Høyringsuttale til NOU 2019/16 frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Sogn og Fjordane Næringsråd har om lag 120 medlemar frå bedrifter og næringsorganisasjonar i Sogn og Fjordane og vi har medlemar frå dei fleste næringane. Sogn og Fjordane er eit viktig kraftfylke med stor kraftproduksjon frå vasskraft og mange bedrifter som er sterkt knytte til denne næringa både som forbrukar og leverandør. Mange av desse er våre medlemar.

Innleiing:

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært kritisk til mykje av det som kjem fram i NOU 2019/16. Det har vore store forventningar frå heile kraftbransjen til utgreiinga som Kraftskatteutvalet skulle gjere for å «legge best mogeleg til rette for samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft». Dei sterke reaksjonane på utvalet si innstilling viser at vi har fått ei utgreiing som ikkje svarar til dei utfordringane som større kraftutbygging møter og som slår beina under mesteparten av småkraftnæringa. I tillegg skaper den stor uro og usikkerheit i mange kraftkommunar i distrikts-Norge med forslag om å ta frå kraftkommunane kraftinntektene. Desse inntektene har vore betaling frå storsamfunnet for dei naturinngrepa som kraftutbygginga har ført til. Det er etter Sogn og fjordane Næringsråd sitt syn ikkje opp til Kraftskatteutvalet å føreslå endringar i høve til dette.

Sogn og Fjordane Næringsråd har kommentarar og merknader til tre sider ved tilrådinga frå Kraftskatteutvalet. Det gjeld småkraft, større kraftverk/utbyggingar/oppgradering og kraftskatt til kommunane.

Småkraft:

Kraftskatteutvalet føreslår å senke innslagspunktet for grunnrenteskatt for småkraftverk frå 10 MVA til 1,5 MVA. Det får svært dramatiske konsekvensar for meir enn 200 småkraftverk. Mange av desse er bygde med vissheit om at innslagspunktet for grunnrenteskatt skulle ligge fast. Ein del har også starta bygging av med dei same føresetnadane.

For leverandørindustrien har framlegget frå Kraftskatteutvalet allereie fått svært alvorlege følgjer. Det er full stans i nye prosjekt, og investeringar på 8-9 mrd. kroner er sette på vent. Det får dramatiske konsekvensar for mange bedrifter og arbeidsplassar i distrikta.

Eit samla Storting vedtok så seint som i 2015 å heve innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5,5 MVA til 10 MVA. Dette vart gjort mellom anna fordi ein såg at småkraftnæringa var viktig både som distriktsnæring og som kraftprodusent. Småkraftverk er også ei utbygging som skil seg frå anna kraftutbygging og den har andre prosedyre for godkjenning. Derfor har 10 MVA grensa vore ei fornuftig grense for grunnrenteskatt og ei grense som må vidareførast. Det er etter Sogn og Fjordane Næringsråd sitt syn ingen grunn til å vente med å slå dette fast, og det er svært gledeleg at regjeringa allereie i høyringsperioden har avvist dette forslaget.

Større kraftutbygging/renovering og oppgradering:

Slik grunnrenteskatten er innretta i dag, betalar kraftverka grunnrenteskatt på eit mykje høgare grunnlag enn den ekstra avkastinga naturressursen gir. Grunnlaget for grunnrenteskatten vert derfor oftast høgare enn grunnlaget for overskotsskatten sjølv om overskotsskatten skal beskatte heile overskotet.

Dette fører til at viktige vasskraftprosjekt, mellom anna innan opprusting og utviding blir lagt på is på tross av at dei er samfunnsmessig lønnsame. Det er ikkje mogleg å finansiere eit kraftverk til ei rente som er på nivå med friinntektsrenta som var 0,7% i 2018. Dette gjer at grunnrenteskatten må betalast av eit langt høgare grunnlag enn det faktiske overskotet, og dette fører til at ein går glipp av store mengder regulerbar fornybar vasskraft.

Forslaget frå Kraftskatteutvalet vil bety auka skatteinntekter til staten, reduserte skatteinntekter til vertskommunane og reduserte driftsresultat for kraftselskapa. Det er ikkje med på å legge til samfunnsøkonomiske lønsame investeringar i vannkraft

Det er svært viktig at den vidare handsaminga av NOU 2019/16 fører til at ein får eit skattesystem som gjer at vi får vidareutvikla vasskrafta. Ein må jobbe vidare med å finne gode modellar for skattlegging som gjer at nye prosjekt, oppgradering og renovering ikkje bli skatta i senk i tidlegfase. Ein kan til dømes auke friinntektsrenta og sjå på avskrivingsreglane. Då vil ein kunne oppfylle målsettinga om å få fleire samfunnsøkonomisk lønsame vasskraft-utbyggingar og ein vil i tillegg oppfylle målsettingane om auka fornybar kraftproduksjon. Det vil også legge til rette for næringsutvikling og større verdiskaping i store delar av landet og vere eit svært viktig tiltak for å nå klimamåla både nasjonalt og internasjonalt.

Kraftskatt til kommunane:

Kommunane sine inntekter frå konsesjonskraft og konsesjonsavgifter er fastlagde gjennom konsesjonshandsaminga. Framlegget frå Kraftskatteutvalet bryt viktige føresetnader i konsesjonsvilkåra og det vil vere både alvorlege løftebrot og umoralsk å endre dette.

I tillegg til dette vil forslaget frå Kraftskatteutvalet svekke kraftnæringa sin legitimitet i dei områda der det er kraftutbygging i dag. Det vil også gjere det vanskelegare å få folkeleg og lokalpolitisk oppslutning kring vidare utvikling av vasskrafta. Vertskommunane er ein svært viktig samarbeidspartnar for kraftnæringa. Det gjeld både for nye utbyggingar og naudsynt opprusting og oppgradering av kraftanlegg. Ein kan ikkje øydelegg tilliten mellom storsamfunnet og desse kommunane slik som Kraftskatteutvalet legg opp til dersom ein skal lukkast med målsettinga om meir rein fornybar energi frå vasskraft.

Hornindal/Sogndal 27. desember 2019

 

page2image42787840 page2image40430768