Samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet Campus Sogndal

Sogn og Fjordane Næringsråd har inngått samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal. Den går mellom anna ut på praksisplass for 1-2 studentar og eit utvida samarbeid med sikte på å styrke rekrutteringa til næringslivet i Sogn og Fjordane og gjere aktuelle studie meir attraktive.

Dette er eit viktig arbeid for å følgje opp tilbakemeldingane frå spørjeundersøkinga hos medlemane i Sogn og Fjordane Næringsråd tidlegare i år der tilgang på kvalifisert arbeidskraft vart peika på som den største utfordringa. Avtalen gjeld førebels fram til 15. juli 2025.

Sogn og Fjordane Næringsråd jobbar også tett med fleire av våre medlemsorganisasjonar for å støtte deira viktige arbeid med å sikre betre tilgang på arbeidskraft til næringslivet vårt. SFN har delteke på fleire møter og samlingar saman med desse organisjonane.

Her er nokre av våre medlemsorganisasjonar som gjere eit viktig arbeid på dette området:

  • Framtidsfylket
  • Sogn Næring
  • Sogn Utvikling
  • Sunnfjord Utvikling
  • Måløy Vekst
  • Aksello
  • Nordfjord Opplæringskontor
  • Nordfjordakademiet
  • PRO opplæring
  • mfl.

Det er fleire viktige samlingar om rekruttering og kompetanse framover og ein av desse er på Skei 25. oktober. Her er det berre å henge seg med:

>> Rekrutteringskonferanse på Skei: Folka i fokus | Framtidsfylket

Dagleg leiar i SFN Bjørn Lødemel, prodekan FØS, Helene Maristuen og dekan Torbjørn Heyerdal FØS.

Frå venstre dagleg leiar SFN, Bjørn Lødemel og prodekan Helene Maristuen

Frå venstre dagleg leiar SFN, Bjørn Lødemel og prodekan Helene Maristuen.