Ny dagleg leiar på plass

Bjørn Lødemel er tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd. 

– Eg er svært glad for at eg får høve til å arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling.

Lødemel har vore sjølvstendig næringsdrivande og har lang fartstid i politikken. Mellom anna som fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre og stortingsrepresentant i åtte år. I tillegg har han vore ordførar i Hornindal frå 1995 til 2009.

– I mange år har eg reist rundt i fylket og sett kor kreativ, allsidig og offensivt næringsliv vi har, og eg ønskjer å bidra til vidare vekst og positiv utvikling, seier han. 

Klar politisk stemme
Som dagleg leiar vil han ha kontorstad i Førde, men vil bruke svært mykje av tida si på å besøkje næringsdrivande, bedrifter og næringslivsorganisasjonar i heile Sogn og Fjordane. Arbeidet med å bygge ein sterk og slagkraftig næringslivsorganisasjon som har stor politisk gjennomslagskraft vil vere ei prioritert oppgåve.

– Eg vil vere ei sterk og klar stemme frå næringslivet både ovanfor statlege styresmakter og politiske organ på alle nivå, seier ein engasjert påtroppande dagleg leiar.

God mann for jobben
Yngve Hallèn,  styreleiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, er godt fornøgd med den nytilsette.

– Det er kjekt å få med Bjørn Lødemel på laget. Han kjenner næringslivet på Vestlandet godt og vil vere ein godt ressurs for våre medlemmar. Hans nettverk og erfaring frå 22 år som ordførar og stortingsmann, hans evne i å bygge organisasjon og tenke utvikling vil komme godt med i næringsrådet. Det er eit samla styre som ønskjer han velkommen.

Lødemel begynner i stillinga 1. desember 2018.