Formuesskatten hemmar næringsutviklinga
Tek du såkorn og settepoteter frå bøndene, blir det mindre avlingar og svakare resultat. Formuesskatten fungerer på same måten i næringslivet. Kapital som skulle vore brukt på investering og nyskaping, går til stat og kommune. Er det smart?
Små og mellomstore bedrifter med lokale eigarar er berebjelken i dei fleste lokalsamfunn i Sogn og Fjordane og over heile landet. Skal desse bedriftene utvikle seg og trygge arbeidsplassane, må dei kontinuerleg investere i ny teknologi, ny kompetanse og nye produkt. Til det trengs kapital, ofte mykje kapital for å makte omstilling og sikre konkurransekrafta. Nokre kroner kan lånast i banken, nokre kan av og til hjelpemiddelapparatet som Innovasjon Norge stille opp med, men den aller viktigaste finansieringskjelda er eigarane og bedriftene sjølve. Formuesskatten svekker denne evna og reduserer med det næringsutviklinga i fylket vårt.
Vi er av den formeining at bedriftene i vår region er ekstra avhengige av den lokale investeringsevna og investeringsviljen. Vi får i mindre grad tilgang til sentrale og større kapitalmiljø og må bruke eigne overskot og resultat til innovasjon og nyskaping. Då trengs kvar tilgjengeleg krone. Vi har også mange døme på heilt urimeleg utslag av formuesskatten når bedriftseigarar utan tilgang på fri likviditet, må låne for å betale formuesskatt av «papirformuen» dei har i aksjar eller i eigedomar som fabrikkbygningar og hotellbygg. Formueskatten må betalast sjølv om selskapa går med underskot. Ein tredje og vesentleg ulempe ved formuesskatten er favorisering av utanlandske eigarar som slepp den særnorske skatten. I 2016 var samla innbetalt formueskatt på 12 milliardar kroner. I tillegg vart det innbetalt utbytteskatt på åtte milliardar kroner til staten.
Det er eit samfunnsansvar å stimulere til investeringar som skapar fleire arbeidsplassar i Norge. Difor bør dei store og ansvarlege politiske partia vere opptatt av gode ordningar som tek vare på og stimulerer investeringsevna. Då er fjerning av formuesskatten eit viktig grep. Dette handlar ikkje om skattelette for næringsliv eller eigarar, men ei hensiktsmessig justering av skattesystemet som sikrar ei meir effektiv omfordeling.
Sogn og Fjordane Næringsråd meiner vi må finne tverrpolitiske kompromiss som er langsiktige og føreseielege for næringsaktørane. Eit slikt enkelt kompromiss er å fjerne formuesskatten på næringsinvesteringar, eller såkalla arbeidande kapital. Det vil styrke dei små og mellomstore bedriftene våre og auke den lokale kapitaltilgangen for nødvendige investeringar i omstilling og knoppskyting. Samtidig vil dei aller rikaste fortsatt betale skatt på formue.
I inngangen til Stortingsvalet og friarferdene til politikarane våre, så oppmodar vi medlemmene våre, næringslivet og veljarane generelt til å utfordre dei politiske partia på dette viktige temaet. Dette er viktig fordi det rett og slett handlar om framtida til arbeidsplassane i regionen vår.
Av Leon Bakkebø
Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd