Ønskte 60 sommarjobbar – fekk inn over 400!
Næringslivet i Sogn og Fjordane gjekk saman om å lyse ut sommarjobbar. Det gav knallresultat.
– Vi hadde eit mål om å kunne lyse ut 60 sommarjobbar. Dei siste månadene har ein kunne søkje på over 400 stillingar innan helse, ingeniørfag, IT, juss og ei rekkje andre fagområde i Sogn og Fjordane, fortel Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
Vinn-vinn
Sommarjobbprosjektet RekrutterING handlar om å tilby studentar relevante sommarjobbar og samtidig sikre næringslivet i fylket langsiktig rekruttering. Prosjektet er initiert av Høgskulen på Vestlandet, og bak samarbeidet står ei rekkje bedrifter i fylket, IT-forum, Sogn og Fjordane Næringsråd og Framtidsfylket.
– Mange ferdigutdanna studentar manglar relevante referansar og arbeidserfaring når dei skal søke jobb. Samtidig er det utfordrande for næringslivet å få tak i riktig kompetanse, seier Leon Bakkebø, leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.
Både NAV og NHO har dei siste vekene peikt på at mangel på arbeidskraft vil bli ei stor utfordring for fylket i åra som kjem. Bakkebø understrekar viktigheita av å vinne kampen om dei beste hovuda, sikre tilflytting til fylket, samstundes som ein gjerne held på eigen ungdom.
– Sommarjobbar sikrar studentane våre nyttig arbeidserfaring og viktige nettverk, og det ein ypparleg måte for næringslivet å knyte relasjonar med tilsette dei vil trenge i framtida. Ein klar vinn-vinn- situasjon, seier Bakkebø.
God respons
Enivest er ei av bedriftene som har delteke i prosjektet, og har sju ledige sommarjobbar i år. Dei har merka god respons på sine stillingar.
– Vi har motteke fleire søknader enn tidlegare år, så eg er ikkje i tvil at ei felles satsing på relevante sommarjobbar er vegen å gå. Eg har store forventningar til korleis satsinga vil utvikle seg neste år, når prosjektet vert betre kjent blant studentane, fortel Christiane Ulriksen, marknadssjef i Enivest.
Ulriksen fortel at Enivest har fleire tilsette, der sommarjobben har vore inngangen til ei fast stilling.
– Mange studentar er flinke å jobbe, men det er altfor få som sikrar seg erfaring innan sitt fagfelt medan dei studerer. Som arbeidsgjevar er det fint å sjå ein raud tråd i utdanning og arbeidserfaring. Mi erfaring er at studentar med relevant jobberfaring får tidlegare fast jobb, fordi dei raskare kan levere resultat, seier Ulriksen.
Sommarjobbane har blitt lyst ut via Framtidsfylket sin portal, og samtlege studentar på Høgskulen på Vestlandet har fått personleg e-post om sommarjobbfylket Sogn og Fjordane.
– Framtidsfylket kan no smykke seg både med tittelen Norges største regionale traineeprogram og sommarjobbportal.