Bedriftsbesøk i VIk

Sogn og Fjordane Næringsråd har vidareført prosjektet som starta opp på slutten av fjoråret, og vil ha med seg Erlend Fardal Lunde frå Favna Sogn som ressurs i første omgang til mai 2025. Eit av områda i prosjektet er å gjennomføra bedriftsbesøk til eksisterande og potensielle nye medlemmar.

Torsdag 20. og fredag 21. februar var dagleg leiar Bjørn Lødemel og Erlend Fardal Lunde i Vik for å treffa mang sentrale verksemder. Det vart òg tid til eit møte med ordførar Roy Egil Stadheim som ramma inn den overordna situasjonen i Vik på ein framifrå måte.

Highsoft og Linn Bad

Gjennom besøket var me innom ei rekke verksemder, der i blant medlemane våre Highsoft og Linn Bad. Me fekk god innsikt i kva utfordringsbilete dei står i, framtidsvisjonar og kva dei tenkjer om 2025.

Besøket på Linn Bad involverte ein rundtur i fabrikken og me var innom vitkig tematikk som formuesskatten si utfordring for langsiktig lokalt eigarskap. Sogn og Fjordane Næringsråd reknar med formuesskatten blir ei viktig næringspolitisk sak i valkampen før Stortingsvalet til hausten.

Hjørnesteinsbedrift råka av indirekte handel med Russland

På turen var me også innom Vik Ørsta som er i ein særskilt krevjande situasjon med fleire tilsette permitterte. Industriverksemda er råka av at den norske stat kjøper stålprodukt frå Kina og Tyrkia som burde vore sanksjoner. Kina importerer russisk stål for vidaresal og gjennom eit virvar av subsidiar og prismanipilasjon prisar dei seg så rimeleg at det har ført til permitteringar hjå hjørnesteinsverksemda i Vik.

Sogn og Fjordane Næringsråd meinar det er uakseptabelt at norske myndigheiter handlar med partar som ikkje overheld sanksjonane mot Russland, og me vil naturleg nok følgje opp denne saka vidare gjennom våre kanalar.

Hotell med heilårsdrift

Jorunn Åsfrid Røyrvik er tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane Næringsråd. Ho driv i dag heilårshotellet Blix Hotell som gjennom vinteren har 6 årsverk, open restaurant og eit hotell med 27 rom. Ein viktig institusjon i Vikjasamfunnet som bidreg til liv og lys gjennom ei viktig reiselivssatsing.

Vik Næringssamskipnad

Fardal Lunde var involvert i eit prosjekt før han vart invovlert i Sogn og Fjordane Næringsråd som gjekk på å samla alle samskipnadar i Sogn til ei felles organisering. For oss er det naturleg å sjå dette i samanheng og me er difor godt i gong med å rekruttere alle samskipnadane inn som enkeltståande medlemmar.

Det var difor naturleg å ta eit møte med Ragnhild Fjærestad og Gro Fjærestad frå styret i Vik Næringssamskipnad, slik at dei fekk naudsynt informasjon for å ta denne saka opp på årsmøtet.

Ragnhild er også dagleg leiar i Sogneprodukt, og det var kjekt å sjå gleda arbeidstakarar i tiltak hadde av å ha ein jobb å gå til. Dei gjer ein viktig jobb og bidreg til eit mangfaldig arbeidsliv.

Fresvik Produkt

Dagen vart avslutta i Fresvik hjå unike Fresvik Produkt. Industriverksemda som produserer isolasjonspanele til kjøle- og fryserom på skreddarsøm er einaste norskproduserande bedrift. 40 tilsette i ei bygd med rundt 200 innbyggjarar.

Dagleg leiar Gyda Bøtun hadde lagt opp til ein god presentasjon og ein fin runde rundt i fabrikken. Sogn og Fjordane Næringsråd er imponert over kva dei har fått til får til på ein liten plass med utfordrande vegtilkomst og salg av eit nisjeprodukt sidan 1980.

Besøket i Vik var nyttig for oss og me tek med oss fleire viktige næringspolitiske saker i det vidare arbeidet. Det er planlagt fleire besøksrundar dei komande månadane, og vil du ha besøk hjå oss kan du ta kontakt med Erlend på erlend@fardallunde.no

Bedriftsbesøk i Vik

Gro Mykkeltvedt og Bjørn Lødemel

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS