Konstruktivt i hovudstaden
Eit godt samarbeid med NHO Vestlandet og lydhøre, konstruktive og offensive stortingsrepresententantar, skapte engasjement og gode diskusjonar på Stortinget.
Sogn og Fjordane Næringsråd hadde mange saker og tema på dagsordenen då vi møtte stortingsbenken vår tysdag denne veka.
Skattar og nettleige
Kraftselskapa våre ønskjer å investere i nye utbyggingar. Då må vi ha ei skattelegging som ikkje hindrar investeringar. Desse investeringane er også viktig for eit stort mangfald av kompetente underleverandørar i fylket.
Vi har nemnd tidlegare at nettleiga må utjamnast for å redusere kostnader for næringsliv og privatkundar, samtidig som kraftkrevjande industri blir godt ivaretatt.
Maskinskatt og MVA-auke for reiseliv vart også grundig presentert og diskutert. For maskinskatten kan det sjå ut som om det ikkje er fleirtall for utfasing av denne no, utan at det blir tenkt kompensasjonsordningar for kommunane.
Samferdsle
God breiband dekning er nøkkelen til næringsutvikling og busetting. Difor må det løyvast vesentleg meir pengar til breibandutbygging enn både 2017-nivå og det som ligg i budsjettforslaget for 2018. Det må satsast offensivt. Dette var stortingsbenken lydhøyr for, og einig i..
Ei raskare utbygging og utbetring av gjennomfartvegane våre er viktig for å oppretthalde eit konkurransedyktig næringsliv. Det må løyvast pengar i samsvar NTP. Og det er viktig at anbudsvilkåra i byggeprosjekta blir slik at våre regionale leverandørbedrifter kan delta i anbuda.
Ei tydeleg og generell oppfordring frå stortingsbenken på samferdsleprosjekta i fylket er at vi må klare å framstå meir samstemte og samhandlande på prioriterte prosjekt. Det er då vi kan bli høyrt og få gjennomslag sentralt. Her har vi ein jobb å gjere.
Utdanning
Satsing og godt tilrettelagt utdanning er viktig for bedriftene. Sogn og Fjordane Næringsråd tok opp behovet for stabile løyvingar til høgskule linjene våre. Behovet for endå betre tilrettelegging og satsing for yrkesfaggruppene var også diskutert. Så er det viktig at Stortinget opprettheld bortebuarstipendet og at ordningane for lån-og studentbustadar skal bli betre.
Fleire saker
Muligheitsrommet og satsinga vi ønskjer å gjere på nye fornybare energiformer i fylket, som til dømes bølgjekraft, hydrogen og elektrifisering vart godt presentert og diskutert. Dette ser dei, og besøket til statsministeren understreka fokuset dette har.
Småskala-landbruket vårt treng forutsigbarheit for å investere. Det er ei stor primærnæring og særdeles viktig for tilhøyrande sekundærnæringar i fylket.
Vi takkar medlemmane våre for gode innspel i forkant av møtet.
Les også:
Formueskatten hemmar næringsutviklinga
Vi må henge saman eller bli hengt kvar for oss
Opprett ny region på Vestlandet