkeleg med ressursar til forsking er svært viktig for å kunne bevare og helst auke den framtidige produksjonen på ein berekraftig måte.

Tabell: Utbetalingane til Staten (selskapsskatt, skatt på lønsinntekt og arbeidsgjevaravgift), dei tilsette og eigarane frå oppdrettsbedrifter med forretningsadresse i Sogn og Fjordane. Tal i millionar kroner.

Oppdrettsnæringa og regionaløkonomisk utvikling:

Oppdrettsnæringa er svært viktig for den økonomiske utviklinga i mange lokalsamfunn. Ei undersøking som vart føreteken av Høgskulen i Sogn og Fjordane2 viste at 73 prosent av alle innkjøpa til matfiskprodusentane i fylket vart føreteke i fylket. Det vil seie at oppdrettsnæringa brukar lokale leverandørar i den grad dette er mogeleg. I tillegg investerer eigarane av oppdrettsanlegg i lokale bedrifter. Eksempel på dette er utviklinga av Skjerjehavn til ein turistdestinasjon og utvikling av mekanisk industri i Bjordal (Østerbø maskin).

Oppdrett av nye artar:

Oppdrettsnæringa i Sogn og Fjordane er sterkt involvert i oppdrett av nye artar som kveite, torsk og ulike artar skjell. Hittil har ein ikkje lukkast i å gjere produksjon av disse artane lønsam, men fleire bedrifter arbeider for at dette skal bli ein realitet. I ei verd med ei sterkt aukande befolkning og med klimaendringar som kan føre til at verda sin landbaserte matproduksjon blir svært variabel er det viktig at næringa har finansielle ressursar til å halde fram med sitt viktige utviklingsarbeid.

Konklusjon
Men bakgrunn i dei momenta som er vist over meiner Sogn og Fjordane Næringsråd at det vil vere feil og svært skadeleg å pålegge oppdrettsnæringa ein grunnrenteskatt som ikkje har anna grunnlag enn at overskotet i enkelte gode år har vore stort. Sogn og Fjordane Næringsråd meiner at ein i staden kan vurdere ei arealavgift til verts-kommunen basert på lokalitetane som næringa får nytte seg av. Denne arealavgifta må være slik at den går uavkorta til den kommunen der lokaliteten er og dermed er uavhengig av kvar oppdrettsbedrifta har si forretningsadresse. Arealavgifta må derfor ikkje vere ein del av det kommunale inntektsutjamnings-systemet.

Sogn og Fjordane Næringsråd meiner også at denne typen endringar som fleirtalet i Havbrukskatteutvalet legg opp til må skje i eit nært samarbeid mellom næringa og regjeringa og ikkje gjennom ekspertutval i meir eller mindre fri dressur.

Hornindal/Sogndal 29. januar 2020

page4image40748256

 

Nyheitsbrev og julehelsing frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd kan sjå tilbake på eit spennande og innhaldsrikt år. Det har vore mange bedriftsbesøk og mange viktige arrangement både i eigen regi og saman med andre. SFN har fått markert seg som eit viktig talerøyr og døropnar inn mot regjeringa og Stortinget på vegne av enkeltmedlemmar og fellesskapet. Den siste tida har vi til dømes brukt mykje tid på kraftskatteutvalet og havbruksutvalet. Det har også vore ei svært gledeleg utvikling i medlemstalet med ein auke frå 85 ved sist årsskifte til vel 120 i dag.

Sogn og Fjordane Næringsråd har også fått på plass gode kontaktpunkt mot nye Vestland fylkeskommune både politisk og administrativt. Samlinga vi hadde saman med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland tidleg i november var svært viktig både for å knyte kontakt med nye Vestland fylke og med andre næringspolitiske organisasjonar i Vest.

Det blir viktig og nyttig å styrke kontakten både med fylkeskommunen og dei andre Næringsorganisasjonane framover for å kunne tale næringslivet i Sogn og Fjordane si sak i det næringspolitiske arbeidet i Vestland. Dette gjeld både i arbeidet med strategisk næringsplan i fylkeskommunen og ikkje minst i arbeidet med rullering av Nasjonal Transportplan.

Sjølv om det har skjedd mykje positivt siste året er dette likevel berre starten på å bygge ein sterk og slagkraftig næringspolitisk organisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi kjem til å jobbe vidare med å bygge organisasjon, bygge alliansar og arbeide vidare med næringspolitiske saker inn mot styrande organ og vi ser fram til eit godt og spennande samarbeid i 2020.

Følg oss på heimesida eller på Facebook:

Her er litt av det som skal skje rett over nyttår:

Magasin om næringslivet i Sogn og Fjordane i 2020

Ei viktig oppgåve for Sogn og Fjordane Næringsråd er å framsnakke våre medlemsbedrifter og næringslivet i Sogn og Fjordane. Det gjeld både i møte med offentlege myndigheiter, på samlingar eller i møte med andre organisasjonar. Det skjer utruleg mykje spennande i næringslivet i Sogn og Fjordane, og det er merkeleg å oppleve kor lite av dette som er kjent både innanfor og utanfor Sogn og Fjordane. Når vi blir ein del av Vestland frå 1.1.2020 er det ein ekstra god grunn til å få fram det som skjer i næringslivet i Sogn og Fjordane. Dette ønskjer vi å gjere noko med.

Sogn og Fjordane Næringsråd vil saman med ei av våre medlemsbedrifter, A til Å, undersøkje om det er ønskje om å vere med i eit Magasin som syner det spennande næringslivet vi har i Sogn og Fjordane, og som kan brukast til marknadsføring og ulike presentasjonar. Det blir både ei trykksak og ei digital utgåve på heimesida til Sogn og Fjordane Næringsråd. Vi kjem til å ta kontakt med alle medlemsbedriftene rett over nyttår for å lodde stemninga for å vere med. Dersom det er interesse er det planen at Magasinet kan presenterast på generalforsamlinga vår 21. april 2020.

Medlemsundersøking saman med Bergen Næringsråd

Det er svært viktig for Sogn og Fjordane Næringsråd å vere tett på bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane for å kunne ta opp aktuelle saker og knyte kontaktar. I tillegg til direkte kontakt med medlemsbedriftene ønskjer vi å vere med på ei medlemsundersøking som Bergen Næringsråd har for sine medlemsbedrifter i Hordaland rett over nyttår.

Medlemsundersøkinga vil handle om kva som skjer i bedrifta i 2020 og om framtidsutsiktene vidare. SFN ønskjer å ha med spørsmål som handlar om Sogn og Fjordane og spørsmål som handlar om Vestland. Undersøkinga vil også bli brukt inn mot fylkeskommunen sitt arbeidet med strategisk næringsplan og aktivitetar i fylkeskommunal regi som Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere med på. Medlemsundersøkinga vil også bli ei nyttig kartlegging for Sogn og Fjordane Næringsråd og den vil vere med på å legge grunnlaget for ein del av våre aktivitetar i 2020.

God jul, og godt nytt år!

Finansminister Jan Tore Sanner kjem på besøk til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Næringsråd har invitert finansminister Jan Tore Sanner til å kome til Sogn og Fjordane.

Vi er no svært glade for at vi har fått stadfesta at han kjem på besøk 14. februar 2020.

Vi jobbar med ei spennande reiserute og program for besøket. Dette kjem vi tilbake til med endeleg program og reiserute så snart det er avklart.

Framsidebilete er tatt av Marte Garmann, Regjeringen.no

Vellukka samling med Monica Mæland på besøk

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland inviterte alle næringsorganisasjonane og verkemiddelapparatet i Sogn og Fjordane og Hordaland til ei felles samling i Førde 4.-5. november.

Det var kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som opna fellessamlinga, då ho og mange andre starta dagen på PEAK Sunnfjord der vi fekk ei spennande omvising og fekk møte mange av dei flotte bedriftene som er på PEAK.  

 

Saman inn i Vestland

Tema for samlinga var næringsutvikling og næringspolitikk i Vestland fylke og målsettinga med konferansen var å få god kjennskap til organisering og strategiske satsingsområde for den nye fylkeskommunen og til endringar som kjem som eit følgje av at eit nytt fylke. 

Vi hadde også ei god økt med nokre av dei nye fylkespolitikarane i Vestland fylkeskommune. Det var mellom anna innlegg ved fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis. Paneldebatt vart det også då Noralv Distad frå Vestland Høgre og Helge Stormoen frå Vestland FrP tala.

 

Ovanfor: Monica Mæland snakkar for lyttande publikum.


Eit løft for næringslivet

Ein av grunnane til at vi ønska å få til denne felleskonferansen, var å legge til rette for god dialog med næringsavdelinga i den nye fylkeskommunen. Eit mål var også å kunne kome med innspel og legge føringar om det næringspolitiske arbeidet frå 1.1.2020. I tillegg ønska vi også å knyte sterkare band mellom dei næringspolitiske organisasjonane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland er svært glade for at vi fekk til ei slik samling allereie før Vestland fylke er offisielt tredd i kraft. Vi er svært takksame for alle dei gode innlegga og diskusjonane som alle deltakarane bidrog aktivt til. Dette var også eit viktig startskot for eit sterkare samarbeid mellom Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland til beste for næringslivet i Vest.

Takk for no, heilt til neste gong.

Bjørn Lødemel
Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd

 

HER finn du program frå samlinga.

HER finn du presentasjonane frå foredraga.

Kraftskatteutvalet ute av kurs

Ein kronikk av Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd

 

Det har vore store forventningar frå heile kraftbransjen til utgreiinga som kraftskatteutvalet skulle gjere for å «legge best mogeleg til rette for samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft». Dei sterke reaksjonane på utvalet si innstilling viser at vi både har fått ei utgreiing som ikkje svarar til dei utfordringane som større kraftutbygging møter og som slår beina under mesteparten av småkraftnæringa.  I tillegg set den fyr på heile distrikts-Norge med forslag om å ta frå kraftkommunane kraftinntektene som gjennom alle tider har vore betaling frå storsamfunnet for dei naturinngrepa som kraftutbygginga har ført til.

For kraftbransjen er det særleg forslaga om senking av innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraft og at ein ikkje får på plass eit skatteregime som sikrar at samfunnsøkonomiske lønsame vasskraft-utbyggingar blir gjennomført som skapar dei sterke reaksjonane. Dette var hovudmålsettinga til utvalet, og det er svært skuffande at dei ikkje har levert på dette området.

Grunnrenteskatten er ein særskatt som skal beskatte den ekstra avkastinga ein vasskraftprodusent får fordi ein utnyttar ein avgrensa naturressurs. Slik grunnrenteskatten er innretta i dag, betalar kraftverka grunnrenteskatt på eit mykje høgare grunnlag enn den ekstra avkastinga naturressursen gir. Grunnlaget for grunnrenteskatten vert derfor oftast høgare enn grunnlaget for overskotsskatten sjølv om overskotsskatten skal beskatte heile overskotet.

 

Ovanfor: Jølstra Kraftverk

 

Dette fører til at viktige vasskraftprosjekt, mellom anna innan opprusting og utviding blir lagt på is på tross av at dei er samfunnsmessig lønnsame. Både grunneigarar, vertskommunar, staten og kraftselskap går derfor glipp av store inntekter. Det er ikkje mogleg å finansiere eit kraftverk til ei rente som er på nivå med friinntektsrenta som var 0,7% i 2018. Dette gjer at grunnrenteskatten må betalast av eit langt høgare grunnlag enn det faktiske overskotet, og dette fører til at ein går glipp av store mengder regulerbar fornybar vasskraft. Her har utvalet svikta.

Når det gjeld forslaget om å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverka er dette berre tragisk. Dersom dette blir gjennomført vil det føre til ei rasering av mesteparten av småkraftnæringa. Det er i dag 50 småkraftverk under bygging og det er godkjent 350 konsesjonar som kan byggast ut. Her blir det full stans, og ein kan tape ein kraftproduksjon på meir enn 3 TWh i tillegg til at mange av dei som har bygt ut kan gå konkurs. For leverandørindustrien har dette allereie fått dramatiske konsekvensar med full stans i nye prosjekt. 

Det er berre få år sidan eit samla storting vedtok å auke innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5.5 til 10 MWA. Det gjorde at det som vi definerer som småkraft vart friteken for grunnrenteskatt. 

No ønskjer utvalet å senke innslagspunktet til 1,5 MVA noko som er langt under det som var Stortinget sitt utgangspunkt då denne grensa vart heva, og det er svært provoserande.

Konklusjonen bør vere svært enkel. Kraftskatten til kommunane må ligge fast slik at vertskommunane for kraftutbygging får kompensert for naturinngrepa slik som det er i dag. 

Forslaget om senking av innslagspunktet grunnrenteskatt må leggast til side og ein må jobbe vidare med å finne gode modellar for skattlegging av større kraftutbyggingar som gjer at desse ikkje bli skatta i senk i tidlegfase. Då vil ein kunne oppfylle målsettinga om å få fleire samfunnsøkonomisk lønsame vasskraft-utbyggingar og ein vil i tillegg oppfylle målsettingane om auka fornybar kraftproduksjon. Det vil også legge til rette for næringsutvikling og større verdiskaping i store delar av landet og vere eit svært viktig tiltak for å nå klimamåla både nasjonalt og internasjonalt.

 

Ovanfor:Kraftverk under bygging i Fjærland

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til Førde

Sogn og Fjordane Næringsråd og Bergen Næringsråd/Næringsalliansen inviterer til ei spennande og viktig næringspolitisk samling i Førde 4.-5. november med tema Næringspolitikk i Vestland. Framtidig organisering og samarbeid vil vere viktige tema.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland skal innleie på konferansen, og det nye fylket vil ha ei sentral rolle i arrangementet. Innovasjon Norge skal også delta og Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest er inviterte for å snakke om næringspolitisk samarbeid i Vestland.

Trykk her for program og påmelding.

Påmeldingsfrist: 18.oktober

Espen Børhaug (næringspolitisk rådgivar, Bergens Næringsråd), Marit Warncke (administrerande direktør, Bergens Næringsråd) og Bjørn Lødemel (dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd).

 

Fremhevet foto av M. Mæland er tatt av Torbjørn Tandberg.

Tilbyr skreddarsydd leiarstudium

Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd har tatt initiativ til eit nytt leiarutviklingsprogram. Målet er å heve nivået på leiarane i fylket.

– Omstilling, innovasjon, det grøne skiftet, bærekraftige forretningsmodellar, rekruttering, digitalisering og nytt storfylke. Dette er utfordringar vi alle føler på og ønsker å ruste oss for. I samarbeid med Sogn og Fjordane Næringsråd har vi difor fått skreddarsydd eit program for leiarar i Sogn og Fjordane, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, meiner oppdaterte leiarar er heilt avgjerande for utvikling i bedriftene.

– Vi lever i ei verd med stadig raskare omstilling og større krav til leiarskap på fleire område – også her i Sogn og Fjordane. Då er det viktig med leiarar som heng med i omstillingstakta, oppdaterer seg og har føresetnad for å utvikle bedrifta og dei tilsette. Programmet er høgst aktuelt.

Styreleiar i Framtidsfylket, Nandor Helgheim, meiner dette er ei viktig satsing for fylket og framtida:

– Vi ønsker å møte nye strukturar med endringsvilje og tilpassing. Å heve nivået på leiarane i fylket er ein god start, og vil gjere prosessane enklare.

Styreleiar i Framtidsfylket: Nandor Helgheim

Vil skape nyttige nettverk

Programmet blir levert av NHH Executive i samarbeid med AFF. Det blir lagt vekt på den enkelte deltakars kompetanse på omstilling, innovasjon og endringsleiing, samt individuelle føresetnader og ferdigheiter.

– Vidare skal programmet bidra til å utvikle verksemdene til deltakarane i både privat og offentleg sektor og skape nettverk i regionen. Vi trur at leiarane i Sogn og Fjordane vil ha nytte av å komme saman og diskutere felles problemstillingar, korleis dei kan møte framtidas utfordringar og korleis utvikle seg som leiarar, seier Lødemel.

Viktig i eit rekrutteringsperspektiv

 Fleire verksemder i Sogn og Fjordane melder at det er utfordrande å rekruttere kompetanse og arbeidskraft. Å skape gode arbeidsmiljø er eit viktig ledd i å tilby attraktive arbeidsplassar.

 – I eit rekrutteringsperspektiv er trivsel på arbeidsstaden essensielt. Vi ser at bedriftene som tar personalpolitikk på alvor og har godt leiarskap i fokus har lite gjennomtrekk. Framtidsfylket ønsker å tilby attraktive arbeidsplassar som legg til rette for at ein får vekse både fagleg og personleg, seier Hovland.

Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane næringsråd og Linda Hovland i Framtidsfylket ønsker leiarar på alle nivå med i programnmet.

Tilpassa Sogn og Fjordane

 Programmet er for leiarar på ulike nivå.

– Anten du er toppleiar, mellomleiar eller går med ønske om å bli leiar, kan du melde deg på programmet. Einaste kravet er at du har ein bachelor i botn, for programmet er på masternivå. Du oppnår 30 studiepoeng som kan vere del av ei mastergrad, seier Lødemel.

 Dei fleste samlingane vil vere i Sogn og Fjordane, samt ei i Bergen og ei i København. Oppstart er oktober 2019, og programmet vil gå fram til desember 2020

– Programmet er unikt fordi det er produsert spesielt for Sogn og Fjordane. Det betyr at tema og problemstillingar som blir tatt opp er aktuelt for vår region. Samtidig blir det nasjonale og internasjonale case på agendaen, forklarar Hovland.

Meld deg på!

Saman oppmodar dei fylket sine leiarar til å melde seg på.

– Fagleg påfyll, nye nettverk og verktøy til å møte aktuelle utfordringar er blant det du vil få ut av programmet. Vi håpar dette kan bli eit fast tilbod, slik at det etter kvart vil vere tilgjengeleg for heile Vestland. Det igjen kan bety nye samarbeid og synergiar, seier Hovland.

– Og så må vi få takke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi som viktige medspelarar for at vi kan tilby programmet. Dei ser viktigheita av eit høgt nivå på leiarane i fylket, avsluttar Lødemel.

Her finn du meir info om programmet og påmelding.

Nytt leiarutviklingsprogram til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane er inne i ei tid med store omstillingsbehov og moglegheiter. No tilbyr vi eit skreddarsydd leiarutviklingsprogram til leiarar som vil ruste seg for framtida.

Verksemder i både privat og offentleg sektor står framfor store endringsutfordringar. Sentralt i dette står endring i teknologi, endring i kunde- og forbrukaråtferd og nye forretningsmodellar. For at organisasjonen skal kunne tilpasse seg, er det viktig at leiarar fyller på med kompetanse og tek i bruk nye modellar og metodar for verdiskaping, vekst og å vere ein attraktiv arbeidsgjevar.

Bli ein leiar for framtida!

Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd inviterer til eit kompetansegjevande leiarutviklingsprogram som gjev deltakarane 30 studiepoeng på masternivå. Studiet gir deg relevant fagleg påfyll og eigenutvikling som leiar. 

Programmet blir levert av NHH Executive i samarbeid med AFF.

Klikk her for påmelding og meir informasjon om programmet 

Gjennomføring

Oppstart: 28. oktober 2019
8 samlingar over 16 månadar.

Frist for påmelding: 1. september 2019

I kompetanseprogrammet inngår

  • Åtte 2-3 dagars samlingar fordelt over 16 månadar
  • Online forelesingar i framkant av samlingane
  • Obligatorisk litteratur
  • Canvas (digital læringsplattform)
  • Ei samling er lagt til København
  • Rettleiing av  innleveringsoppgåve
  • Grupperettleiing mellom samlingane
  • Eksamensgjennomføring og sensurering

Samlingsdatoar

  • 28.– 30 . oktober : Gloppen Hotel, Sandane
  • 2. – 4.  desember : Norges Handelshøyskole, Bergen
  • 10. – 12. februar 2020: Quality Sogndal Hotel, Sogndal
  • 30. mars – 1. april 2020: Fretheim Hotel, Flåm
  • 25. – 27. mai 2020: København
  • 19.– 21. august 2020: Scandic Sunnfjord Hotel, Førde
  • 5. – 7. oktober 2020: Alexandra hotel, Loen
  • 30.11 – 2. desember 2020: Gloppen Hotel, Sandane

Pris

For tilsette i offentlege organisasjonar: kr 135 000,-
For tilsette i private bedrifter: kr 90 000,-

Differansen kjem av at det finst ulike tilskot til kompetanseheving for offentlege tilsette som kvar enkelt kan søke på. Deltaking for tilsette i privat sektor er støtta av Sparebankstsiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi.

Deltakaravgifta dekker ikkje:

Vi tek atterhald om tilstrekkeleg tal deltakarar.

Har du spørsmål om kontrakt og pris, kontakt: Linda Hovland, Framtidsfylket. Mob 99 0178 52/E-post: linda@framtidsfylket.no
Har du spørsmål om det faglege programmet kontakt: Tore Hillestad, NHH
Har du spørsmål om opptak, kontakt: Lena Marie Vestli, HNN