Student- og kompetanserekruttering – ei felles mobilisering

Å sikre relevant kompetanse vil bli ein krevjande og ein av dei viktigaste kampane framover for bedriftene våre. Det er kritisk for vidare utvikling av næringslivet i vår region at vi kan rekruttere relevant høgare kompetanse. Vi må vinne kampen om talenta. Dette gjer vi enklast med utgangspunkt i vårt nærmiljø.

Korleis kan vi som bedrifter vere med å gjere Sogn og Fjordane attraktivt som studiestad? Og seinare som karrierestad?
Dette er ei oppmoding til næringslivet om å bidra med konkrete og samordna tiltak inn i ein felles mobilseringskamp for student- og kompetanserekruttering i regionen vår. Dette er investering for framtida vår.

Gjennom godt samarbeid på tvers i fylket har vi dei siste åra fått tilrettelagt gode og relevante studium for næringslivet. Og all statistikk viser at majoriteten av dei som tar høgare utdanning i fylket blir verande i fylket når dei går ut i arbeidslivet. Dette gjeld enten du er frå fylket eller flyttar til som student.

Difor er eit nært og godt samarbeid mellom næringsliv og høgskulemiljøa våre særdeles viktig for å lukkast i kompetanserekrutteringa framover. Skal vi vinne denne kampen om studentane og talenta, må vi synleggjere attraktiviteten i både studia og karrieremulegheitene.

Ingeniørstudia i Sogn og Fjordane
Det siste utdanningstilbodet er ei nyoppretta IT-utdanning frå haustsemesteret 2018. Eit studium som næringslivet og IT-forum Sogn og Fjordane har vore sterk pådrivar for. Denne utdanninga er høgst relevant på tvers av bransjar og sektorar. I tillegg har vi fått ei ny utvida utdanning innan havteknologi. Trykk her for å sjå ingeniørutdanningane i fylket. 

Korleis kan vi klare å gjere ingeniørstudiane i Sogn og Fjordane meir attraktive enn tilsvarande studie andre stadar? Vi må finne vår «twist» og utgjere ein positiv forskjell i kampen om dei beste talenta.

Kva er våre trumfkort?
Vi må på tilbydarsida, vise jobb- og karrieremulegheitene, vise at vi har et aktivt og fagleg sterkt næringsliv. Eit næringsliv som støtter studentar som vel å studere nettopp her. Ei god samhandling mellom student og næringsliv kan vere vårt viktigaste trumfkort. I kraft av våre tette og gode nettverk kan ingen klare dette betre enn næringslivet her i fylket.

Heilt konkret så ønskjer Sogn og Fjordane Næringsråd at bedriftene legg til rette for og forpliktar seg til ein eller fleire av følgjande tiltak:

  • relevante sommarjobbar, ekstrajobbar og prosjektarbeid under studietida.
  • tilgong til gode bachelor- og prosjektoppgåver.
  • tilby studentane å delta i relevante nettverksamlingar.
  • andre attraktive tiltak som de meiner vil treffe målgruppene dykkar. 
Alt dette vil vere med å auke relevansen og attraktiviteten for studia, knytte studentane til næringslivet i fylket og gje næringslivet mulegheit å sikre seg gode kandidatar før dei er ferdige med studia. La oss skape nasjonal merksemd for å sikre mange gode søkarar til IT-studiet spesielt og ingeniørstudiane generelt.

Tilbakemelding
Bedriftene kan melde inn aktuelle sommar- og ekstrajobbar på Framtidsfylket si heimeside framtidsfylket.no. Fleire bedrifter har allereie sagt seg villige til å prioritere søknader frå studentar med opptak i Sogn og Fjordane, når det gjeld sommar- og ekstrajobbar.

Bachelor- og prosjektoppgåver, aktuelle nettverkssamlingar og andre gode tiltak, kan de melde direkte inn til Øyvind Østrem ved høgskulen, på denne adressa: oyo@hvl.no

Omfanget av både sommar- og ekstrajobbar, og andre tiltak, må vi kartlagt så raskt som mulig. Det er i dei komande vekene og månadane at studentane tek vala sine. Då må vi vere klare med våre tiltak slik at vi får presentert dei ovanfor studentane før dei gjer sine søknad- og studieval. Derfor ønskjer vi dykkar tilbakemelding på dette snarast og aller helst innan 25. januar 2018.

 

Med venleg helsing

Sogn og Fjordane Næringsråd og RekrutterING Sogn og Fjordane