Til Vestland fylkeskommune – HØYRINGSUTTALE til NTP 2022-2033 frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd vart skipa i 2016 og har som målsetting å vere ein sterk og samlande næringspolitisk organisasjon på vegne av næringslivet i Sogn og Fjordane. Ved årskiftet hadde Sogn og Fjordane Næringsråd 120 medlemar frå ulike bedrifter og organisasjonar.

Styret i Sogn og Fjordane Næringsråd har vedteke at Aust – Vest sambandet over Hemsedal og Ferjefri E 39 skal ha hovudprioritet i arbeidet med rulleringa av NTP 2022 – 2033.

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å vere med på ei felles kraftsamling for auka rassikrings-midlar til Vestland fylke. Det vil vere avgjerande for å få trygge og trafikksikre vegar både for innbyggane og næringslivet i heile Vestland fylke. 

Sogn og Fjordane Næringsråd legg til grunn at Stad skipstunnel, E39 Myrmel – Lunde og dei 2 utbetringane på E 39 Byrkjelo – Sandane blir gjennomført som planlagt i gjeldande NTP.

Aust -Vest samband Rv 52/ Rv 5: 

Rv 52 vart vald som framtidig næringsstamveg Aust – Vest av Samferdsledepartementet og stadfesta i Kvalitetssikringsrapporten som var framlagt 13. januar 2017.

Grunngjevinga for Regjeringa sitt val av Rv. 52 over Hemsedalsfjellet som hovudstamveg mellom aust- og vestlandet var og er næringslivet sine behov for transport av gods på ein trygg, samfunnsøkonomisk, effektiv og miljøvenleg måte.  

Rv. 52 over Hemsedalsfjellet saman med E16 hovudarm til Bergen samt Rv. 5/ E39 som arm til Ålesund opnar heile Vestlandet mot Austlandet for både person og næringstrafikk. Vegane knyter kystnæringane på Vestlandet til både Innlandet og Austlandet. Vi får ei regionforstørring og den beste totalløysinga for ein eksport-retta landsdel i omstilling. 

Prioritert tiltak.

Rv. 52 Tunnel Borlaug – Bjøberg Vegstrekninga er omtalt i KVU, Rv. 7 og Rv. 52. Tunnel gjennom Hemsedalsfjellet mellom Bjøberg og Borlaug er avgjerande for ein sikker fjellovergang mellom Austlandet og Vestlandet med nesten fullstendig vinterregularitet. Prosjektet er førebels kostnadsrekna til 8.300 mrd. 

Prosjektet må fullførast i perioden 2022-2033.

Ferjefri E39:

Ferjefri E39 er Vestlandet sitt Inter-City samband og det viktigaste sambindingsprosjektet i Vestland fylke. Visjonen om Ferjefri E39 er sett under press frå ulike hald og prosjektet er i sterk konkurranse med andre store samferdsleprosjekt, særleg på Austlandet. Skal Ferjefri E 39 halde sin posisjon som eit viktig nasjonalt prosjekt er det avgjerande at Vestland fylkeskommune viser dette i sine prioriteringar til NTP 2022 – 2033. 

Prioriterte tiltak:

  • Storehaug – Førde
  • Byrkjelo – Svarstad
  • Bogstunnelen – Sunnfjord grense

E39 Storehaug – Førde.

Prosjektet gjekk i utgangspunktet frå Storehaug til Moskog, men no er det delt opp i 2 prosjekt med Storehaug – Førde og Førde – Moskog. Kostnad for Storehaug – Førde er 2. 871 mrd.

Den største flaskehalsen på E39 i Sogn og Fjordane er gjennom Førde til Storehaug. Det gjeld både for gjennomfart og lokalt i Førde sentrum. Sogn og Fjordane Næringsråd har derfor sett opp Storehaug – Førde som det viktigaste strekninga på Ferjefri E 39 og ønskjer at dette prosjektet må startast opp i første planperiode og fullførast i perioden 2022-2033.

E39 Byrkjelo – Svarstad.

Prosjektet gjekk i utgangspunktet frå Byrkjelo til Grodås, men no er det delt opp i 2 prosjekt. Byrkjelo – Svarstad og Svarstad – Grodås. Kostnadane for strekninga Byrkjelo – Svarstad er justert til 8.550 mrd. 

Byrkjelo – Svarstad er eit av dei prosjekta på Ferjefri E39 som har høgast samfunnsnytte. Det gjev ei innspart reisetid på meir enn 1 time i høve til dagens E 39. Reisetida mellom Byrkjelo og Svarstad vil bli på ca. 15 minutt, og reisetida mellom Sandane og Stryn vil bli på 35 minutt. Det vil gje ein ny bu og arbeidsregion i Nordfjord. 

Byrkjelo – Svarstad vil knyte saman søre Sunnmøre med eit folketal på om lag 60.000 innbyggarar med resten av Vestland og det vil også bli ein viktig tilførselsveg til aust – vest sambandet over Hemsedal. I tillegg til innkorting av reisetid vil dette sambandet også fjerne ein krevjande flaskehals med tunnel gjennom Utvikfjellet.      

Prosjektet må fullførast i perioden 2022-2033. 

E39 Bogstunnelen – Sunnfjord kommunegrense:

E 39 Bogstunnelen – Sunnfjord kommunegrense ligg inne i 2. periode i gjeldande NTP. Den er kostnadsrekna 1.125 mrd.

Strekninga er ein flaskehals på Ferjefri E39 i Sogn og Fjordane. Særleg gjeld dette på strekninga frå Vadheim til Bogstunnelen.

Prosjektet må fullførast i NTP 2022 – 2033.

Andre vegstrekningar:  

Strynefjellet med arm til Geiranger.

Regjeringa godkjende konseptval B1 med arm til Geiranger i juni 2018. Rv 15. Strynefjellet er i dag det einaste ferjefrie samband til austlandet for næringslivet og innbyggarane på søre Sunnmøre og i Nordfjord. Svært krevjande for næringslivet med så mykje vinterstenging.

Det må arbeidast vidare med å få prosjektet prioritert ved hjelp av rassikringsmidlar og «spleiselag» mellom Vestland, Møre og Romsdal og Innlandet.

Næringslivet forventar høg prioritet på Rv 15 Strynefjellet.

Henta frå uttale frå medlemane i Stryn:

  • Vi vil peike på at den største utfordringa for bedriftene i Nordfjord og store deler av Sunnmøre når det gjeld aust-vest samband er Rv15 med dagens smale og låge tunnelar samt ras og rasfare. Stenging av Rv15 og omkøyring gir næringslivet her svært svekka konkurransekraft.

Vikafjellet:

Det må arbeidast vidare med å få prosjektet prioritert med bakgrunn i reduserte kostnader og Rv 13 si rolle som viktig sambindingsveg i Vestland fylkeskommune.

  • Svært krevjande situasjon for næringslivet med så mykje vinterstenging.
  • Viktig samband for å bygge saman bu og arbeidsområde.

Henta frå uttale til Vik Næringssamskipnad:

  • Behovet for tunnel gjennom Vikafjellet er godt dokumentert og kjend informasjon. Ein slik tunnel er ikkje berre viktig for Vik og næringslivet vårt her, men for heile regionen Bergen – Voss/Myrkdalen – Leikanger – Sogndal. Vik ligg geografisk midt i det nye Vestland. Ei realisering av Vikafjellstunnelen vil vere uendeleg viktig for å kunne utvikle heile regionen vidare. 

Sogn og Fjordane Næringsråd vil jobbe vidare med prioriteringane også ved handsaminga av Regional Transportplan og då vil også rassikring og vedlikehald av vegnettet vere eit svært viktig satsingsområde.

Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å arbeidet aktivt for å få flest mogeleg samferdsleprosjekt i Sogn og Fjordane i posisjon til bygging ved å presse på for å få gjennomført naudsynt planlegging på ulike nivå. Vi har også teke mål av oss til å arbeide målretta gjennom heile NTP prosessen fram til endeleg vedtak i Stortinget i juni 2021 og ser fram til eit godt og konstruktivt samarbeid med Vestland fylkeskommune og andre som har same målsetting. 

Hornindal/Sogndal 27. mars 2020

Vedlegg:

Høyringsuttale frå medlemar i Stryn og Vik

Høyringsuttale frå Interesseutvalet for Rv 52 og Rv 5