Statsminister Erna Solberg kjem til Hoven i Loen

25. april arrangerer Sogn og Fjordane Næringsråd generalforsamling i Loen. Statsministeren har takka ja til å delta på den opne delen, og vi håpar mange bedrifter og næringsdrivande vil vere med på ei innhaldsrik samling.

Tema for dagen er «Verdiskapingsfylket Sogn og Fjordane», og programmet byr på gode innleiarar og viktige diskusjonar for næringslivet i fylket. Vi tar for oss tema som næringspolitikk, skattlegging av naturressursar, reiseliv, opplæring, rekruttering og meir. Endeleg program vil bli publisert om kort tid.

Innlegg

  • Statsminister Erna Solberg
  • Jan Erik Kjerpeset, Sparebanken Vest
  • Trond Teigene, Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Eigne innleiarar for dei ulike tema

Utvikling og utfordringar

Sogn og Fjordane har eit spennande og innovativt næringsliv, og dei naturbaserte næringane står sterkt. Utviklinga er svært positiv for store deler av næringslivet, men det er også utfordringar. Rekruttering av både fagarbeidarar og høgare utdanna kan bli krevjande framover. Det er også på gang endringar i skattesystemet for fleire av dei naturbaserte næringane, og dette kan få konsekvensar for lønsemd og framtidig, lokal verdiskaping. Samlinga blir lagt til Hoven i Loen, og då er det naturleg at reiseliv blir eit viktig  tema på den opne delen av generalforsamlinga.

Formell generalforsamling for medlemane

Det blir også ei formell generalforsamling for medlemane i Sogn og Fjordane Næringsråd. Den blir truleg også på Hoven, men vi er opne for å ha den på Hotel Alexandra dersom mange ønskjer det.

Fullstendig program og info om påmelding kjem om kort tid.