Julebrev frå Sogn og Fjordane Næringsråd 2023

Sogn og Fjordane Næringsråd takkar for godt samarbeid i 2023 og ønskjer alle god jul og godt nyttår

Det har blitt ein fin tradisjon med ei julehelsing og oppsummering av året som har gått til medlemsbedrifter og gode samarbeidspartnerar. Dette er ein fin måte å sjå tilbake på og det gjev inspirasjon til å jobbe ennå hardare med viktige saker for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Dei næringspolitiske sakene har høgast prioritet i Sogn og Fjordane Næringsråd. Det vart jobba mykje med forslaga om grunnrenteskatt og skattenivå i oppdrettsnæringa tidleg i 2023. Vi hadde eit nært samarbeid med ei av våre medlemsbedrifter, Osland havbruk, for å synleggjere konsekvensane av forslaga som kom frå regjeringa. Sjølv om det kom nokre betringar gjennom handsaminga i Stortinget blir det likevel svært krevjande for mange av dei små og mellomstore oppdrettsselskapa i Sogn og Fjordane framover.

Det har også vore stor fokus på formuesskatt og skatt på arbeidande kapital i 2023. Det er ikkje generell motvilje i næringslivet mot å betale skatt, men skattar som må betalast uansett overskot eller ikkje er krevjande. Det tappar bedriftene for viktig kapital for å utvikle seg vidare og ha naudsynte midlar til å investere. Dessverre har nivået på slike eigarskattar auka mykje siste åra, og det blir no jobba med å synleggjere kor skadelege slike eigarskattar er for mange av våre bedrifter. Dette vil vere ei av hovudsakene for Sogn og Fjordane Næringsråd også i tida som kjem.

Ei anna viktig sak for reiselivsnæringa og våre medlemar i Flåm er saka om nullutslepp i verdsarvfjordane i 2026. Stortinget gjorde vedtak i 2018 om at det skulle vere nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Seinare har Stortinget gjort vedtak om at det skulle etablerast landstraum i Flåm og at det skulle leggast til rette for vidareføring av cruisetrafikken også etter 2026. Dette har ikkje blitt følgt opp av statlege myndigheiter. Sogn og Fjordane Næringsråd har jobba tett saman med våre medlemsbedrifter i Flåm for å få på plass eit regime for cruisetrafikken som både reduserer utslepp og som gjer at reislivsnæringa får trygge og føreseielege rammevilkår. No har Sjøfartsdirektoratet kome med ei tilråding til klima- og miljødepartementet som både gjer det mogeleg å vidareføre cruisetrafikken i Flåm og legge til rette for landstraum. Det er bra!

Det blir jobba med mange store og små saker i tillegg til dette. Dei fleste av dei næringspolitiske sakene Sogn og Fjordane Næringsråd jobbar med er saker som blir handsama av regjeringa og Stortinget. Det er derfor svært viktig at vi kan ha god og tillitsfull kontakt med stortingsrepresentantane våre. Det har vi hatt heile tida uavhengig av kven som er der og politisk farge, og det er vi svært takksame for. Dette gjer at vi heile tida kan ta opp både store og små saker som er viktige for våre medlemsbedrifter. Vi vil nytte dette høve til å gratulere Erling med statsrådpost og Aleksander med plass på Stortinget. Eg hadde glede av å besøke Aleksander på Stortinget i haust og det var stas.

Generalforsamlinga i Florø 30. mai

Generalforsamlinga i år var på Quality Hotel i Florø. Tema var energi, skattepolitikk og sjømatnæringa. Vi hadde svært god deltaking også i år og det var dagsaktuelle tema i den opne delen. Alle stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane var med på Generalforsamlinga og det sette ein ekstra spiss på diskusjonane. Programleiar på samlinga var Johanne Viken Sandnes og ho gjorde ein
flott jobb.

Nokre av gjestane som hadde innleiing var administrerande direktør i Fornybar Norge, Åslaug Haga og Atle Isaksen fra Linja AS. Under tema Norsk eigarskap under press var det Knut Flakk, leiar i Aksjon for norsk eigarskap, Trine Lerum Hjellhaug, Lerum Fabrikker AS og Richard Grov fra Alexandra Hotell. I tillegg hadde kommunikasjonssjef i Sjømat Norge Henrik Horjen og Cicilie Færestrand og Aslak Hustveit fra Slakteriet i Florø innlegg.

På den formelle Generalforsamlinga var det nyval på 2 styremedlemar. Både Elin Tveit Sveen og Leif Årne Åsen har vore med i styret heilt fra skipinga i 2016 og dei har gjort ein flott jobb for Sogn og Fjordane Næringsråd og næringslivet i Sogn og Fjordane. Dei som overtok stafettpinnen etter desse er Kristin Bergstøl Hansen fra Slakteriet i Florø og Jørgen Drage fra O. Drage AS. Tore Bråstad vart vald til ny nestleiar. Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har spelt ei viktig rolle i Sogn og Fjordane Næringsråd heilt frå skipinga i 2016 og dei vart også takka på Generalforsamlinga.

Viktige samarbeidspartnerar

Sogn og Fjordane Næringsråd samarbeider tett med andre næringspolitiske organisasjonar og andre organisasjonar som mellom anna jobbar med utdanning og rekruttering. Ein del av desse er også medlemar hos oss. I august skreiv vi under ei samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet om praksisplass for 1-2 studentar og meir forpliktande samarbeid fram til sommaren 2025. Vi fekk også hjelp frå Elin Midtun frå HVL til å lage ny strategiplan. Næringsalliansen Vestland er ein av dei viktigaste samarbeidspartneren våre. I oktober hadde vi eit svært godt møte i alliansen på Voss.

Sluttord

Vi har snart bak oss eit år med store variasjonar i næringslivet og mykje uro i verda rundt oss. Mykje av det vi opplever i vår kvardag er ingenting mot det som alt for mange opplever i sin kvardag til dømes i Gaza og i Ukraina. Det er også viktig å ta med seg inn i det nye året.

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer alle ei fin julehelg og eit godt nytt år.

Helsing
Yngve, Tore, Jon-Rune, Jannet, Geir Arne, Kristin, Jørgen og Bjørn

Link til PDF her