Tek fatt på jobben
Måndag 1. desember var Bjørn Lødemel på plass som dagleg leiar for Sogn og Fjordane Næringsråd.
– Det er utruleg kjekt å endeleg komme i gong. Eg er svært glad for at eg får arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling, seier han.
Nettverksbygging i fokus
Det vil vere ei prioritert oppgåve den komande tida å besøkje bedrifter i alle delane av fylket for å knyte kontakt og få innspel på viktige saker for enkeltbedrifter og næringar.
– I tillegg blir det svært viktig å bygge opp ei større og representativ medlemsmasse for å stå sterkt overfor sentrale styresmakter og ha tyngde i dei nasjonale prioriteringane.
Leiarutviklingsprogram
Det ligg mange spennande satsingar i løypa for Sogn og Fjordane Næringsråd og våre samarbeidspartnerar. Eit av dei viktigaste prosjekta blir oppstarten av Leiarutviklingsprogrammet som Sogn og Fjordane Næringsråd har vore ein av pådrivarane for å få til.
Fylket vårt er inne i ei tid med store omstillingsbehov og moglegheiter. Dette krev at etablerte bedrifter i næringsliv og offentleg sektor utfordrar seg sjølv, samt utforskar nye modellar og metodar for verdiskaping og vekst
– Derfor er det svært gledeleg å kunne komme i gong med eit så tidsriktig og nyttig program for leiarar i Sogn og Fjordane.
Vi reknar oppstart i løpet av mars/april. Påmelding til studieplassar vert rett over nyttår, så følg med!
Open dør
Sogn og Fjordane Næringsråd ser fram til å vidareutvikle det gode samarbeidet med viktige næringslivsorganisasjonar i fylket, samt med det politiske miljøet som er her.
– Det beste verktøyet for å skape vekst i Sogn og Fjordane er eit tett samarbeid og god dialog mellom dei som jobbar for nettopp dette.
Lødemel skal dele kontoradresse med Framtidsfylket i Naustdalsvegen 1B i Førde. Han legg vekt på at døra alltid vil vere open for alle næringsdrivande, næringsorganisasjonar og enkeltpersonar som vil skape arbeidsplassar, vekst og utvikling i næringslivet i Sogn og Fjordane.
– Sogn og Fjordane Næringsråd skal fungere som ein døropnar for næringslivet inn mot det politiske miljøet og offentlege etatar på alle nivå. Vi håpar bedrifter tek kontakt med oss om dei har saker eller gode innspel å komme med, avsluttar han.