Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartløyving for Stad Skipstunnel i RNB

Felles innspel frå Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet om oppstartløyving for Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett 2020 til medlemmane i Finanskomiteen.

Innspel til Revidert Nasjonalbudsjett 2020. Stad skipstunnel:

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartmidlar til Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett for 2020. Koronakrisa har ført til svært negative konsekvensar for næringslivet i heile Vestland og dei langsiktige verknadane for reiselivsbedriftene er svært urovekkande. Bygging av Stad skipstunnel vil vere eit svært viktig tiltak for å redusere verknadane av koronakrisa på lang sikt, og ei oppstartløyving i RNB vil vere eit svært viktig signal både til reiselivet og til anna næringsliv i regionen.

Stortinget har vedteke byggestart for Stad skipstunnel i denne stortingsperioden (2017-2021). Prosjektet er gryteklart, det er grundig utgreia, reguleringsplanen er vedteken, og kvalitetssikringa er gjennomført. Det er sett av 1.5 mrd. kroner til Stad skipstunnel i første planperiode i gjeldande NTP og heile prosjektet er fullfinansiert i gjeldande NTP. I tillegg har Kystverket etter oppdrag frå Samferdsledepartementet fått ned kostnadane med 300 millionar kroner. Det kan også nemnast at både Vestland fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har prioritert Stad skipstunnel i deira handsaming av NTP 2022- 2033.

Styringsgruppa for Stad skipstunnel har sendt brev til Statsministeren og fleire statsrådar der dei ber om 60 millionar kroner til oppstartmidlar for Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021.(sjå vedlegg). I brevet blir det vist til alle dei positive sidene bygginga av Stad skipstunnel vil ha for næringslivet og for samfunnet elles. Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet vil særleg vise til det som står om reiselivet i dette brevet.

Turistattraksjon:

«Planene om verdens første skipstunnel har fått stor internasjonal oppmerksomhet, og vil tiltrekke seg turister fra hele verden. Tunnelplanene har ført til en stor satsing på reiseliv i regionen, noe som vil føre til økt verdiskapning og sysselsetting. Regionen har mange «fyrtårn» og potensial til å tiltrekke seg flere turister. Skipstunnelen vil gjøre regionen mer tilgjengelig for turisme og binde sammen reisemål og attraksjoner. Havila Kystruten, som skal seile fire skip på Kystruta Bergen- Kirkenes fra 2021, vil seile igjennom Stad skipstunnel på grunn av sikkerhet og regularitet, og bruke Stad skipstunnel aktivt i markedsføring i møte med det internasjonale reiselivsmarkedet. Stad skipstunnel vil bety mye for regionen, Vestlandet og Norge som reisemål.»

Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om at Stortinget løyver oppstartmidlar til Stad skipstunnel ved handsaminga av Revidert Nasjonalbudsjett. Det er tidlegare blitt kravd at det blir sett av 60 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021 av styringsgruppa for Stad skipstunnel. Vi ber om at dette blir framskunda og at løyvinga kjem i samband med handsaminga av RNB. Denne framskundinga må sjåast i samanheng med den svært alvorlege situasjonen som koronapandemien vil ha for reiselivet i lang tid framover.