Tilbyr skreddarsydd leiarstudium
Framtidsfylket og Sogn og Fjordane Næringsråd har tatt initiativ til eit nytt leiarutviklingsprogram. Målet er å heve nivået på leiarane i fylket.
– Omstilling, innovasjon, det grøne skiftet, bærekraftige forretningsmodellar, rekruttering, digitalisering og nytt storfylke. Dette er utfordringar vi alle føler på og ønsker å ruste oss for. I samarbeid med Sogn og Fjordane Næringsråd har vi difor fått skreddarsydd eit program for leiarar i Sogn og Fjordane, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.
Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, meiner oppdaterte leiarar er heilt avgjerande for utvikling i bedriftene.
– Vi lever i ei verd med stadig raskare omstilling og større krav til leiarskap på fleire område – også her i Sogn og Fjordane. Då er det viktig med leiarar som heng med i omstillingstakta, oppdaterer seg og har føresetnad for å utvikle bedrifta og dei tilsette. Programmet er høgst aktuelt.
Styreleiar i Framtidsfylket, Nandor Helgheim, meiner dette er ei viktig satsing for fylket og framtida:
– Vi ønsker å møte nye strukturar med endringsvilje og tilpassing. Å heve nivået på leiarane i fylket er ein god start, og vil gjere prosessane enklare.
Styreleiar i Framtidsfylket: Nandor Helgheim
Vil skape nyttige nettverk
Programmet blir levert av NHH Executive i samarbeid med AFF. Det blir lagt vekt på den enkelte deltakars kompetanse på omstilling, innovasjon og endringsleiing, samt individuelle føresetnader og ferdigheiter.
– Vidare skal programmet bidra til å utvikle verksemdene til deltakarane i både privat og offentleg sektor og skape nettverk i regionen. Vi trur at leiarane i Sogn og Fjordane vil ha nytte av å komme saman og diskutere felles problemstillingar, korleis dei kan møte framtidas utfordringar og korleis utvikle seg som leiarar, seier Lødemel.
Viktig i eit rekrutteringsperspektiv
Fleire verksemder i Sogn og Fjordane melder at det er utfordrande å rekruttere kompetanse og arbeidskraft. Å skape gode arbeidsmiljø er eit viktig ledd i å tilby attraktive arbeidsplassar.
– I eit rekrutteringsperspektiv er trivsel på arbeidsstaden essensielt. Vi ser at bedriftene som tar personalpolitikk på alvor og har godt leiarskap i fokus har lite gjennomtrekk. Framtidsfylket ønsker å tilby attraktive arbeidsplassar som legg til rette for at ein får vekse både fagleg og personleg, seier Hovland.
Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane næringsråd og Linda Hovland i Framtidsfylket ønsker leiarar på alle nivå med i programnmet.
Tilpassa Sogn og Fjordane
Programmet er for leiarar på ulike nivå.
– Anten du er toppleiar, mellomleiar eller går med ønske om å bli leiar, kan du melde deg på programmet. Einaste kravet er at du har ein bachelor i botn, for programmet er på masternivå. Du oppnår 30 studiepoeng som kan vere del av ei mastergrad, seier Lødemel.
Dei fleste samlingane vil vere i Sogn og Fjordane, samt ei i Bergen og ei i København. Oppstart er oktober 2019, og programmet vil gå fram til desember 2020
– Programmet er unikt fordi det er produsert spesielt for Sogn og Fjordane. Det betyr at tema og problemstillingar som blir tatt opp er aktuelt for vår region. Samtidig blir det nasjonale og internasjonale case på agendaen, forklarar Hovland.
Meld deg på!
Saman oppmodar dei fylket sine leiarar til å melde seg på.
– Fagleg påfyll, nye nettverk og verktøy til å møte aktuelle utfordringar er blant det du vil få ut av programmet. Vi håpar dette kan bli eit fast tilbod, slik at det etter kvart vil vere tilgjengeleg for heile Vestland. Det igjen kan bety nye samarbeid og synergiar, seier Hovland.
– Og så må vi få takke Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Energi som viktige medspelarar for at vi kan tilby programmet. Dei ser viktigheita av eit høgt nivå på leiarane i fylket, avsluttar Lødemel.