Vellukka samling med Monica Mæland på besøk

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland inviterte alle næringsorganisasjonane og verkemiddelapparatet i Sogn og Fjordane og Hordaland til ei felles samling i Førde 4.-5. november.

Det var kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland som opna fellessamlinga, då ho og mange andre starta dagen på PEAK Sunnfjord der vi fekk ei spennande omvising og fekk møte mange av dei flotte bedriftene som er på PEAK.  

 

Saman inn i Vestland

Tema for samlinga var næringsutvikling og næringspolitikk i Vestland fylke og målsettinga med konferansen var å få god kjennskap til organisering og strategiske satsingsområde for den nye fylkeskommunen og til endringar som kjem som eit følgje av at eit nytt fylke. 

Vi hadde også ei god økt med nokre av dei nye fylkespolitikarane i Vestland fylkeskommune. Det var mellom anna innlegg ved fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis. Paneldebatt vart det også då Noralv Distad frå Vestland Høgre og Helge Stormoen frå Vestland FrP tala.

 

Ovanfor: Monica Mæland snakkar for lyttande publikum.


Eit løft for næringslivet

Ein av grunnane til at vi ønska å få til denne felleskonferansen, var å legge til rette for god dialog med næringsavdelinga i den nye fylkeskommunen. Eit mål var også å kunne kome med innspel og legge føringar om det næringspolitiske arbeidet frå 1.1.2020. I tillegg ønska vi også å knyte sterkare band mellom dei næringspolitiske organisasjonane i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland er svært glade for at vi fekk til ei slik samling allereie før Vestland fylke er offisielt tredd i kraft. Vi er svært takksame for alle dei gode innlegga og diskusjonane som alle deltakarane bidrog aktivt til. Dette var også eit viktig startskot for eit sterkare samarbeid mellom Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland til beste for næringslivet i Vest.

Takk for no, heilt til neste gong.

Bjørn Lødemel
Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd

 

HER finn du program frå samlinga.

HER finn du presentasjonane frå foredraga.