Her er det nye styret i Sogn og Fjordane Næringsråd!
På Generalforsamlinga til Sogn og Fjordane Næringsråd 17. juni vart det valt 3 nye medlemmer i styret. Dei nye medlemmene er: Jannet Aksnes frå Flåm, Jon B Nesje frå Stryn og Geir Arne Solheim frå Deknepollen.
Torsdag 27. august hadde det nye styret sitt første møte på Kviknes Hotell i Balestrand, og heile gjengen stilte opp til fotografering i hotellhagen på Kviknes Hotell.
Frå venstre: Jon B Nesje, dagleg leiar Bjørn Lødemel, Elin Tveit Sveen, Geir Arne Solheim, styreleiar Yngve Hallèn, Jannet Aksnes, nestleiar Leif Arne Åsen og Tore Bråstad.
Mange saker er løyste med god hjelp av Sogn og Fjordane Næringsråd
Sogn og Fjordane Næringsråd har jobba med mange viktige saker for næringslivet i Sogn og Fjordane siste åra, og det er mykje spennande som skal skje framover.
- Havbruksskatteutvalet la fram innstilling om grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa. Det vart avvist av regjeringa
- Kraftskatteutvalet la fram innstilling om grunnrenteskatt for småkraftnæringa, inndraging av kraftinntektene til kraftkommunane og ei dårleg skatteordning for større kraftutbyggingar og oppgradering av kraftverk. Grunnrenteskatt for småkraftverk og inndraging av kraftskatten til kraftkommunane vart avvist av regjeringa.
- Elavgift for datalagringsindustrien vart avvist i Revidert Nasjonalbudsjett i juni 2020.
- Ordninga med sukkeravgift vart sett tilbake til 2017 i Revidert Nasjonalbudsjett i juni.
- fl.
Mange viktige saker er ikkje løyste, og det skal jobbast aktivt og målretta med desse framover:
- Konsekvensane av koronaepidemien for næringslivet i Sogn og Fjordane blir ei av hovudsakene.
- Nasjonal Transportplan 2022-2033. Skal vedtakast i Stortinget i juni 2021.
- Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021.
- Nytt kraftskatteregime for større kraftutbyggingar, renovering og oppgradering av gamle kraftverk.
- Meir rettferdig nettleige.
- Rekruttering og kompetanse for næringslivet og bedriftene i Sogn og Fjordane.
Vidareutvikling av det gode samarbeidet i Vestland
- Sogn og Fjordane Næringsråd har utvikla eit svært godt samarbeide med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland. Dette skal vidareutviklast og Sogn og Fjordane Næringsråd ønskjer å bli ein del av Næringsalliansen.
- Det har vore opne dører til den nye Vestland fylkeskommune både politisk og administrativt. Sogn og Fjordane Næringsråd skal halde god kontakt med Vestland fylkeskommune for å få fram saker som vedkjem næringslivet i Sogn og Fjordane.
Ein sterk næringslivsorganisasjon
Sogn og Fjordane Næringsråd er på god veg til å bli ein sterk næringslivsorganisasjon i Sogn og Fjordane og i Vestland som har god politisk gjennomslagskraft og som er pådrivar for framtidsretta strategisk utviklingsarbeid i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Næringsråd har også teke ein viktig posisjon inn mot regjeringa og Stortinget. Alt dette ønskjer vi å forsterke i tida som kjem.
For å klare dette må Sogn og Fjordane Næringsråd ha ei stor og representativ medlemsmasse frå næringslivet i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Næringsråd er svært gladet og takksame for at vi har om lag 120 medlemar og vi ser svært gjerne at det blir ennå fleire. Ta kontakt, vi kjem gjerne på besøk om det er ønskje om det. Her kan du melde inn bedrifta di.