Generalforsamlinga som var planlagt 21. april blir utsett til 28. mai.
Styre har vedteke å utsette Generalforsamlinga til 28. mai i håp om at vi kan ha ei tilnærma «normal» Generalforsamling. Dersom det går vil vi ha GF på Thon Hotell Jølster på Skei frå kl 12:00 til 16:00 med den formelle GF frå kl. 15:00-16:00. Det blir jobba med eit enkelt program frå kl 12:00-15:00.
Styre vil ta endeleg stilling til kva form vi skal ha GF om lag 1. mai og vi vil kome tilbake til dette så snart vi har teke ei avgjerd. Sakene blir sendt ut 10. mai og vi vil minne om at dersom det er saker som medlemane ønskjer blir handsama må dei vere sendt inn seinast 28. april.