Oppføringer av Bjørn Lødemel

Spørjeundersøking økonomiske utsikter

I romjula vart det sendt ut ei spørjeundersøking om dei økonomiske utsiktene for 2022, og det kom inn totalt 425 svar frå næringslivet i heile Vestland. Med bakgrunn i dette vart det i helga laga ein uttale frå Næringsalliansen Vestland på dei to viktigaste sakene. Det var: kraftprisar oppheving av skjenkestoppen Her er svara på […]

Grøn region Vestland

Sogn og Fjordane Næringsråd og Næringsalliansen Vestland har vore pådrivarar og aktive deltakakarar i arbeidet både med Vestlandssenarioene i 2020 i arbeidet med Vestlandsporteføljen i 2021. Dette har vore ein viktig del av grunnlaget for den første næringsplanen i Vestland fylkeskommune, og det har vore fylkeskommunen og Innovasjon Norge som har vore oppdragsgjevarar. EY har […]

Generalforsamling 7. juni

Sogn og Fjordane Næringsråd ønsker velkommen til generalforsamling på Quality Hotel Sogndal 7. juni kl. 12.00 – 17.30. Eit sentralt tema på programmet er klimamelding og bærekraft, og vi har blant anna med oss klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Fullt program finn du her: Program open del Generalforsamlinga Sogn og Fjordane Næringsråd Påmelding til: bjorn@sf-n.no […]

Årsrapport for Sogn og Fjordane Næringsråd 2020

Vi har bak oss eit svært spesielt og krevjande år på alle måtar. Koronapandemien har sett sitt preg på det meste vi har gjort både som enkeltpersonar, næringsliv og offentlege myndigheiter. For mange av våre medlemsbedrifter har det vore eit svært krevjande år med stor usikkerheit både for det daglege og for framtida. Særleg gjeld […]

Innspel til høyring i Transport og kommunikasjonskomiteen

Sogn og Fjordane Næringsråd vedtok på styremøte 20. januar 2020 prioriteringar for NTP 2022-2033. Desse vart sendt til Vestland fylkeskommune og dei er også vidareformidla til Samferdsledepartementet. Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP […]

INNSPEL TIL REGIONAL TRANSPORTPLAN 2022-2033

Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd vedtok på styremøte 20.01.2020 at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022 – 2033. Les meir i lenka: Innspel til Vestland fylkeskommune RTP 2  

Krav om prioritering av ferjefri E39

Ferjefri E39 er Vestlandet sitt Inter-City samband og det viktigaste sambindingsprosjektet på Vestlandet. Det er også eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Ferjefri E39 vil knyte saman heile Vestlandet på ein rask, effektiv og framtidsretta måte. Visjonen om eit ferjefritt samband på Vestlandet må forsterkast og vidareutviklast i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2022-2033. Les […]

Høyringsinnspel til stadsbudsjettet 2021 Stad skipstunnel

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsforeningen Ålesundregionen ber om at Stortinget løyver 60 millionar kroner til oppstartsmidlar for Stad skipstunnel ved handsaminga av Statsbudsjettet 2021. Klikk på lenka for å lese meir: Høringsuttale til Statsbudsjettet SFN BN NÅ

Vil hjelpe hotell og restaurantar i regionen: Oppmodar bedrifter til å betale mini-julebord for tilsette.

Korona har gjort at mange bedrifter avlyser årets julebord. No vil BOB, Sogn & Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) strekke ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring. – BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord, og vi håpar fleire bedrifter i Sogn & Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan […]