Nyheitsbrev og julehelsing frå Sogn og Fjordane Næringsråd
Sogn og Fjordane Næringsråd kan sjå tilbake på eit spennande og innhaldsrikt år. Det har vore mange bedriftsbesøk og mange viktige arrangement både i eigen regi og saman med andre. SFN har fått markert seg som eit viktig talerøyr og døropnar inn mot regjeringa og Stortinget på vegne av enkeltmedlemmar og fellesskapet. Den siste tida har vi til dømes brukt mykje tid på kraftskatteutvalet og havbruksutvalet. Det har også vore ei svært gledeleg utvikling i medlemstalet med ein auke frå 85 ved sist årsskifte til vel 120 i dag.
Sogn og Fjordane Næringsråd har også fått på plass gode kontaktpunkt mot nye Vestland fylkeskommune både politisk og administrativt. Samlinga vi hadde saman med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland tidleg i november var svært viktig både for å knyte kontakt med nye Vestland fylke og med andre næringspolitiske organisasjonar i Vest.
Det blir viktig og nyttig å styrke kontakten både med fylkeskommunen og dei andre Næringsorganisasjonane framover for å kunne tale næringslivet i Sogn og Fjordane si sak i det næringspolitiske arbeidet i Vestland. Dette gjeld både i arbeidet med strategisk næringsplan i fylkeskommunen og ikkje minst i arbeidet med rullering av Nasjonal Transportplan.
Sjølv om det har skjedd mykje positivt siste året er dette likevel berre starten på å bygge ein sterk og slagkraftig næringspolitisk organisasjon for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vi kjem til å jobbe vidare med å bygge organisasjon, bygge alliansar og arbeide vidare med næringspolitiske saker inn mot styrande organ og vi ser fram til eit godt og spennande samarbeid i 2020.
Følg oss på heimesida eller på Facebook:
Her er litt av det som skal skje rett over nyttår:
Magasin om næringslivet i Sogn og Fjordane i 2020
Ei viktig oppgåve for Sogn og Fjordane Næringsråd er å framsnakke våre medlemsbedrifter og næringslivet i Sogn og Fjordane. Det gjeld både i møte med offentlege myndigheiter, på samlingar eller i møte med andre organisasjonar. Det skjer utruleg mykje spennande i næringslivet i Sogn og Fjordane, og det er merkeleg å oppleve kor lite av dette som er kjent både innanfor og utanfor Sogn og Fjordane. Når vi blir ein del av Vestland frå 1.1.2020 er det ein ekstra god grunn til å få fram det som skjer i næringslivet i Sogn og Fjordane. Dette ønskjer vi å gjere noko med.
Sogn og Fjordane Næringsråd vil saman med ei av våre medlemsbedrifter, A til Å, undersøkje om det er ønskje om å vere med i eit Magasin som syner det spennande næringslivet vi har i Sogn og Fjordane, og som kan brukast til marknadsføring og ulike presentasjonar. Det blir både ei trykksak og ei digital utgåve på heimesida til Sogn og Fjordane Næringsråd. Vi kjem til å ta kontakt med alle medlemsbedriftene rett over nyttår for å lodde stemninga for å vere med. Dersom det er interesse er det planen at Magasinet kan presenterast på generalforsamlinga vår 21. april 2020.
Medlemsundersøking saman med Bergen Næringsråd
Det er svært viktig for Sogn og Fjordane Næringsråd å vere tett på bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane for å kunne ta opp aktuelle saker og knyte kontaktar. I tillegg til direkte kontakt med medlemsbedriftene ønskjer vi å vere med på ei medlemsundersøking som Bergen Næringsråd har for sine medlemsbedrifter i Hordaland rett over nyttår.
Medlemsundersøkinga vil handle om kva som skjer i bedrifta i 2020 og om framtidsutsiktene vidare. SFN ønskjer å ha med spørsmål som handlar om Sogn og Fjordane og spørsmål som handlar om Vestland. Undersøkinga vil også bli brukt inn mot fylkeskommunen sitt arbeidet med strategisk næringsplan og aktivitetar i fylkeskommunal regi som Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere med på. Medlemsundersøkinga vil også bli ei nyttig kartlegging for Sogn og Fjordane Næringsråd og den vil vere med på å legge grunnlaget for ein del av våre aktivitetar i 2020.
God jul, og godt nytt år!