PRESSEMELDING frå Sogn og Fjordane Næringsråd.

Svært dramatiske svar frå næringslivet i spørjeundersøkinga som Bergen Næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland og Sogn og Fjordane Næringsråd har sendt ut til bedriftene i Vestland fylke. Det er om lag 450 bedrifter som har svara på undersøkinga , og av desse er om lag 50 frå Sogn og Fjordane. Kvar 3 bedrift fryktar konkurs om situasjonen varer lenge.

Dei siste dagane har vore ei kraftig og skremmande blanding av sjokk, vantru, håp og tvil. I første omgang har det vore dei helsemessige konsekvensane av koronaviruset som har vore i fokus, men det tok ikkje lenge før dei dramatiske konsekvensane for næringslivet har velta innover oss. For bedriftseigarane, leiinga ved bedriftene og tilsette har alt blitt snudd opp ned. Det er ikkje meir enn ein månads tid sidan vi kunne presentere ei tilsvarande undersøking med stor optimisme og framtidstru.

No er det konsekvensane som følgje av koronaepidemien med inntektssvikt og permitteringar ein har fokus på. 76 % av bedriftene opplever reduserte inntekter og 9 av 10 bedrifter melder om kritiske konsekvensar allereie no eller dersom situasjonen varer over tid. 8 av 10 har gjennomført eller kjem til å gjennomføre permitteringar og kvar 5 svarar at dei står i fare for å gå konkurs om situasjonen held fram i lenger tid.

Sogn og Fjordane Næringsråd har brukt det kontaktnettet ein har for å bringe vidare dei enorme konsekvensane koronaepidemien har for næringslivet og våre medlemar i Sogn og Fjordane. Det skal vi også gjere med full styrke også framover. Denne og komande spørjeundersøkingar saman Bergen Næringsråd og Næringsalliansen vil vere med på få god oversikt over dei utfordringane vårt næringsliv og våre medlemar står overfor.

Opp i det heile er det svært gledeleg å sjå at Storting og regjering jobbar på spreng for å redusere både dei kortsiktige og langsiktige konsekvensane for næringslivet og det kjem nye og forbetra ordningar nesten frå dag til dag. Det er det er heilt nødvendig for i denne situasjonen treng vi ein aktiv stat. Det er også gledeleg å sjå at absolutt alle ønskjer å delta i den dugnaden som vil må til. Det er eit felles ansvar om vi skal kome gjennom dette både med minst mogeleg skade på liv og helse og at vi har eit næringsliv som overlever gjennom den vanskelegaste perioden landet vårt har stått overfor i fredstid.

Hornindal 19. mars 2020

Bjørn Lødemel
Dagleg leiar, Sogn og Fjordane Næringsråd

VEDLAGT UNDER: Undersøking av konsekvensane av koronavirus i næringslivet