Ope møte før Generalforsamlinga – Internasjonalt politisk og økonomisk kaos, kva konsekvensar får dette for næringslivet vårt?
Måndag 12. mai inviterer Sogn og Fjordane Næringsråd til ope møte før Generalforsamlinga; Internasjonalt politisk og økonomisk kaos, kva konsekvensar får dette for næringslivet vårt? Me har fått på plass eit kjempespennande program med mellom anna Erna Solberg, Tom Røseth, Hilmar Mjelde, Elisabeth Holvik, Helene Frihammer på talarlista.
Programmet startar med lunsj på Scandic Sunnfjord Hotel klokka 11.00 før det går slag i slag med spennande sesjonar fram til 17.30. Då tek den ordinære Generalforsamlinga til før me samlast til aperitiff på PEAK og seinare middag på Scandic. Programmet avsluttast tysdag 13. mai med ulike dagsaktuelle innlegg frå næringslivet.
Program: