Vil hjelpe hotell og restaurantar i regionen: Oppmodar bedrifter til å betale mini-julebord for tilsette.

Korona har gjort at mange bedrifter avlyser årets julebord. No vil BOB, Sogn & Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) strekke ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring.

– BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord, og vi håpar fleire bedrifter i Sogn & Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan vi bygge kollegafellesskap og samtidig støtte ei næring som er særleg råka av korona, seier Liv-Judit Straume, regiondirektør i BOB.

I Bergen har bustadbyggelaget BOB i lag med Bergen Næringsråd og NHO Reiseliv allereie fått med seg fleire på ideen. BOB sine til saman 160 tilsette vil få tilskot til å ete på restaurant i mindre grupper på maks ti personar før jul.

Sogn og Fjordane Næringsråd er glade for initiativet

– Det er svært positivt å sjå kva BOB og Bergen Næringsråd har sett i gang i Hordaland. Vi støttar svært gjerne opp eit liknande initiativ i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i næringsrådet.

Hotell- og serveringsbedrifter er ofte viktige arbeidsplassar i lokalmiljøet. Næringsrådet oppmodar bedriftene i regionen til å nytte dei til å arrangere møter, konferansar og julebord og andre arrangement framover.

– Det er etablert gode rutiner for smittevern, og vi trur mange har behov for å møtast fysisk etter fleire månader på heimekontor.

Oppmodar medlemsbedrifter til julebord

– Vi i FINS meiner dette er eit glimrande tiltak, og vi oppmodar våre medlemsbedrifter til å arrangere julebord også i desse koronatider, seier Geir Opseth, leiar i FINS

 

Viktig sesong

Julebordsesongen er svært viktig i hotell- og restaurantbransjen.

– Særleg i år med den situasjonen vår næring har vore i. Vi har svært gode rutiner for å gjennomføre arrangement på ein god og forsvarleg måte, så hos oss kan folk føle seg trygge, seier representant for bransjen, hotelldirektør Sindre Årdal.

– Eit anna alternativ til det tradisjonelle julebordet kan vere å gje gåvekort på middag i ein av restaurantane våre, legg han til og ser optimistisk fram mot årets julebordsesong.