Uttale til fartsgrense gjennom Kaupanger sentrum
Sogn og Fjordane Næringsråd er svært uroa over at ein ikkje får til ei tenleg 60 sone gjennom Kaupanger sentrum, og at det har teke så lang tid å får dette på plass. Dette er ei svært alvorleg hindring for vidareutvikling av eit svært oppegåande og offensivt næringsliv på Kaupanger og i Sogndal.
Vi viser til uttale fellesuttale frå Kaupanger Næringsforeining, Kaupanger Idrettslag, Yrkessjåføropplæringa ved Sogndal Vidaregåande skule og FAU ved Kaupanger skule der konklusjonen er:
Oppsummert så meiner vi altså at argumenta for at fartsgrensa bør vera maksimalt 60 km/t er sterke. Dette handlar om trafikksikkerheita til 1) mjuke (spesielt barn og unge) og 2) harde trafikantar, og dei sosiale, økonomiske og miljømessige konsekvensane ei høgare fartsgrense vil ha for lokalsamfunn og kommunen (punkt 3 og 4). Vår gjennomgang av fartsgrensemodellen til SVV tyder også på at 60-sone kan fastsetjast ved bruk av skjønn i denne saken.
Sogn og Fjordane Næringsråd viser også til ei svært grundig vurdering av 60 sone på Kaupanger frå Kaupanger Næringsforeining der ein kjem med gode forslag på løysingar for trafikksituasjonen gjennom Kaupanger sentrum.
Vi viser også til Sogndal kommune si klage på vedtaket i Statens vegvesen og støttar deira arbeid for å få ei god og framtidsretta løysing med 60 sone gjennom Kaupanger sentrum.
Konklusjon.
Sogn og Fjordane Næringsråd ber Statens vegvesen om å gjere om vedtaket om at midlertidig særskilt fartsgrense på 60 kilometer i timen blir oppheva og forslag om at fartsgrensa skal vere 70 kilometer i timen. Sogn og Fjordane Næringsråd ber om at ein legg langt større vekt på dei innspela som er komne frå næringslivet på Kaupanger og bidreg til at ei rask avklaring og ei permanent 60 sone gjennom Kaupanger sentrum. Dette vil vere svært positivt for vidare vekst og utvikling for alle bedrifter og næringar som er lokalisert i dette område og det vil også ha positive ringverknader for næringslivet i andre deler av Sogn.
24. februar 2025
Bjørn Lødemel
Dagleg leiar