Næringspolitisk notat om Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane
Dette næringspolitiske notatet skal synleggjere dei utfordringane og mogelegheitene som er i Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane, og det skal kome med viktige innspel både til Miljøfleksibilitetsordninga og Havbruksmeldinga.
Mottakarane vil vere stortingsbenken frå Sogn og Fjordane, lokale, regionale og nasjonale politikarar og offentlege myndigheiter. Dette notatet vil også vere eit høyringsinnspel frå Sogn og Fjordane Næringsråd og evt. ei samla næring i Sogn og Fjordane der det høver. Det vil bli brukt til kronikkar og anna påverknad i media og elles.
Innleiing:
Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane er i stor grad familieeigd og har sine anlegg langs kysten og
i fjordane våre. Dei har ikkje dei same mogelegheitene som større selskap har til å flytte produksjon og aktivitet, og dei har langt sterkare tilknyting til sine lokalmiljø enn større selskap der eigarane er nasjonale eller internasjonale. Fleire av dei familieeigde oppdrettselskapa i Sogn og Fjordane har feira 50 eller 60 års jubileum dei siste åra. Desse feiringane har vist med stor tydelegheit at denne næringa har vore ei av dei største suksesshistoriene i næringslivet og i samfunnsutviklinga langs kysten og i fjordane i Sogn og Fjordane i alle desse åra.
Havbruksnæringa har skapt vekst, velstand, busetnad og verdiskaping, og folka som har skapt denne suksessen har vore pionerar og gründerar med ei fantastisk ståpåvilje som både landet vårt og alle lokalsamfunna har hatt stor glede av. Det ser ein ikkje minst gjennom utbetalingane frå Havbruksfondet til dei kommunane som har desse lokalitetane. Det er ikkje skattepolitikken og politikarane som har skapt desse verdiane, det er eigarane og dei tilsette i oppdrettsselskapa. Det er dei som skal takkast for at storsamfunnet og kommunane nyt godt av pengane frå desse fonda.
Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane har jobba aktivt og målretta i mange år for å løyse utfordringane med lakselus og betre dyrevelferd og for å møte dei krav og forventingar som offentlege myndigheiter og innbyggarane har til denne næringa. Aktørane i fylket var tidleg ute med å dyrke ein lokalitetsstruktur som la grunnlag for god biosikkerheit. Ein har og oppretthalde ein spreidd slakteristruktur, som er positiv både for smittehygiene, fiskevelferd, utslepp frå transport og sysselsetjing. På brønnbåtsida har mange inngått samarbeid for å ha tilgang på det beste utstyret. Fleire miljø i fylket har vore medverkande i utvikling av lukka merd-teknologi.
Både for lokalsamfunna, verdiskaping, sysselsetting og busetnad er det heilt avgjerande at denne næringa kan utvikle seg på ein positiv og framtidsretta måte. Dette er ei av dei næringane som er mest styrt av politiske avgjerder og offentleg byråkrati. Næringa er langt på veg ei politisk styrt næring, og då er det heilt avgjerande at både politikarane og offentleg forvalting spelar på lag med eigarane og bedriftene for å sikre felles kunnskap for miljøtilpassa vekst og auka verdiskaping.
Dei siste åra er det dessverre mykje som har gått i feil retning når det gjeld statlege rammevilkår for denne viktige næringa i Sogn og Fjordane.
Det siste nedtrekket på 6 % på toppen av 2 tidlegare nedtrekk skaper svært store utfordringar for selskapa i vår region. Det var svært dårleg og mangelfull fagleg grunngjeving for det siste nedtrekket, og det må reverserast omgåande for at ein skal kunne halde oppe aktivitet og skape vidare vekst. Her er nokre viktige kommentarar og innspel:
- Trafikklysordninga har vore svært inngripande, men ikkje fungert etter målsetnadane
- Tre nedtrekk på 6% av produksjon dei siste 6 åra, totalt 18%. Det seier seg sjølv at dette er svært øydeleggande
- Grunnrenteskatt og produksjonsavgift.
- Auka eigarskattlegging og endra skattegrunnlag.
- Auka byråkrati og rapportering.
- Større hinder for å legge om til ein betre lokalitetsstruktur.
Trafikklysordninga
Trafikklysordninga skulle gje miljøtilpassa og føreseieleg vekst i næringa. Dette har ikkje slått til. Medan næringa i nord har fått høve til å vekse, har bedriftene i Sogn og Fjordane mista 18 % av produksjonsgrunnlaget. I prinsippet styrer heile næringa mot stagnasjon, men inntil det punktet er systemet splittande mellom landsdelane. Havbruksutvalet konkluderte med at nedtrekk ikkje har synt seg som eit eigna verkemiddel mot lus. Modellen som bereknar dødelegheit på utvandrande smolt har mange svakheiter og stemmer ikkje med den verkelegheita som fleire forskingsresultat etter kvart viser.
Ein av havforskarane som har laga metoden som ligg til grunn for trafikklyssystemet, Jens
Cristian Holst, seier dette i klartekst i Ilaks 20. mars 2024. «Det må føles ekstra bittert når
nedtrekket er basert på tall som høyst sannsynlig ikke har rot i virkeligheten».
Det 3. nedtrekket slo ned som ei bombe i 2024. På tross av at næringa i Sogn og Fjordane har levert på dei krav som har kome frå forvaltninga på forbetringar på lusesituasjonen, og alle parameter peika i rett retning kom likevel vårt produksjonsområde i raudt og nytt nedtrekk. Næringsministeren prøvde ikkje ein gong å forsvare nedtrekket med faglege argument, nedtrekket var gjort for å vere føre var. Det er elendig politisk handsaming og ei forfordeling av ressursar med tap i vest og auke i nord.
Konsekvensane 3 nedtrekk og dagens politikk.
Dette er kommentarar henta frå ulike oppdrettselskap i Sogn og Fjordane.
Firda Seafood Group AS
«I Firda Seafood Group tar vi på oss foredlerens sko hver dag. Vi har satset på nytt slakteri, filetlinje og fryseri, i et område der ungdom skal få ettergitt studiegjeld dersom de har lyst å bo der. Og helst jobbe der, skulle man tro. Etter hvert som vi har investert, har vi mistet en femdel av produksjonskapasiteten i sjø. Det samme har naboene våre. Det er ikke fritt for at det røyner på for filetlinjene. Fisken er driftsgrunnlaget vårt, og vi må ha nok av den, hele tiden. De ansatte er bekymret, for permitteringer og nedbemanning. Hvem kan bygge og bo i distriktene uten forutsigbarhet?»
Slakteriet AS i Florø
Slakteriet i Florø har i perioden 2020-2023 jobba aktivt med finansiering og realisering av eit nytt, moderne og automatisert slakteri. I starten av 2024 vart det klart at vi måtte sette prosjektet på vent for ein periode. Totalsummen av grunnrenteskatt, total skattebelastning på næringa og på toppen nedtrekket på ytterlegare 6 % gjorde at eigarane og andre mogelege investorar frå næringa ikkje kunne love den eigenkapitalen som var nødvendig for prosjektet, usikkerheita vart for stor. Dette på tross av at prosjektet betyr ein svært berekraftig produksjon med høg miljøprofil, som vil sikre slaktekapasitet og dermed arbeidsplassar i framtida. For å
kunne ta ei så stor investering må føreseielege rammevilkår være akseptabel. Det er dei ikkje med dagens politikk.
Osland havbruk
Osland ser positivt på ei Miljøteknologiordning der vi igjen kan nytte nedtrekt volum i vår produksjon. Ordninga må innrettast slik at ein reduserer påverknaden drifta har på nivået av lakseluslarver i miljøet, på same tid som lønsemda i drifta er ivareteken. Faren slik ordninga no er innretta er at den blir så rigid at næringa ikkje får til å nytte seg av tilbodet. Strenge reinsekrav og lite fleksibilitet på samlokalisering av MTB kan være døme på at nedtrekt biomasse ikkje blir nytta til verdiskaping.
Osland er bekymra for at foreslått Miljøteknologiordning og Havbruksmelding ikkje har fokus på lønnsam og effektiv drift i havbruksnæringa. Politiske vedtak for havbruksnæringa siste åra har gitt kraftig auke i produksjons kostnader og redusert utbud, som igjen har gitt veldig høg prisauke i butikk og nedgang i forbruk. `
Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett
«Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett starta med oppdrett av laks på 70 og 80 talet og har klart og utvikle bedriftene gjennom samdrift og samarbeid til å bli viktige bidragsytarar i våre lokalsamfunn. Vi har opplevd krevjande periodar, stor usikkerheit og vi har brukt store resursar på forebyggande metodar mot lakselus og nye vaksiner mot ulike sjukdommar på fisken vår.
Dei siste åra med stadig meir uforutsigbare rammevilkår, eit trafikklyssystemet der vårt område har fått 3 ned trekk med totalt 18 % og stadig nye endringar i skatte- og avgiftssystem skapar stor usikkerheit. Ein må kunne spørje om det politisk vilje til å utvikle denne næringa på Vestlandet. Dei uforutsigbare rammevilkåra skaper også usikkerheit om det er rom for mindre lokale oppdrettsaktørar framover eller om næringa i framtida berre skal bestå av eit fåtal børsnoterte utanlandske selskap.»
Miljøfleksibilitetsordninga. Innspel frå næringa i Sogn og Fjordane
NOU 2023: 23. Helhetlig forvaltning av akvakultur for berekraftig verdiskaping.
«Utvalget ble satt ned for å vurdere hvordan tillatelsessystemet for akvakultur bør innrettes for fremtiden. Utvalget ble bedt om å utforme et helhetlig tillatelsessystem som skal ivareta flere hensyn, herunder biosikkerhet, miljøhensyn og næringsutvikling. For å svare på denne oppgaven har utvalget funnet det nødvendig å vurdere flere virkemidler enn bare tillatelser til akvakultur. Videre har utvalget valgt å konsentrere arbeidet om forhold knyttet til akvakultur i sjø og innenfor virkeområdet til plan- og bygningsloven, det vil si kystnær akvakultur.»
«Utvalgets forslag til et helhetlig forvaltningssystem for akvakultur er rettet mot størst mulig verdiskaping innenfor bærekraftige rammer. Dette innebærer å ivareta hensynene til klima og miljø, økonomisk vekst og en akseptabel fordeling av verdiskapingen. En effektiv forvaltning av akvakulturnæringen, med nødvendig kompetanse og samordning på tvers av de ulike involverte offentlige instansene, er avgjørende for å oppnå denne målsettingen»
Fram til trafikklyssystemet blir fullgodt evaluert og reformert, har næringa i raude område sett si lit til miljøfleksibilitetsordninga, som stortinget har pålagt regjeringa å legge fram. Før jul kom det eit forslag til korleis det nedtrekte volumet kan takast i bruk att. Dette forslaget svarar ikkje på stortingsvedtaket, korkje på teknologinøytralitet eller nasjonal likehandsaming. Forslaget stiller nye miljøkrav i høve det som er grunnlaget i trafikklysordninga.
Forslaget er ikkje eigna til å løyse ut investeringar i næringa, eller betre på situasjonen på Vestlandet. Miljøfleksibilitetsordninga som er fremma, har ikkje fleksibilitet i seg og den sett detaljerte utsleppskrav som igjen innskrenkar kva teknologialternativ oppdrettarane har å velje mellom. Poenget med miljøfleksibilitet er at ein skal gjere teknologiske val ut i frå korleis ein påverkar omgjevnadane og korleis toleevna er til miljøet ein produserer i. Eksempelvis er kravet om oppsamling av slam eit teknologikrav som ikkje heng saman med trafikklysordninga.
Eit særskilt fokus på oppsamling av sjølve slammet bør gjerast ut i frå dei fjordmiljøa der forholda er slik at nedslamming kan forringe miljøkvaliteten utover kva ein kan akseptere. Endringane i forureiningsregelverket knytt til akvakultur frå februar 2024 skjerpa krava oppdrettarane sjølv har til å følgje med på korleis dei påverkar naturen og direkte omgjevnadane rundt produksjonen sin.
Miljøfleksibilitetsordninga som er lagt fram, ser ikkje ut til å ha tatt høgde for desse endringane. Heller ikkje det viktige aspektet at botntilhøva og fjordmiljøa i Sogn og Fjordane og landet elles er forskjellige, og at ein treng ulike verkemidlar for å få best mogleg produksjon for næring og natur. Forslaget er derfor ikkje eigna til å løyse ut investeringar i næringa, eller betre på situasjonen på Vestlandet. Til det er forslaget for snevert.
Auka skattlegging og endra skattegrunnlag
Auka skattetrykk på næringa, og eit særskilt hardt trykk på dei norskeigde verksemdene, medfører ei konkurransedreiing mellom næringar og mellom eigarar/investorar. Saman med den styrte reduksjonen i produksjonsevne, er dette ekstra vanskeleg for Vestlandet.
I 2021-statsbudsjettet vart formueverdien av konsesjonar kjøpt før 1998 auka til det selskap kjøpte vekst for i siste auksjonsrunde. Dette førte til ein eksplosiv vekst i formuesskatt for eigarane av lokale oppdrettsselskap – ein skatt som utanlandske eigarar slepp unna.
Samla utgjer dette ein tredobling av skattebyrda for oppdrettsselskap, noko som innskrenkar det økonomiske handlingsrommet betydeleg. Resultatet har blitt kansellering av planlagde investeringar i arbeidsplassar og verdiskaping. Med eit pennestrøk vart optimisme og framtidstru endra til uro i rådhus og lokalsamfunn langs heile kysten.
Skatteendringane som regjeringa og Stortinget innførte i 2022 er dramatiske. Ny grunnrenteskatt på 25 % av driftsoverskotet. Saman med auka formueskatt, auke frå 500 til 750 millionar kroner i produsjonsavgifta som var innført i 2020 og ein ny naturressursskatt på 750 millionar kroner vil dette bli ei kraftig skatteskjerping som går ut over lønsemda, framtidige investeringar og arbeidsplassar.
Grunnrenteskatten har form av ein komplisert og byråkratiserande skatt, der ordninga med normprisråd er spesielt rapporteringskrevjande og skaper usikkerheit om likebehandling av skatteytarar.
Auka byråkrati og rapportering
Saman med auka skatt og arbeidet dette pålegge bedriftene, har også offentleg sakshandsaming gått i retning av meir innfløkte og saktegåande prosessar. I arealsaker opplever ein ofte ei fragmentert sakshandsaming, der ulike sektormyndigheiter kan avslå søknaden, direkte eller indirekte. Mattilsynet har handsama kategoriseringa av raudt trafikklys på den måten at det hindrar påkravde omleggingar av lokalitetsstruktur. Ei anna stor utfordring er tida det tek å få naudsynte konsesjonar frå NVE. Ofte kan dette ta fleire år sjølv om det er enkle tiltak som kunne bli ekspedert over bordet. Sakshandsamingstida og manglande tilbakemelding og oppfølging er ei alvorleg utfordring for mange av oppdrettsselskapa våre.
For å få til ein omlegging av produksjonen til meir lukka eller lågutsleppsteknologi, bør regelverket justerast slik at det i så stor grad som mogleg legg til rette for samarbeid mellom oppdrettarane på lokalitetsnivå. Tilsvarande bør ein som oppdrettar kunne fordele produksjonen sin på lokalitetane innan eit område. Slike omstruktureringsgrep med nedlegging av nokre lokalitetar, lukke nokon og auke andre, har fleire oseanografiske analyser vist at kan vere svært effektive for betring av lusetala.
Nordfjordprosjektet er eit eksempel på dette, og no blir det gjort tilsvarande analyse for Nordhordland inkludert Sognefjorden. Erfaring har vist at sjølv om analysane er gode, så svikter det på gjennomføringa av endringane. Ein god miljøfleksibilitetsordning bør gje regulatoriske føringar for korleis akvakulturforvaltninga kan og bør arbeide for å sikre gjennomføringa av gode omstruktureringsgrep i eit område.
Sandkasseprosjektet i Mattilsynet har eit lite element av dette i seg, men for at det skal fungere heilskapleg bør alle dei avgjerande akvakulturaktørane samkøyrast i slike prosesser. I tillegg er det og avgjerande at endringane må fungere produksjonsmessig og økonomisk for oppdrettarane i området om investeringar, drift og fleksibel bruk av lokalitetar til slike anlegg. Regulatorisk betyr dette at det generelle forbodet mot samlokalisering og samdrift for kommersielle matfisktillatingar på same lokalitet bør opphevast, slik at det enklare kan drivast fleire driftsformer og fleire samarbeidskonstellasjonar på lokalitetane.
Normpris, ein byråkratisk fiasko laga utan kunnskap eller innsikt i næringa.
Normprisrådet fører til eit svært komplisert og tidkrevjande arbeid for norske oppdrettsselskap, og det fører til eit omfattande og kostbart byråkrati for det offentlege. Det verste med normpris-rådet er likevel at norske oppdrettselskap betalar skatt av inntekter dei ikkje har, og at det er stor fare for ei systematisk feil skattlegging av ei av dei viktigaste næringane vi har i landet vårt. Dette stemmer dårleg med garantien frå regjeringa om at reell pris skulle leggast til grunn ved denne særskatten for norske oppdrettsselskap.
Finansdepartementet og eventuelt Stortinget må så snart som råd skrote denne ordninga og
kome tilbake til ei skattlegging av faktiske inntekter.
Fram mot den varsla Havbruksmeldinga er desse kriteria viktige:
- Det siste nedtrekket må reverserast og tilbakeførast omgåande.
- Miljøkrava må vere dei same for heile landet.
- Tydelege mål og teknologinøytralitet må vere bærebjelkane.
- Nedtrekk som verkemiddel må stansast, og det må lagast ordningar for tilbakeføring av nedtrekt volum som ivaretek konkurransekrafta til næringa på Vestlandet.
- Det må i regelverk og praksis leggast til rette for betre samarbeidsmoglegheiter mellom oppdrettarane, slik at dei er betre i stand til å gjere nødvendige investeringar, og kan forbetre drifta gjennom meir fleksibel bruk av lokalitetar.
- Aktørar som driv godt må få utteljing for dette, kollektiv straff kan ikkje vere eit verkemiddel.
- Kunnskapen om situasjonen for villaksen i elvane og i havet må styrkast.
20. februar 2025
Bjørn Lødemel
Dagleg leiar