Månadens bedrift: Airlift AS

Satsar på ubemanna luftfart

For oss i Airlift er det heilt avgjerande at vi klarer å nytte vår luftfartskompetanse innanfor nye områder med eit stort vekstpotensiale. Her vil ny teknologi skape grunnlag for nye tenestar der Airlift, med relevante samarbeidspartnarar, kan posisjonere seg på ein god måte. Målet er at vi skal bli sett på som eit kompetansemiljø innan luftfart, og ikkje berre som eit helikopterselskap.

Kraftig vekst i 2017
Selskapet har hatt mange opp- og nedturar, både knytt til operasjonelle og finansielle forhold. I 2016 blei vi tildelt kontrakt av Kystverket, knytt til tilbringarteneste for los. Det resulterte i kraftig vekst i 2017, og har vore ei viktig hending for Airlift. Etter at vi tapte kontrakta med Sysselmannen på Svalbard rundt 2012 var det viktig å finne ei ny langsiktig kontrakt utanfor vår tradisjonelle marknad. Det er viktig med fleire bein å stå på, og det gjere selskapet mindre sårbart.

Vil vise oss fram
For oss er det viktig å kunne rekruttere inn flinke og kompetente medarbeidarar innanfor tekniske- og kommersielle fagområder. Aktiv og god profilering av området vårt er derfor avgjerande. Vi treng også å vise omverden at vi er ambisiøse, offensive og at vi ikkje står med hovudet i henda, slik trauste Sunnfjordar litt for ofte gjer. Tett samspel mellom næringsliv og utdanningsinstutisjonar er også noko som kan utviklast i større grad enn i dag.

Tilpassar oss marknaden
Airlift er i dag totalt sett betre posisjonert enn på veldig mange år. I fjor opplevde vi topplinjevekst på rundt 30 prosent, og den veksten legg grunnlaget for vidare vekst i marknaden, og for større helikopter. I tillegg har vi stor tru på at koplinga mellom luftfartskompetanse og ubemanna luftfart vil skape ny aktivitet for oss. I vår tradisjonelle marknad er det venta lågare etterspørsel og mindre aktivitet i åra framover. Derfor er det sentralt for oss at vi greier å tilpasse vår forretningsmodell og vårt tilbod i tråd med dette.

Om Airlift AS:
Airlift er Nord-Europas største innanlandske helikopterselskap. Selskapet blei etablert i 1986, og tel i dag 105 tilsette. Dei har hovudsete på Førde Lufthamn Bringeland, og har basar i Kinsarvik, Stranda, Bergen og Hammerfest. Dei eig per i dag 18 helikopter. Kraftbransjen, telekom, offshore og infrastrukturprosjekt er viktige marknadsområder for selskapet.