Ope medlemsmøte 18. mars – verdspolitikken sin påverknad på lokalt næringsliv

I samarbeid med Sunnfjord Utvikling og PEAK Sunnfjord inviterer Sogn og Fjordane Næringsråd til ope medlemsmøte tysdag 18. mars på PEAK. Kva påverknad har dei geopolitiske utfordringane for oss i næringslivet? Treng me ha fokus på krig, USA og Russland, eller kan me trekke ned rullegardina og leve i vår eiga boble i Sogn og Fjordane?

Sogn og Fjordane Næringsråd har sidan november arbeida med eit prosjekt der medlemspleie og medlemsverving har stått sentralt. Til å hjelpe oss med dette i Sogn har me hatt med oss Erlend Fardal Lunde frå Favna Sogn. Han er med oss vidare, i første omgang til mai 2025, og erfaringsinnsamling til vårt arbeid i heile Sogn og Fjordane er ein del av oppdraget.

Ein suksess me tek med oss frå Sogn var opne medlemsmøte. Dette vil me no forsøke å gjere fleire stader i fylket, gjerne i samarbeid med lokale samarbeidspartnarar. Fardal Lunde skal også jobbe med oss i andre deler av Sogn og Fjordane og planlegg saman med medlemane våre, Pål Anders Kårstad frå PEAK og Gunnhild Berge Stang i Sunnfjord Utvikling det opne medlemsmøtet i Førde tysdag 18. mars.

Tysdag 18. mars 14.00 – 16.00
PEAK Sunnfjord
Påmelding: KLIKK HER!

Nesten dagleg vaknar me opp til nye push-varsel som tek oss inn i ei verd me undrar på om er verkeleg eller om me framleis drøymer. Trump skapar ubalanse og uro i Europa, i Norge og hjå oss alle, men kor mykje treng me eigentleg bry oss?

Me har lagt opp til eit spanande program for å gi svar på dette:

14.00 Innleiing

  • Pål Anders Kårstad om PEAK Sunnfjord
  • Bjørn Lødemel om Sogn og Fjoradne Næringsråd

14.20 «Trump 2.0 – er det ein raud tråd i kaoset?»
Ketil Solvik-Olsen

Trump har dominert mediebildet over lengre tid. Hans høge tempo og mange utspel skaper entusiasme blant tilhengarane medan frykt og usikkerheit pregar motstandarane. Han ønskjer å bli hugsa som ein mann av fred, men leflar med land og personar som i vestlege auge assosierast med ufred.

Finnes det ein raud tråd i det tilsynelatande kaoset? Vil Trump lukkast med å gjøre America Great Again? Ketil Solvik-Olsen vil dele av sine erfaringar frå politikk og USA slik at vi kan forstå litt meir av det som no utspelar seg hjå vår store nabo i vest.

15.20 «Vi og verda – konsekvensar for lokalt næringsliv»

Roy Stian Farsund, direktør bedriftsmarknad Sparebank 1 Sogn og Fjordane

15.40 «Makrobildet i ei uroleg verd»

Per-Hermund Høgheim, Sparebanken Vest Markets

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen er ein erfaren politikar med ein variert bakgrunn innan både organisasjon, politikk og næringsliv. Med over sju år i USA over fire ulike opphold, sit han på både kunnskap og erfaringar om våre moglegheiter og utfordringar hjå vår store nabo i vest. 

Ketil er mest kjent som tidlegare samferdselsminister i Erna Solberg si regjering, ei rolle han hadde frå 2013 til 2018. Under hans leiing skjedde ei omfattande modernisering av norsk infrastruktur. Dette innebar fleire store reformar slik som etableringa av Nye Veier AS, så vel som eit betydeleg løft for digitalisering og forenklingar i reguleringar og byråkrati.

Han har bakgrunn frå næringslivet, med stillinger knytta til rederi, bilbransje, luftfart, anleggsbransjen samt ei rekke gründerbedrifter i teknologisektoren. Dette har gitt han god forståing innan økonomiske spørsmål og industrien si rolle i samfunnet. Han er no assosiert partner i Geelmuyden Kiese og bur i Oslo med sin familie.

Ketil Solvik Olsen

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS