Generalforsamling flytta til 17. juni

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å utsette Generalforsamlinga til 17. juni for å kunne ha eit fysisk møte og for å støtte opp om lokalt reiseliv.

Sogn og Fjordane Næringsråd hadde planlagt å ha Generalforsamlinga dette året på Thon hotell Jølster på Skei 21. april. I 2019 hadde vi Generalforsamlinga på Hoven i Loen der mellom anna statsminister Erna Solberg var med og det er viktig for oss å vise fram medlemsbedriftene på våre arrangement.

Koronakrisa har gjort at vi ikkje kunne arrangere Generalforsamlinga som planlagt 21. april så vi bestemte oss for å utsette den til 28. mai i håp om at vi kunne arrangere eit fysisk møte. Heilt fram til sist torsdag vart det planlagt å ha ei digital Generalforsamling, men dei nye smittevernreglane som kom sist torsdag gjorde det mogeleg å ha arrangement med inntil 200 deltakarar etter 15. juni. Det er vi svært glade for.

Dersom smittesituasjonen ikkje endrar seg og medlemane i Sogn og Fjordane Næringsråd aksepterer ei utsetting ut over det som står i vedtektene kjem vi til å ha årets Generalforsamling på Thon hotell Jølster på Skei 17. juni kl 1400 til 1700. Det blir no jobba for fullt med det praktiske med Generalforsamlinga. Vi har allereie sendt invitasjon til Næringsministeren og vil følgje opp med andre spennande deltakarar. Vi ønskjer å få til eit spennande program i tillegg til den formelle Generalforsamlinga.

Sogn og Fjordane Næringsråd er svært glade og letta over at smittesituasjonen er under kontroll, og at det har skjedd så raskt. Det gjer at samfunnet og næringslivet kan opne opp gradvis og ein kan etter kvart sette på meir fart. I den situasjonen vi er i no er det heilt avgjerande at alle stiller opp for næringslivet i Sogn og Fjordane og særleg for bedriftene i reiselivet som har ekstra tøffe kår.

Etter to månader med digitale møter i alle fasongar er det Sogn og Fjordane Næringsråd sitt klare råd at vi treng å sjå meir enn ansikta, vi må sjå heile menneske. Vi vil derfor oppfordre alle til å bruke dei fantastisk flotte reiselivsbedriftene vi har i Sogn og Fjordane til møter, samlingar og ikkje minst til årets sommarferien. Det vil alle ha stor glede og nytte av og det vil ikkje minst vere ei fin vidareføring av den gode dugnadsånda som har prega oss dei 2 siste månadane.