Oppføringer av mediebruketbot

På plass i PEAK Sunnfjord

Sogn og Fjordane Næringsråd er på plass i PEAK Sunnfjord. 1. mars flytte Sogn og Fjordane Næringsråd inn i PEAK Sunnfjord. Adressa er Hafstadvegen 25, 6800 Førde. Her er vi del av eit nytt og dynamisk kontorfellesskap for gründarar, oppstartselskap, etablerte teknologibedrifter og verkemiddelapparat. Vi deler kontor med Framtidsfylket, slik vi har gjort tidlegare i […]

Julehelsing frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Året er snart omme og jula nærmar seg med stormskritt. I ei knapp månad har eg vore dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, og eg er mektig imponert over alt som skjer her i fylket. Eit næringsrikt 2019 Vekene har gått med til møte med bedrifter og næringsorganisasjonar for å knyte kontakt, og for […]

Tek fatt på jobben

Måndag 1. desember var Bjørn Lødemel på plass som dagleg leiar for Sogn og Fjordane Næringsråd. – Det er utruleg kjekt å endeleg komme i gong. Eg er svært glad for at eg får arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling, seier han. Nettverksbygging i fokus Det vil vere ei prioritert […]

Ny dagleg leiar på plass

Bjørn Lødemel er tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.  – Eg er svært glad for at eg får høve til å arbeide for næringslivet i Sogn og Fjordane i ei så spennande stilling. Lødemel har vore sjølvstendig næringsdrivande og har lang fartstid i politikken. Mellom anna som fylkesleiar i Sogn og Fjordane […]

Solid søkarliste

Styret jobbar no med å få på plass ein ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd, men det vil truleg ikkje bli nokon nye i sjefsstolen før etter nyttår. Søknadsfristen på stillinga som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd gjekk i midten av september, og styret er godt fornøgd med søkarlista. — Kandidatane som […]

Vi søkjer ny dagleg leiar

Sogn og Fjordane Næringsråd søkjer ein initiativrik, handlekraftig og samarbeidsorientert dagleg leiar. Sogn og Fjordane Næringsråd er ei nyoppretta næringsforeining i 2017 som skal fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mulig verdiskaping. Foreininga er ein medlemsorganisasjon av bedrifter i Sogn og Fjordane, frå ulike bransjar og ulike […]

Sogn og Fjordane Næringsråd ser etter ny dagleg leiar

Leon Bakkebø har vore dagleg leiar i næringsrådet sidan april 2017. Etter litt over eit år i rolla takkar han no for seg. – Bakgrunnen for at eg avsluttar arbeidsforholdet er at familien på forsommaren bestemte oss for å flytte til Oslo. Då vart det naturleg å søkje etter nye jobbutfordringar der, seier Bakkebø. Finansieringsdirektør […]

God sommar frå Sogn og Fjordane Næringsråd

Sommaren står framfor oss og vêrprognosane ser lovande ut. Det er bra for mange. Det betyr at nokre bedrifter tar ein velfortent pust i bakken, medan andre går inn i sin absolutte høgsesong. Vi har liv og aktivitet i fylket gjennom heile året. Reiselivsnæringa står sterkt i fylket vårt og den har evna å omstille […]

© Kopirett - Sogn og Fjordane Næringsråd 2024 | Webdesign av Frequency AS