Kvifor Sogn og Fjordane Næringsråd?

Sogn og Fjordane Næringsråd spelar ei nøkkelrolle for utviklinga av næringslivet i regionen vår. Med eit klart mål om å skape større vekstkraft og verdiskaping, er vi eit felles talerøyr for næringslivet i fylket. Vi jobbar aktivt for å sikre dei beste rammevilkåra, slik at både små og store verksemder kan blomstre i eit landskap rikt på moglegheiter.

Sogn og Fjordane Næringsråd har hatt eit tett og godt samarbeid med våre medlemsbedrifter Norways Best og Aurland Hamnevesen for å vere med på å sikre at det blir cruisetrafikk i Flåm også etter 2026. Dette har vore ei svært viktig sak for reiselivet i heile regionen.

Sogn og Fjordane Næringsråd er her for å samle, styrke og løfte næringslivet i fylket, slik at vi saman kan bygge ein sterkare framtid.

For å oppnå dette, konsentrerer vi oss om å:

  • Styrke våre naturgitte fordelar: Vi satsar på næringar med eit solid grunnlag for vekst, og utviklar det som gjer regionen vår unik.
  • Skape sterke nettverk: Gjennom møteplassar og samarbeid fremjar vi kunnskapsdeling, innovasjon og samhandling mellom aktørar.
  • Gjere regionen attraktiv: Vi løfter fram Sogn og Fjordane som ein attraktiv stad å bu, arbeide og utvikle seg, både for enkeltpersonar og verksemder.
  • Fremje nyskaping: Vi stimulerer til innovasjon og utvikling som drivkraft for framtida.
  • Knyte utdanning og næringsliv tettare saman: Ved å styrke samspelet mellom næringsliv, utdanning og forsking bidreg vi til at kompetansen i regionen møter behova til ei moderne verd.
  • Påverke og posisjonere: Vi jobbar strategisk for å sikre at regionen vår er synleg og har ei sterk stemme i viktige nasjonale og regionale beslutningsorgan.

Frå venstre Bjørn Lødemel dagleg leiar i SFN,  Helene Maristuen, prodekan Handelshøgskulen HVL og Torbjørn Roloff Heyerdahl, førsteamanuensis ved Handelshøgskulen HVL.

Samarbeid og strategi

Ei av dei største utfordringane for næringslivet i Sogn og Fjordane er tilgangen på tilstrekkeleg og kompetent arbeidskraft. Det er ei utfordring som Sogn og Fjordane Næringsråd tek på største alvor. Derfor samarbeider vi tett med mange dyktige organisasjonar på dette område. I tillegg til det har vi laga ei samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet der vi også har hatt god hjelp av to av deira masterstudentar i strategiarbeid dei siste åra.

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS