Sogn og Fjordane Næringsråd jobbar med omfattande revitalisering og fornying

Sogn og Fjordane Næringsråd vart skipa i 2016 og har hatt ei fin utvikling både når det gjeld medlemstal og praktisk arbeid med næringspolitiske saker. Vi har også vore med på å bygge sterke alliansar både i Sogn og Fjordane og i heile Vestlandet. Alt dette skal vi halde fram med og forsterke.

I det arbeidet vi skal gjere framover blir også medlemspleie og medlemsverving sentralt, og då er gode og konkrete tilbakemeldingar frå medlemar og tidlegare medlemar svært viktige for oss.

Vi har tidlegare gjennomført både strategiarbeid og marknadsføringsarbeid saman med studentar frå HVL Campus Sogndal. No skal vi ta alt dette vidare i ei større satsing på marknadsføring og revitalisering av Sogn og Fjordane Næringsråd.

Sogn og Fjordane Næringsråd har fått støtte til dette viktige arbeidet frå fadderbankane våre Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest og vi er svært glade for at Erlend Fardal Lunde skal jobbe med dette prosjektet i Sogn fram til nyttår.

Etter nyttår skal vil evaluere resultatet og gjennomføringa i Sogn og håpar at vi kan kome i gang med liknande prosjekt i resten av Sogn og Fjordane. Då er vi interesserte i å kome i kontakt med personar som kjenner godt til næringslivet i Sunnfjord og Nordfjord, og kan hjelpe oss med eit liknande prosjekt der.

Ta gjerne kontakt dersom du har lyst å jobbe med eit prosjekt som dette eller har tankar og idear som vi kan ta med vidare.

Bjørn Lødemel og Erlend Fardal Lunde.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS