Lokalt eigarskap er lik lokal verdiskaping og viktig samfunnsbygging

Trine Lerum og Bjørn Lødemel på Lerum sin fabrikk.

Lerum Fabrikker AS er ei av dei flotte familieeigde bedriftene i Sogn og Fjordane. For Lerum og andre bedrifter er det viktig å behalde pengane for å gjere nye investeringar og utvikle nye produkt, skriv Bjørn Lødemel.

I heile Sogn og Fjordane er det mange viktige familieeigde bedrifter som har skapt gode arbeidsplassar, næringsutvikling og verdiskaping saman med sine tilsette. Desse bedriftene er ofte ryggrada i næringslivet i bygda eller kommune og mange har halde på i fleire generasjonar.

Folk som bur i desse bygdene eller jobbar i desse bedriftene har sett korleis bedriftene har bygt seg opp og blitt sterkare og gjerne større og fått fleire tilsette. Mykje av overskotet har blitt førd tilbake til bedrifta for vidare vekst og vidareutvikling. Dei lokale eigarane av desse bedriftene deltek ofte aktivt i viktig frivillig arbeid både med personleg innsats og viktig sponsing.

Når vi snakkar om formuesskatt og skatt på arbeidande kapital blir mange norske bedriftseigarar framstilt som «rikingar» og at dei har stor personleg formue. Begge desse påstandane er ofte misvisande. Verdien i maskiner, utstyr og teknologi er formueverdien i desse bedriftene. Det er verdiar som ligg i bedrifta og ikkje pengar i banken. Likevel er det eigarane som må betale skatt av denne formuen, og pengane må takast frå bedrifta uansett om bedrifta går med overskot eller underskot. Utanlandske eigarar og staten slepp unna.

I desse dagar blir skattelistene lagt ut, og mange er nysgjerrige på kva som blir lagt ut og kven som er på desse listene. Det gjeld både for inntekter, skatt og formue. Formuesskatt og skatt på arbeidande kapital er ein eigarskatt som blir lagt på toppen av inntektene for eigarane av norske bedrifter. Dette er ikkje ei «lønsinntekt» sjølv om det kjem som inntekt for eigarane. For å betale denne eigarskatten må ein ta utbytte eller i verste fall selje verdiar i bedrifta. Dette tappar bedrifta for viktige kapital som heller kunne gå til å styrke og vidareutvikle bedrifta. Derfor er dagens utforming av skatt på arbeidande kapital svært skadeleg for norske bedrifter og for norske eigarar.

Dei siste åra har dessverre denne eigarskatten auka svært mykje på grunn av auka skattegrunnlag og redusert rabatt på formueverdien. Det har gått frå 40% rabatt på formueverdien til 25 %. Det har
store konsekvensar. I tillegg har utbytteskatten, som også er ein eigarskatt, auka frå 31.7% til 37,8. Alt dette er endringar få 2021 til 2023 og det betyr at meir pengar går til staten i staden for at dei kan bli verande i bedriftene.

Dei flotte familieeigde bedriftene i Sogn og Fjordane har gjennom generasjonar vist stor vilje til å investere og vidareutvikle sine bedrifter. Dei har vore flinke til å gjere viktige investeringar og sende
overskot tilbake til bedrifta for nye investeringar. Dersom bedriftene ikkje har pengar til å gjere slike investeringar vil dette på sikt kunne føre til at dei blir lagde ned. Folk i Sogn og Fjordane kjenner også desse bedriftene og bedriftseigarane som samfunnsengasjert deltakar i sitt lokalmiljø, og det har også ein stor verdi.

Auka eigarskatt som formuesskatt og skatt på arbeidande kapital er svært øydeleggande for vidare vekst og positiv utvikling i mange norske bedrifter og her trengs det både vilje til endring frå Stortingspolitikarane og frå Regjeringa og auka forståing frå innbyggarane.

Link til sak i Firda: https://www.firda.no/lokalt-eigarskap-er-lik-lokal-verdiskaping-og-viktig-samfunnsbygging/o/5-15-1663109