Sogn og Fjordane Næringsråd støttar ei konsekvensutgreiing av vindkraftprosjektet på Snøheia. Kommunane Høyanger og Sunnfjord skal ta stilling til dette, trass i lokal og regional motstand.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/11/styret3.jpg14062500maritahttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmarita2024-11-28 10:16:432024-11-29 18:39:23Sogn og Fjordane Næringsråd seier ja til konsekvensutgreiing av Snøheia
Lerum Fabrikker AS er ei av dei flotte familieeigde bedriftene i Sogn og Fjordane. For Lerum og andre bedrifter er det viktig å behalde pengane for å gjere nye investeringar og utvikle nye produkt, skriv Bjørn Lødemel.
I heile Sogn og Fjordane er det mange viktige familieeigde bedrifter som har skapt gode arbeidsplassar, næringsutvikling og verdiskaping saman med sine tilsette. Desse bedriftene er ofte ryggrada i næringslivet i bygda eller kommune og mange har halde på i fleire generasjonar.
Folk som bur i desse bygdene eller jobbar i desse bedriftene har sett korleis bedriftene har bygt seg opp og blitt sterkare og gjerne større og fått fleire tilsette. Mykje av overskotet har blitt førd tilbake til bedrifta for vidare vekst og vidareutvikling. Dei lokale eigarane av desse bedriftene deltek ofte aktivt i viktig frivillig arbeid både med personleg innsats og viktig sponsing.
Når vi snakkar om formuesskatt og skatt på arbeidande kapital blir mange norske bedriftseigarar framstilt som «rikingar» og at dei har stor personleg formue. Begge desse påstandane er ofte misvisande. Verdien i maskiner, utstyr og teknologi er formueverdien i desse bedriftene. Det er verdiar som ligg i bedrifta og ikkje pengar i banken. Likevel er det eigarane som må betale skatt av denne formuen, og pengane må takast frå bedrifta uansett om bedrifta går med overskot eller underskot. Utanlandske eigarar og staten slepp unna.
I desse dagar blir skattelistene lagt ut, og mange er nysgjerrige på kva som blir lagt ut og kven som er på desse listene. Det gjeld både for inntekter, skatt og formue. Formuesskatt og skatt på arbeidande kapital er ein eigarskatt som blir lagt på toppen av inntektene for eigarane av norske bedrifter. Dette er ikkje ei «lønsinntekt» sjølv om det kjem som inntekt for eigarane. For å betale denne eigarskatten må ein ta utbytte eller i verste fall selje verdiar i bedrifta. Dette tappar bedrifta for viktige kapital som heller kunne gå til å styrke og vidareutvikle bedrifta. Derfor er dagens utforming av skatt på arbeidande kapital svært skadeleg for norske bedrifter og for norske eigarar.
Dei siste åra har dessverre denne eigarskatten auka svært mykje på grunn av auka skattegrunnlag og redusert rabatt på formueverdien. Det har gått frå 40% rabatt på formueverdien til 25 %. Det har
store konsekvensar. I tillegg har utbytteskatten, som også er ein eigarskatt, auka frå 31.7% til 37,8. Alt dette er endringar få 2021 til 2023 og det betyr at meir pengar går til staten i staden for at dei kan bli verande i bedriftene.
Dei flotte familieeigde bedriftene i Sogn og Fjordane har gjennom generasjonar vist stor vilje til å investere og vidareutvikle sine bedrifter. Dei har vore flinke til å gjere viktige investeringar og sende
overskot tilbake til bedrifta for nye investeringar. Dersom bedriftene ikkje har pengar til å gjere slike investeringar vil dette på sikt kunne føre til at dei blir lagde ned. Folk i Sogn og Fjordane kjenner også desse bedriftene og bedriftseigarane som samfunnsengasjert deltakar i sitt lokalmiljø, og det har også ein stor verdi.
Auka eigarskatt som formuesskatt og skatt på arbeidande kapital er svært øydeleggande for vidare vekst og positiv utvikling i mange norske bedrifter og her trengs det både vilje til endring frå Stortingspolitikarane og frå Regjeringa og auka forståing frå innbyggarane.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2023/12/IMG_9718.jpg11251500mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2023-12-20 14:10:192024-11-25 12:48:49Lokalt eigarskap er lik lokal verdiskaping og viktig samfunnsbygging
I mange år har næringslivet og norske eigarar av bedrifter kjempa i mot formueskatt og skatt på arbeidande kapital. Både utanlandske eigarar og staten slepp unna, skriv Bjørn Lødemel i Sogn og Fjordane Næringsråd i dette innlegget.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2023/11/nomek-stryn-scaled-1.jpg14401920mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2023-11-08 11:29:352024-11-25 12:49:34Formueskatt og skatt på arbeidande kapital er øydeleggande for våre bedrifter. Del 1.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2023/09/IMG_6930-scaled-1.jpg16971920mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2023-08-14 12:00:122024-11-25 12:51:57Samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet Campus Sogndal
Sogn og Fjordane Næringsråd og Næringsalliansen Vestland har vore pådrivarar og aktive deltakakarar i arbeidet både med Vestlandssenarioene i 2020 i arbeidet med Vestlandsporteføljen i 2021. Dette har vore ein viktig del av grunnlaget for den første næringsplanen i Vestland fylkeskommune, og det har vore fylkeskommunen og Innovasjon Norge som har vore oppdragsgjevarar. EY har utført arbeidet og meir enn 260 bedrifter og organisasjonar har delteke i arbeidet i heile Vestland.
Gjennom arbeidet med Grøn region Fjordane og Indre Vestland har vi sett svært mange bedrifter frå Sogn og Fjordane som driv banebrytande arbeid både nasjonalt og internasjonalt. Det er fantastisk kjekt og inspirerande å sjå kor mykje spennande som skjer i næringslivet i Sogn og Fjordane når det gjeld grøn omstilling og berekraftige løysingar og vi anbefaler sterkt å bruke litt tid til å gå gjennom rapportane i Grøn region Vestland. Desse ligg mellom anna på heimesida til Sogn og Fjordane Næringsråd og Vestland fylkeskommune (trykk på bilda for å gå vidare):
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2022/01/Skjermbilde-2022-01-21-kl.-10.48.56.png14021580mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2022-01-21 10:52:092024-11-25 12:52:17Grøn region Vestland
Ferjefri E39 er Vestlandet sitt Inter-City samband og det viktigaste sambindingsprosjektet på Vestlandet. Det er også eit svært viktig nasjonalt prosjekt. Ferjefri E39 vil knyte saman heile Vestlandet på ein rask, effektiv og framtidsretta måte. Visjonen om eit ferjefritt samband på Vestlandet må forsterkast og vidareutviklast i Regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan 2022-2033.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2017/08/sfn-scaled.jpg13581920mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2021-04-12 09:38:592024-11-25 12:52:42Krav om prioritering av ferjefri E39
Korona har gjort at mange bedrifter avlyser årets julebord. No vil BOB, Sogn & Fjordane Næringsråd og Førde industri- og næringssamskipnad (FINS) strekke ut ei hand til ei kriseråka hotell- og restaurantnæring.
– BOB sine tilsette i Førde vil samlast til mini-julebord, og vi håpar fleire bedrifter i Sogn & Fjordane gjer tilsvarande. Med dette kan vi bygge kollegafellesskap og samtidig støtte ei næring som er særleg råka av korona, seier Liv-Judit Straume, regiondirektør i BOB.
I Bergen har bustadbyggelaget BOB i lag med Bergen Næringsråd og NHO Reiseliv allereie fått med seg fleire på ideen. BOB sine til saman 160 tilsette vil få tilskot til å ete på restaurant i mindre grupper på maks ti personar før jul.
Sogn og Fjordane Næringsråd er glade for initiativet
– Det er svært positivt å sjå kva BOB og Bergen Næringsråd har sett i gang i Hordaland. Vi støttar svært gjerne opp eit liknande initiativ i Sogn og Fjordane, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i næringsrådet.
Hotell- og serveringsbedrifter er ofte viktige arbeidsplassar i lokalmiljøet. Næringsrådet oppmodar bedriftene i regionen til å nytte dei til å arrangere møter, konferansar og julebord og andre arrangement framover.
– Det er etablert gode rutiner for smittevern, og vi trur mange har behov for å møtast fysisk etter fleire månader på heimekontor.
Oppmodar medlemsbedrifter til julebord
– Vi i FINS meiner dette er eit glimrande tiltak, og vi oppmodar våre medlemsbedrifter til å arrangere julebord også i desse koronatider, seier Geir Opseth, leiar i FINS
Viktig sesong
Julebordsesongen er svært viktig i hotell- og restaurantbransjen.
– Særleg i år med den situasjonen vår næring har vore i. Vi har svært gode rutiner for å gjennomføre arrangement på ein god og forsvarleg måte, så hos oss kan folk føle seg trygge, seier representant for bransjen, hotelldirektør Sindre Årdal.
– Eit anna alternativ til det tradisjonelle julebordet kan vere å gje gåvekort på middag i ein av restaurantane våre, legg han til og ser optimistisk fram mot årets julebordsesong.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2020/10/Bilde-julebord-2.jpg11382544mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2020-10-02 19:10:572024-11-25 12:52:57Vil hjelpe hotell og restaurantar i regionen: Oppmodar bedrifter til å betale mini-julebord for tilsette.
Sogn og Fjordane Næringsråd har under koronakrisa jobba målretta for å redusere skadeverknadane for næringslivet. Saman med andre har vi vore aktive både i kartlegging av konsekvensar og kontakt inn mot sentrale styresmakter.
Koronakrisa var også hovudsaka på Generalforsamlinga vår 17. juni, der sjefsøkonom i Sparebank1 Elisabeth Holvik frå ekspertutvalet «Norge mot 2025» hadde innleiing.
Krevjande i lang tid framover
Dei negative økonomiske konsekvensane vil følgje oss i mange år. Særleg gjeld dette reiselivet og dei eksport-retta næringane. Den oppblomstringa av smitte som har skjedd etter sommaren syner tydeleg at vi ikkje på nokon måte er over krisa og at det vil bli ein krevjande situasjon i lang tid framover. Sjølv om det er ei positiv utvikling i nokre næringar som til dømes varehandelen er det framleis svært usikkert korleis utviklinga vil bli. Det er framleis stort behov for økonomisk støtte til mange næringar. Sogn og Fjordane Næringsråd peikar difor på nokre viktige tiltak.
Sikre likviditet til lønsame bedrifter.
Oppretthalde og vidareutvikle kompetanse i bedriftene.
Til dømes innan reiselivet.
Nøkkelstillingar i ei bedrift må definerast som faste kostnader.
Rask avklaring på vidareføringa av viktige økonomiske støtteordningar.
Kontinuerleg oppdatering av kunnskapsgrunnlag og tilpassing av støtteordningar.
Skatteregime som sikrar vekstkraft.
Framskunde bygging av viktig infrastruktur. Samferdsle m.m.
Påverkar samfunnsøkonomien
For den totale samfunnsøkonomien er koronakrisa også svært urovekkande. Det har vore heilt nødvendig og avgjerande å bruke mykje «oljepengar» for å kunne sett inn omfattande økonomiske tiltak for å redusere skadeverknadane, men dette kan ikkje halde fram over tid. Både koronakrisa og fallet i oljepris har sett staten sine inntekter under press og det har over lenger tid blitt gjort forsøk på å få inn «nye» skattekroner til staten. Døme på dette er ny kraftskatt og havbruksskatt. Dette har ført til sterk motstand frå desse næringane og forslaga har så blitt avvist av regjeringa.
Gode rammevilkår for næringslivet
Næringslivet skal skape verdiane som skal finansiere framtidig velferd, og då er gode og stabile framtidige rammevilkår for næringslivet heilt avgjerande. Koronakrisa og fallet i oljepris har gjort at det er stort behov for å sjå på staten sine utgifter og inntekter. Det er i denne samanheng viktig for Sogn og Fjordane Næringsråd at vårt næringsliv sitt behov blir vektlagt i dei endringane som vil kome. Det blir også heilt avgjerande å få fram kor viktig næringslivet i distrikta er for den totale verdiskapinga i landet vårt. Sogn og Fjordane Næringsråd sine innspel er mellom anna:
Meir verdiskapingsinsentiv i overføringane frå staten.
Følgje pengestraumane i samfunnet for strengare prioritering.
Synleggjere at den viktigaste verdiskapinga skjer i distrikta.
Avvikle formueskatten og gå over til skattlegging av overskot.
Teste ut ulike skattemodellar og prøve ut i enkelte kommunar.
Betre samarbeid mellom næringslivet og staten når nye skattar/avgifter skal utgreiast.
Sogn og Fjordane Næringsråd skal vere ein aktiv part i utforminga av framtidas skatteregime for næringslivet i Sogn og Fjordane slik vi har vore det både i spørsmålet om ny kraftskatt og havbruksskatt. Vi skal vise kor viktig rolle næringslivet vårt spelar i nasjonal verdiskaping og kor viktig det er at dette næringslivet får gode rammevilkår for vidare vekst og auka verdiskaping.
Denne kronikken var på trykk i Firda 23. september.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2020/09/KRONIKK.png6281200mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2020-09-28 09:35:042024-11-25 12:53:38Koronakrisa skapar utryggheit for næringslivet i Sogn og Fjordane
Felles innspel frå Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet om oppstartløyving for Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett 2020 til medlemmane i Finanskomiteen.
Innspel til Revidert Nasjonalbudsjett 2020. Stad skipstunnel:
Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartmidlar til Stad skipstunnel i Revidert Nasjonalbudsjett for 2020. Koronakrisa har ført til svært negative konsekvensar for næringslivet i heile Vestland og dei langsiktige verknadane for reiselivsbedriftene er svært urovekkande. Bygging av Stad skipstunnel vil vere eit svært viktig tiltak for å redusere verknadane av koronakrisa på lang sikt, og ei oppstartløyving i RNB vil vere eit svært viktig signal både til reiselivet og til anna næringsliv i regionen.
Stortinget har vedteke byggestart for Stad skipstunnel i denne stortingsperioden (2017-2021). Prosjektet er gryteklart, det er grundig utgreia, reguleringsplanen er vedteken, og kvalitetssikringa er gjennomført. Det er sett av 1.5 mrd. kroner til Stad skipstunnel i første planperiode i gjeldande NTP og heile prosjektet er fullfinansiert i gjeldande NTP. I tillegg har Kystverket etter oppdrag frå Samferdsledepartementet fått ned kostnadane med 300 millionar kroner. Det kan også nemnast at både Vestland fylkeskommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har prioritert Stad skipstunnel i deira handsaming av NTP 2022- 2033.
Styringsgruppa for Stad skipstunnel har sendt brev til Statsministeren og fleire statsrådar der dei ber om 60 millionar kroner til oppstartmidlar for Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2021.(sjå vedlegg). I brevet blir det vist til alle dei positive sidene bygginga av Stad skipstunnel vil ha for næringslivet og for samfunnet elles. Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet vil særleg vise til det som står om reiselivet i dette brevet.
Turistattraksjon:
«Planene om verdens første skipstunnel har fått stor internasjonal oppmerksomhet, og vil tiltrekke seg turister fra hele verden. Tunnelplanene har ført til en stor satsing på reiseliv i regionen, noe som vil føre til økt verdiskapning og sysselsetting. Regionen har mange «fyrtårn» og potensial til å tiltrekke seg flere turister. Skipstunnelen vil gjøre regionen mer tilgjengelig for turisme og binde sammen reisemål og attraksjoner. Havila Kystruten, som skal seile fire skip på Kystruta Bergen- Kirkenes fra 2021, vil seile igjennom Stad skipstunnel på grunn av sikkerhet og regularitet, og bruke Stad skipstunnel aktivt i markedsføring i møte med det internasjonale reiselivsmarkedet. Stad skipstunnel vil bety mye for regionen, Vestlandet og Norge som reisemål.»
Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om at Stortinget løyver oppstartmidlar til Stad skipstunnel ved handsaminga av Revidert Nasjonalbudsjett. Det er tidlegare blitt kravd at det blir sett av 60 millionar kroner i statsbudsjettet for 2021 av styringsgruppa for Stad skipstunnel. Vi ber om at dette blir framskunda og at løyvinga kjem i samband med handsaminga av RNB. Denne framskundinga må sjåast i samanheng med den svært alvorlege situasjonen som koronapandemien vil ha for reiselivet i lang tid framover.
https://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2020/05/Havila-scaled-1.jpg9661920mediebruketbothttps://www.sf-n.no/wp-content/uploads/2024/12/sfn-logo-kopi.pngmediebruketbot2020-05-28 13:01:392024-11-25 12:53:56Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og NHO Vestlandet ber om oppstartløyving for Stad Skipstunnel i RNB
Alle oppstarta og planlagte bygg- og vedlikehaldsprosjekt i regi av Vestland blir vidareført. Dette er ein av fleire positive konklusjonar etter eit møte mellom fylkeskommunen og næringsorganisasjonar i Vestland fylke.
Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd representerer meir enn 3000 verksemder og 130.000 arbeidsplassar i Vestland fylke. Den dramatiske situasjonen, særleg for små og mellomstore verksemder, var eit sentralt tema då organisasjonane i går møtte representantar for Vestland fylkeskommune.
– Det er som å bli treft av to tsunamiar på éin gong. Korona-epidemien set næringslivet på store prøver, og den rekordlåge oljeprisen forsterkar det dystre biletet for heile leverandørindustrien, seier Marit Warncke på vegne av Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland.
Næringsorganisasjonane ventar at den neste tiltakspakken frå regjeringa vert retta mot små og mellomstore verksemder med låge marginar og liten likviditet.
– Men lokale og regionale styresmakter må óg medverke til at skadeverknadane vert avgrensa. Fylkeskommunen har ei viktig rolle som oppdragsgivar på bygg- og vedlikehaldsprosjekt. Vi er veldig glade for at Vestland fylke vidarefører desse, slik at arbeidsplassar kan vernast om.
I møtet vart ei rekkje konkrete framlegg drøfta, mellom annet desse:
Alle oppstarta og planlagte byggeprosjekt i regi av Vestland må vidareførast.
Kommunikasjonstilbodet må ikkje reduserast meir enn i dag. Det er heilt avgjerande at ferjer og annan kollektivtrafikk effektivt sikrar arbeidsreiser og vareflyt.
Kommunale og fylkeskommunale restriksjonar på arbeids- og næringsreiser må opphevast. Ordningar for utsetjing av kommunale avgifter og skatt må koordinerast i heile fylket.
Fylkesvaraordførar Natalia Golis og leiaren i hovudutval for næring, naturressursar og innovasjon, Tor André Ljosland, fekk óg høyre kor viktig Vestland si rolle er som koordinator av kommunane og som formidlar av næringslivet sine interesser i møte med sentrale styresmakter.
– Dialogen med næringslivet er av stor verdi for oss. Vi klarar ikkje å treffe tiltak til rett tid utan god og open dialog med næringslivet, seier Natalia Golis.
– Vi i Vestland fylke skal aktivt medverke til å minimere skadeverknadane, både på kort og lang sikt. Vi skal sikre at det blir skapt nye arbeidsplassar gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap, lovar fylkesvaraordføraren.
– Sogn og Fjordane Næringsråd, Bergen Næringsråd og Næringsalliansen i Hordaland representerer det breie spekteret av næringslivet i Vestland. Difor er det positivt at vi kan ha møte med Vestland fylkeskommune. Det vert óg viktig å halde ein kontinuerleg dialog framover, seier Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.
Alle som deltok i møtet er samde om at det er heilt avgjerande for liv og helse og for næringslivet at smittesituasjonen kjem under kontroll. Dette er det aller viktigaste tiltaket akkurat no, og det vil medverke til at næringslivet i heile Noreg kjem på fote igjen.
Vi gir gjerne fleire kommentarar:
Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd 907 65 300
Bjørn Lødemel, dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd 917 77 488