Vi søkjer ny dagleg leiar
Sogn og Fjordane Næringsråd søkjer ein initiativrik, handlekraftig og samarbeidsorientert dagleg leiar.
Sogn og Fjordane Næringsråd er ei nyoppretta næringsforeining i 2017 som skal fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mulig verdiskaping. Foreininga er ein medlemsorganisasjon av bedrifter i Sogn og Fjordane, frå ulike bransjar og ulike geografiske område. Dagleg leiar rapporterer til styret i foreininga.
Du skal
- Legge til rette for gode arenaer for nettverksbygging, kunnskapsdeling og samhandling som bidrar til best mulige vekstvilkår for næringslivet i fylket.
- Ha god dialog ovanfor medlemsbedrifter og interessegrupper, sikre god økonomisk drift og ivareta foreininga sine interesser i vid forstand.
- Engasjere deg sterkt for å fremje eit positivt omdømme av Sogn og Fjordane og få fram mangfaldet og krafta regionen representerer.
- Leie og utvikle næringsrådet i tett samarbeid med styret. Dette omfattar ansvar for oppfølging og gjennomføring av vedtekne strategiar, planar og aktivitetar.
- Få fram næringsrådet som eit felles talerøyr for næringslivet ovanfor sentrale vedtaksorgan.
Stillinga krev
- Leiarerfaring og god kunnskap om og interesse for næringslivet i fylket.
- Du bør vere samfunnsengasjert og utviklingsorientert.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Ønskeleg med relevant utdanning og erfaringsbakgrunn.
- God kjennskap til viktige samfunnsinstitusjonar og sentrale politiske miljø er ein fordel.
- Aktuelle kandidatar har høg integritet.
Sogn og Fjordane Næringsråd har kontoradresse Førde. Dagleg leiar må forvente omfattande reiseverksemd og vere nær på næringslivet over heile fylket.
Ta gjerne konfidensiell og uforpliktande kontakt med
Styreleiar Yngve Hallen, tlf: 90 11 60 05
Dagleg leiar Leon Bakkebø, tlf: 90 83 44 87
Søknad med CV sendast til leon@sf-n.no innan 14. september 2018.