Solid søkarliste

Leon Bakkebø har takka for seg i Sogn og Fjordane Næringsråd. Fleire vil ta over jobben hans.

Styret jobbar no med å få på plass ein ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, men det vil truleg ikkje bli nokon nye i sjefsstolen før etter nyttår.

Søknadsfristen på stillinga som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd gjekk i midten av september, og styret er godt fornøgd med søkarlista.
— Kandidatane som har meldt interesse for stillingane er svært gode. Vi har stor tru på at vi vil få på plass ein solid etterfølgjar som skal jobbe vidare med arbeidet Leon Bakkebø begynte på, seier Yngve Hallèn, styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

Mange å velje mellom 

Han kan røpe at dei har ei liste å rundt 15 kandidatar som dei har vurdert, og det er dei godt fornøgd med.
— Det handlar om kva kandidatar som vi meiner er reelle, og det har desse absolutt vore. Vi har faktisk fleire å velje mellom, seier styreleiaren.

I midten av oktober skal styre starte opp med intervjurundar og kvalitetssjekk på dei aktuelle kandidatane. Hallèn meiner det er vanskeleg å seie når den nye leiaren tek over, men han håpar det skjer så snart som mogleg.
— Det kjem an på kven som vert tilsett. Dei fleste har tre månadar i oppseiingstid, så det skjer mest truleg ikkje med det første. Om det skjer før nyttår er det svært gledeleg.

Drifta framover

Sogn og Fjordane Næringsråd har inngått eit samarbeid med Framtidsfylket AS om å ta hand om det administrative og sjølve kommunikasjonsdelen for næringsrådet fram til ny dagleg leiar er på plass. Dei vil handtere spørsmål og vise vidare til styret dersom det vert behov for det. I tillegg er styret operativt og tilgjengeleg for ytterlegare informasjon.

Tidlegare dagleg leiar Leon Bakkebø avslutta stillingsforholdet sitt før sommaren då familien bestemte seg for å flytte til Oslo.